Vi står saman om næringsutvikling på Vestlandet
– I vår nye næringsstrategi byggjer vi spesielt på fortrinna våre, skriv representantar for styringsgruppa i Vestlandsrådet i dette innlegget.
Næringslivet på Vestlandet står sterkt i møte med framtida. Med ein ny, felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka ønskjer Vestlandsrådet å skape eit enda sterkare fundament for samarbeid, vekst og berekraftig utvikling i regionen.
Vestlandsrådet er etablert nettopp for å styrke Vestlandet som landsdel, både nasjonalt og internasjonalt, og skal utgjere ei politisk kraft som er sterkare enn den enkelte fylkeskommune åleine.
I vår nye næringsstrategi byggjer vi spesielt på fortrinna våre. Den tydelegaste styrken vår ligg i kreftene, ressursane og opplevingane som naturen på Vestlandet gjev oss – både til havs, i fjordane, fjella og i landskapet vårt.
Gjennom alle tider har havet spelt ei viktig rolle for Vestlandet, for ferdsel, transport, fiskeri og dei seinaste tiåra i form av olje- og gasseventyret som har bygd mykje av velferda i Noreg. Havet kjem til å vere minst like viktig for næringsutviklinga i tiåra framover, og spelar difor ei heilt sentral rolle i vår nye næringsstrategi.
På same måte som vi bygde olje- og offshorenæringa på skuldrane til shipping, må vi framover byggje nye næringar på skuldrane til olje- og offshorenæringa. Mykje av den leiande kunnskapen og teknologien opparbeida i den næringa kan bli overført og brukt innan andre, veksande havnæringar. Men vi må óg bli flinkare på å eksportere kunnskap og teknologi. Der vi tradisjonelt har vore veldig sterke på råvareeksport, skal vi bli minst like flinke på teknologieksport.
Men det er ikkje berre i havrommet naturen på Vestlandet gjev oss store moglegheiter. Fjordane, fjella og landskapet legg til rette for næringsutvikling innan ei rekkje område. Vi har dei beste føresetnadane for å vere ein leiande, internasjonal reiselivsregion – i ein marknad som igjen vil vekse når dei verste innstrammingane som følgje av pandemien avtek.
Landsbruks- og matnæringa har ei undervurdert rolle for både besøks- og boattraktiviteten.
I tillegg har vi store energiressursar, som i seg sjølv er ei viktig framtidsnæring, men som óg er avgjerande om vi skal lukkast med å ta posisjonar innan nye kraftintensive industriar, som til dømes datalagring, batteriproduksjon og hydrogenproduksjon. Energiproduksjonen er ikkje minst avgjerande for å sikre god utvikling av den viktige prosessindustrien som vi finn fleire stadar på Vestlandet.
Sjølv om vi vel ut nokre næringar som vi meinar byggjer på spesielle fortrinn på Vestlandet, betyr ikkje det at vi nedvurderar viktigheita av andre næringar. Lukkast vi med å skape vekst på våre fortrinn, vil det tene heile næringslivet. I tillegg er strategien tydeleg på at vi skal styrke grunnmuren for all næringsutvikling, gjennom å jobbe målretta med å fremje næringsfremjande tiltak på tvers av næringar samt at vi skal byggje ein sterkare samarbeidskultur. Næringsutvikling er mellom anna avhengig av ein sterk infrastruktur og kortare reisetider, eit straumnett med god kapasitet, desentraliserte utdanningstilbod tett på næringslivet og tilgang på kapital og tilstrekkeleg investeringsvilje.
Det er eit tydeleg og uttalt ønskje frå næringslivet at den statlege styringa og forvaltninga må sitje tettare på dei naturressursane og dei næringsmiljøa dei skal fremje. Det er viktig for å forstå behova til næringslivet, samt for kunne å tilpasse rammevilkår, verkemiddel og utdanningstilbod til desse behova. Vi skal difor jobbe for å få fleire offentlege arbeidsplassar til Vestlandet, samstundes som vi sikrar at Vestlandet oppnår ein rettmessig representasjon i dei utval og beslutningsorgan som legg føringane for næringsutviklinga i vår landsdel.
I strategiarbeidet har vi involvert eit stort tal representantar frå ulike næringar, frå akademia og FOU-miljø, i tillegg til fylkespolitikarar og dei fylkeskommunale næringsavdelingane. Nøkkelen til å lukkast med strategien er å styrkje dette samspelet óg på vegen vidare – at vi held fram med å drøfte og fremje felles interesser og at vi evnar å skape ei felles, sterk røyst på vegne av næringslivet på Vestlandet. I Vestlandsrådet kjem vi til å jobbe målretta med å etablere dette samspelet den komande tida.
På vegne av styringsgruppa
Per Vidar Kjølmoen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sigrid Brattabø Handegard, Vestland fylkeskommune
Solveig Ege Tengesdal, Rogaland fylkeskommune
Publisert: 30.06.2021 07:00
Sist oppdatert: 26.07.2021 13:31