Torbgjørn Røe Isaksen Inge Jonny Hide Myklebust verft foto marius 11
MYKLEBUST VERFT: Før helga besøke statsråd Torbjørn Røe Isaksen Myklebust Verft, der verftssjef Inge-Jonny Hide etterlyste at næringsdepartementet skal finne ut korleis Storinget vedtak frå desember i fjor, om betre finansieringsordningar for verfta, skal utformast. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Analyse: Ein kostbar affære

Alle peiker på verfta som navet i den maritime klynga, men krisehjelpa sit langt inne. Det har sin pris.

Marius Rosbach
15.08.2021

ANALYSE:

Det seiast at kvar verftsarbeidar i jobb genererer meir enn fem arbeidsplassar i andre bedrifter. Leiarar i maritime bedrifter på Nordvestlandet er flinke til å påpeike dette til politikara som kjem på besøk, når dei skal forklare kvifor det er viktig å støtte oppunder verftsindustrien.

5,4 er det nøyaktige talet og skriv seg frå ein rapport Møreforsking publiserte i 2011 etter å ha undersøkt verksemda til dåverande STX OSV. Ringverknadene var høgast i bedriftene frå leverandørkjeda med 3,3 årsverk per verftstilsett. Også effektane frå investeringar, skatt og konsum – ved at verftsarbeidarane kjøper varer og tenester i lokalsamfunnet – utgjorde ein stor del med 2,1 årsverk per verftstilsett.

Sjølv om det er eit tiår sidan forskinga blei gjort, er det god grunn til å tru at ringverknadene frå verfta framleis er betydelege. I ein rapport frå Menon Economics i fjor, svarte tre av fire utstyrsleverandørar at det var «viktig», eller «svært viktig» for deira bedrift med norske verft.

Ifølgje ein anna Menon-rapport som kom denne veka er verdiskapinga per sysselsett i den maritime næringa, kring 70 prosent høgare enn i næringslivet elles (utan oljeoperatørane).

Den viser også at næringa bidrog med ei verdiskaping på 156 milliardar i 2019. Om ein held oljenæringa utanom, utgjer det sju prosent av heile verdiskapinga i privat næringsliv. Rapporten dokumenterte vidare korleis den maritime næringa er overrepresentert i mindre sentrale strøk langs kysten – og difor er eit spesielt viktig grunnlag for busettinga her.

I dei politiske visjonane til regjeringa – og fleire av dei andre politiske partia – blir den maritime næringa trekt fram som ein av dei viktigaste i framtida. Havnæringar har vorte eit politisk hei-ord og seinast i sommar kom rapporten «Blått hav, grønn fremtid». Ifølgje regjeringa sine eigne ord viser rapporten «den imponerende utviklingen vi har sett i havnæringene og det enorme potensialet havet representerer, så lenge vi driver på bærekraftig vis».

Samtidig har dei norske verfta dei tynnaste ordrebøkene på fleire tiår. Dei store nybyggingsverfta slit spesielt tungt. Ønska frå den maritime bransjen har i stor grad dreia seg om krisehjelp som kan skape ny aktivitet hos desse verfta.

Bransjeorganisasjonar har påpeika at kunnskapen som finst i desse bedriftene er spesielt viktig å ta vare på, for at det skal være folk med kunnskap til å gjennomføre det grøne skiftet - som eit tilnærma samla politisk miljø ønsker.

Likevel har vilja vore liten hos regjering og stortingsfleirtalet, til å løyve dei summane bransjen meiner trengst i møte med koronautfordringane. Grovt sagt, kan ei seie at bransjen har bede om milliardar, men har fått nokre hundre millionar – eller ein tidel. Til samanlikning løyvde regjeringa i januar fire milliardar ekstra til flyindustrien, som gjorde at statsbudsjettet blir belasta med minst i sju milliardar i krisehjelp til flybransjen i år.

Nettopp verfta har også dårlegare finansieringsordningar, enn dei andre i den maritime verdikjeda. Reiarlag og bankar har betre vilkår, enn verfta i møte med statlege støtteordningar.

NETT NO har tidlegare omtala korleis verfta har ønska at staten skulle avlaste risikoen deira, for å bidra til at fleire reiarar ville bygge skip ved norske verft. Ei slik krisehjelp inneberer ikkje direkte pengestøtte, eller utgifter for staten - så lenge byggeprosjekta ikkje endar med økonomisk havari.

Stortinget vedtok ei slik endring før jul i fjor, steig naturleg nok forventingane ved bedrifter som Myklebust Verft i Sande. Denne veka etterlyste verftssjef Inge-Jonny Hide ovanfor arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen, at vedtaket skulle bli sett ut i live. Svaret han fekk var at departementet bør vere tilgitt og viste til utfordringane med koronapandemien.

Førebels har saksbehandlingstida i departementet kosta minst eit oppdrag i 500-600-millionarklassen for Myklebust-verftet, og truleg ein rekke fleire nybyggingsprosjekt. Om ein legg saman ringverknadene frå verftsarbeidarane og dei politiske ambisjonane - er det vanskeleg å sjå gode grunnar til at det skal ta mykje lengre tid å få ordninga på plass.

Publisert: 15.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 20.08.2021 09:30

Mer om