Jonas Gahr Store innfelt lars oscar ovstegard foto Marius
VIL FJERNE FORMUESSKATTEN: Ørstingen Lars Oscar Øvstegård (innfelt) planlegg å gå til søksmål for å fjerne formueskatt på arbeidande kapital. I dette innlegget svarar han statsminister Jonas Gahr Støre som har kommentert debatten om den omstridde skatten. Foto: Marius Rosbach
Synspunkt

Dette er ingen milliardærdebatt Jonas

Det blir ikkje mykje pengar til omfordeling ved å kvele næringslivet, skriv Lars Oscar Øvstegård i dette innlegget.

Er du ein statsminister som ikkje verdsett rettferdigheit, likskap, respekt og friheit for norskeigd næringsliv?

Eg ser at du uttaler «Den historien kjøper jeg ikke». Her kjem litt viktig kunnskap til Jonas, Vedum, Myrseth, Bergstø, Vestre, Tuva, Peggy, NRK Debatten.

Med kunnskap skal landet byggast, heiter det.

Forskjellsbehandling og beslaglegging av den kapitalen som bedrifter trenger for å skape verdiar, er ingen god butikk for AS Norge! Det er ikkje skatt som skaper velstand i eit samfunn, men inntektene som genererer skatten.

Så kvar er fornufta når ein har eit regelverk og politikarar som regelrett angrip den kapitalen som er grunnlaget for å skape framtidige skatteinntekter og velferd? Det blir som å krevje inn settepotetene frå bøndene. Det blir ikkje mykje pengar til omfordeling ved å kvele næringslivet. Norsk eigarskap og skaparglede er ei sikker oppskrift på å fylle opp statskassa med skatteinntekter. 

Dette har dei forstått i alle andre land rundt om i verda. Kan det rett og slett hende at resten av verda har rett på dette punktet når det gjeld skattlegging av næringslivet? Kan det rett og slett hende at å fjerne denne skatten gir auka inntekter for AS Noreg?

No håper eg det politiske Noreg vaknar opp før det er for seint. Norsk eigarskap er allereie i mindretal samanlikna med utanlandsk og statleg eigarskap. Dette er svært alvorleg. Det forstår alle.

Eg har ikkje Finansdepartementet tilgjengeleg for å rekne ut dette. Men eg er sikker på at dei pengane som bedriftene får behalde, det er pengar som vil bli brukt i lokalsamfunnet og dermed bli gjenstand for meir skattar og avgifter inn til staten. Og denne aktiviteten skaper ny aktivitet. Aktivitet avlar aktivitet. Dette er ein sjølvforsterkande effekt.

Etter mitt syn er det statleg konfiskasjon når eit firma går i minus og eigarane får krav om formuesskatten. Og ja, kvifor skal ein betale skatt på pengar ein enno ikkje har tent? 

Kvifor skal vi ha skattereglar som behandlar like tilfelle ulikt?

To like bedrifter i same by med same inntekter og kostnader, men heilt ulik skatt. Og den bedrifta som slepp billigast unna, er bedrifta med utanlandske eigarar.

Dette er ei meiningslaus diskriminering som er uråd å forsvare.

Og når vart det ei statleg oppgåve å fylle opp lommene til utanlandsk storkapital?

Vi lever i bakvendtland i skattesamanheng.

Vanlegvis skattlegg Staten det ein vil ha mindre av, meir slik som tobakk, alkohol.

Når regjeringa legg på ein ekstra skatt på norskeigd næringsliv (medan utanlandskeigd næringsliv og statseigd næringsliv slepp skatten ), ja då betyr det at Staten vil ha mindre av norskeigd næringsliv.

Dette er ein urett som det ikkje er råd å forsvare for nokon. Og denne uretten setter framtidig velferd i fare.

Tenk å vere utanlandsk eigar i Noreg og ha så store fordelar og kunne sleppe alle problema som denne skatten skaper for den norske eigaren. Ingen ville vel akseptert at det norske landslaget skulle starte alle kampar med eitt mål bak? Det må då vere like spelereglar! 

Får vi fjerna formuesskatten vil talet på bedrifter som blir selt utlandet garantert bli redusert. Utflytta bedriftseigarar vil flytte tilbake til Noreg, og igjen skape og investere i Noreg.

SMB Bedriftene som utgjer 98% av det norskeigd næringslivet - og som no blir kvelt, kan få starte og puste igjen.

Avslutningsvis vil eg seie at for meg er det uforståeleg at politikarane som no styrer landet ikkje ser kor øydeleggande formuesskatt på arbeidande kapital er. Og ein må late att både auge og øyre viss ein vil unngå å høyre ropet frå eit samle norsk næringsliv akkurat no. Det vi ber om er like konkurranseforhold og at rammevilkåra for næringslivet skal være føreseielege. Og det er ikkje mykje forlangt.

Dette er grunnen til at eg ønsker og ta kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital til rettssystemet. Ein slik urett må få konsekvensar. Det er på tide å forsvare dei som tør å skape, og sette eit tydeleg punktum for statleg konfiskasjon og diskriminering. Nok er nok!

Tenk om det er vi i fellesskap som vil vere årsaka til at vi får kjent formuesskatt på arbeidande kapital ulovleg. Då snakkar vi verkeleg om å sette spor etter oss.

Eg avsluttar med Per Sævik sin kloke ord frå folkemøtet i Fosnavåg: Slik skal vi ikkje ha det i Norge. 

av Lars Oscar Øvstegård

Publisert: 24.11.2024 18:41

Sist oppdatert: 24.11.2024 18:45

Mer om