Vil teste havvind på Mørekysten
Kan føre til stor industriutvikling i heile fylket, meiner fylkeskommunedirektøren.
Drygt lag fire mil utanfor kysten av Bud i Hustadvika vil selskapet Wind Catching Systems etablere eit testanlegg for produksjon av havvind.
Fylkespolitikarane i kompetanse og næringsutvalet får ei orientering om saka i sitt møte onsdag denne veka.
– Dette testprosjektet kan føre til stor industriutvikling i heile fylket, heiter det i saksutgreiinga.
Samtidig blir det påpeika at det trengst langt betre kunnskap for å ta vare på naturverdiar og sikre ressursgrunnlaget i havet, før eit slikt anlegg kan bli realisert.
Treng mindre areal
Vindkraftløysinga til Wind Catching Systems skil seg frå tradisjonelle vindturbinar ved at dei består av ein rekke mindre rotorar som skal «fange» vinden montert i ein horisontal vegg.
Metoden reduserer arealbehovet til kring 20 prosent av andre type havvindparkar. Dimensjonane er likevel store og kvar installasjon skal vere kring 300 meter høge.
Initiativtakarane bak Wind Catching Systems er norske Ferd og North Energy, som i fjor fekk bilgiganten General Motors med på eigarsida. Utviklingsselskapet Ny Energi er også med på samarbeidet.
Tidlegast produksjon i 2028
Det er langt likevel fram til ei eventuell realisering av testanlegget og politikarane skal ikkje gjere vedtak i saka i denne omgang.
Om alt går som selskapet håpar, kan dei gjennomføre ein fullskala demonstrasjon av anlegget i perioden 2028 til 2031.
Selskapet har no søkt departementet om løyve. Det medfører krav om konsekvensutgreiing, og søkjar har til hensikt å gjennomføre konsekvensutgreiingar så snart søknaden om unntak er godkjent og konsekvensutgreiingsprogrammet er gjennomført, heiter det i saksutgreiinga til politikarane.
Ilandføring ved Hustadvika
Wind Catching Systems vil etablere tre einingar – eller vindsegl - i første fase, og to einingar til i fase nummer to. Kvar eining skal ha ein produksjonskapasitet på 126 MW fordelt på 126 turbinar.
Straumen skal førast i land ved Hustadvika-Fræna ved hjelp av ein kabel på drygt 70 kilometer. Området er blitt peika på som ei gunstig plassering av NVE.
I saksutgreiinga heiter det at området kring gassanlegget på Nyhamna er «samla sett ei stor energiklynge som kan føre til betre kraftbalanse og høgare eksport av energi».
Møre og Romsdal har som kjent eit stort kraftunderskott, samtidig som det eksisterer store planar om auka forbruk. I 2022 var kraftbruken i fylket på knappe 13 TWh og produksjonen kring 7,7 TWh.
Publisert: 29.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 29.01.2024 08:43