Fylkestinget april 2023
FYLKESTINGET: Eit samrøystes fylkesting vil ha ei generalforsamling snarast råd for Fylkeshuset As. Skjermfoto: Mrfylke
Nytt

Vil ha ekstraordinær generalforsamling snarast råd

Fylkestinget samla seg i saka om omstridd aksjekjøp av fylkeskommunalt selskap.

Marius Rosbach
24.04.2023

Fylkestinget i Møre og Romsdal blei samde om eit felles forslag i den sokalla R8Me-saka.

Her ber politikarane fylkesordføraren snarast om kalle inn til ekstraordinær generalforsamling i det fylkeskommunale selskapet Fylkeshuset As, og eigarmøte same dag.

Målet med ei slik generalforsamling er å få på plass eit nytt styre.

Sjå sending frå fylkestinget her (granskingsrapporten blir diskutert frå klokka 15)

Marit Nerås Krogsæter (Sp) la fram forslaget på vegner at alle partia som blei samrøystes vedteke.

I tillegg ber fylkestinget om ei oversikt over alle styreverv og eigarposisjonar fylkeskommunen har, som kan nyttast som sjekkliste gjennom året. Politikarane vil også ha på plass eit eigarskapsutval, og at nye politikarar blir kursa i eigarskap.

- Vi kan ikkje ha butikk i butikken
Fylkespolitikarane skulle ta stilling til ein kritisk granskingsrapport frå Deloitte.

Frå talarstolen meinte fleire at politikarane måtte ta sin del av skulda for at saka kunne oppstå – og at dei ikkje har vore merksame nok når det kjem til korleis fylkeskommunen utøver sitt eigarskap.

Frank Sve (Frp) meinte at det ikkje var grunn til å skjele til manglande regelverk, og at saka i første rekke dreia seg om total mangel på rolleforståing hos dei involverte i Fylkeshuset As.

- Vi kan ikkje ha butikk i butikken og ha organ som vi i fylkestinget ikkje veit noko om, og iallfall ikkje når millionane flagrar. Tilliten til fylkeskommunen er sterkt svekka, avslutta Frp-politikaren.

På førehand hadde politikarane mellom anna fått brev frå leiartrioen i Fylkeshuset As, som stod for det omstridde aksjekjøpet. Her tek dei til motmæle mot skuldingane i rapporten.

Meir om R8Me-saka:

Publisert: 24.04.2023 17:46

Sist oppdatert: 24.04.2023 18:51

Mer om