ANALYSE:
Forklaringa på kvifor kommunar og fylkeskommunar i år får rekordstore utbetalingar frå Havbruksfondet har fått ei viss merksemd i oppdrettsbransjen etter at oversikta over utbetalinga vart sendt ut denne veka.
– Verdier fra våre felles naturressurser skal komme fellesskapet til gode. Årets utbetalinger gjennom Havbruksfondet er den største siden ordningen ble startet, og den skyldes både høye auksjonspriser for oppdrett og regjeringens grunnrenteskatt på havbruk, sa statsminister Jonas Gahr Støre til Stavanger Aftenblad.
«Senterpartiet kjem med gladnyheit: Omstridt skatt gir kjempeinntekter», skreiv Sunnmørsposten over eit bilete av Per Ivar Lied, fylkestingspolitikar og vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet.
«Stats- og finansministeren og en del andre benytter anledningen til å komme med misvisende utspill», skriv regionsjef havbruk vest, Krister Hoaas, i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge i eit innlegg på Linkedin.
Det er snakk om grunnrenteskatten på oppdrett som regjeringa varsla at den ville innføre hausten 2022.
Den såkalla lakseskatten vart vedtatt i 2023 etter eit forlik mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Pasientfokus.
Det er ei lita hake ved versjonen til Gahr Støre og framstillinga i Sunnmørsposten.
Nett No har bedt Nærings- og fiskeridepartementet om eit oppsett over inntektene til Havbruksfondet, altså kvar pengane som no blir utbetalt til kommunar og fylkeskommunar kjem frå.
Det oppsettet ser slik ut:
Av i alt 7,5 milliardar kroner, kom 5,3 milliardar frå sal av nye konsesjonar til å drive oppdrett i sjø og 1,3 milliardar kroner frå produksjonsavgift.
(Produksjonsavgift er ei avgift knytt til kor mange kilo laks det er i anlegga).
Resten av inntektene er betaling for løyve til mindre kapasitetsutvidingar i eksisterande anlegg, ifølgje oppsettet.
Det er med andre ord ingen inntekter frå grunnrenteskatten til Havbruksfondet, ifølgje departementet.
Av dei 7,5 milliardane som kjem inn, går 4,7 milliardar ut til kommunar og fylkeskommunar - resten til staten.
«Det er nok meir presist at det er endringar gjort ifm innføring av lakseskatten og forliket på Stortinget som gjer at tala og overføringane til Havbruksfondet blir slik. Dei direkte tala frå lakseskatten kjem neste år», skriv Per Ivar Lied (Sp) i ein e-post til Nett No etter å ha sett oppsettet frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Utbetalingane for Havbruksfondet svingar i ein toårsyklus, i takt med inntektene frå sal av nye oppdrettskonsesjonar - som også kjem annakvart år.
2024 er eit slikt toppår.
Haram er mellom vinnarane av kommunane på Nordvestlandet i år. Dei tok med seg mesteparten av inntektene frå Havbruksfondet etter skilsmissa frå Ålesund.
Innføringa av grunnrenteskatt var mildt sagt omdiskutert. På Nordvestlandet er det fleire større bedrifter som lever av å lage anlegg og utstyr til oppdrettsbransjen, som opplevde at marknaden tørka inn nesten over natta.
Oppdrettsselskapa la investeringar på is - både på grunn av skatten, men også på grunn den store uvissa om korleis skatten i praksis ville bli.
Regjeringa hadde ikkje deltaljane klare då framlegget om grunnrenteskatt kom, og valde ein modell som har fått kritikk for å vere både byråkratisk og uklar.
Mellom anna skal overskotet som skal skatteleggast, bereknast ut frå ein pris fastsett av ei regjeringsoppnemd prisråd. Kva oppdrettarane faktisk skal betale i skatt for 2023 er enno ikkje klart.
Først i år har marknaden byrja å ta seg opp att for leverandørane av utstyr og anlegg.
Etter all kritikken er det naturleg at regjeringa vil fortelje at at grunnrenteskatten både var fornuftig, rimeleg og eit gode for mange.
I pressemeldinga frå Nærings og fiskeridepartementet uttalar finansminister Trygve Slagvold Vedum seg akkurat slik at han kan seiast å ha sine ord i behald - i alle fall om ein legg velvilje i tolkinga.
Dette sa Vedum:
«Vi har hele veien vært tydelige på at vi skal sørge for at lokalsamfunnene langs kysten sitter igjen med mer av gevinsten når de stiller naturressursene sine til disposisjon for oppdrettsnæringa. Havbruksfondet, og innretningen på det, har vært en viktig brikke i dette. Nå ser vi med tydelighet at planen virker. I dag kommer pengene tilbake til kystsamfunna istedenfor at store deler blir sendt ut av landet som utbytte».
Som ein del av forliket med Venstre og Pasientfokus blei ikkje berre grunnrenteskatten kutta til 25 prosent (regjeringa foreslo opphavleg 40 prosent, red. anm.). Også fordelingsnøkkelen mellom stat, kommuar og fylke blei endra.
Kommunar og fylke skulle få meir, staten mindre. Dessutan blei produksjonsavgifta auka.
Det er kombinasjonen av endra fordelingsnøkkel og auka produksjonsavgift som gjer at utbetalingane frå Havbruksfondet aukar - ikkje grunnrenteskatten på 25 prosent.
Om du definerer heile forliket som ein del av av innføring av grunnrenteskatt, kan til og med Gahr Støre sine utsegn seiast å vere rett.
Men utsegnene til Gahr Støre og Vedum blir neppe oppfatta så nyansert.
Det var kanskje ikkje meininga heller.
Publisert: 27.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 27.10.2024 13:29