Cruise service Gabriele med flere Stadyard foto Cruise Service 11
2022-UTGÅVA: Hurtigbåten Gabriele har fått nytt liv og blitt langt meir miljøvennleg etter at lokale krefter gjekk saman om eit ombyggingsprosjekt. Frå venstre: Agnar Lyng (Stadyard), Kåre Molvær (Cruise Service), Torstein Holsvik med dottera Celina (Cruise Service), Alexander Gulliksen (Weiberg Gulliksen), Trond Kongshaug (Stadyard) og Per Torskangerpoll (Stadyard). Foto: Privat
Nytt

– Handfast sirkulærøkonomi

Å bygge om eldre hurtigbåtar kan vere smartare enn ein trur. Lokalt samarbeid har nær halvert utsleppa til 1997-modellen Gabriele.

Marius Rosbach
31.10.2022

Den 1997-bygde hurtigbåten Gabriele blei før sesongen bygd om for å oppfylle Tier 3-krava. Med nokre måneders erfaring kan Cruise Service slå fast at resultatet er blitt ein 2022-utgåve som er billigare i drift, og med mellom 40 og 50 prosent lågare forbruk av drivstoff.

– Handfast sirkulærøkonomi, seier driftsjef Trond Kongshaug ved Stadyard om ombygginga dei har utført for reiarlaget i samarbeid med fleire lokale bedrifter.

Ombygging meir aktuelt
Stadyard-verftet har stått for ombygginga og driftssjefen påpeiker at gjenbruk av fartøy er meir aktuelt enn nokonsinne. Slik er det mogleg å realisere meir miljøvennlege båtar til heilt andre prisar enn ved nybygg.

– Her går vi rett inn sirkulærøkonomien, og då er enkle utgangspunkt ofte dei med mest suksess, supplerer dagleg leiar Agnar Lyng ved Raudeberg-verftet.

Lyng påpeiker at verftet óg har erfaring med å bygge el-ferje, og det som var Norges første hybride fiskebåt.

Gabriele Cruise Service
PÅ KVALSAFARI: Måndag kastar hurtigbåten Gabriele loss etter det som har vore noko tilnærma ein normal cruisesesong for Cruise Service i Ålesund. Då setter fartøyet kurs for kvalsafari nordpå for vintersesongen.

Ser nye moglegheiter for verftet
Katamaranen Gabriele blei opprinneleg bygd ved Fjellstrand Verft, og berre ein av mange som kan vere aktuelle for ei tilsvarande ombygging.

Stadyard driv i utgangspunktet med reparasjon, vedlikehald og nybygg – men verftssjefen meiner denne marknaden er spennande.

– Det ligg nye moglegheiter i dette for Stadyard når dette blir ein suksess. Då vil fleire sjå at dette er ein kortare tilnærming til lågare utslepp, enn ein del av dei meir filosofiske tilnærmingane, seier Lyng.

Nye motorar og ombygd skrog
Sjølv om utgangspunktet er ein 1997-modell, er det ikkje mykje att av den originale båten, fortel teknisk sjef Torstein Holsvik i Cruise Service.

Etter at båten vart totalrenovert innvendig, er skroget bygd om etter teikningar frå Marin Teknikk i Herøy. Volvo Penta dieselmotorar med låg vekt og IPS-løysing som gir betre komfort og er langt meir drivstoffgjerrige, er levert frå Weiberg Gulliksen i Ålesund.

– Ved hjelp av desse lokale leverandørane har vi klart å auke levetida på båten med kanskje 30 år, seier Holsvik.

Cruise service kåre molvær torstein holsvik 11
OVERSKOT PÅ CRUISE: Teknsik sjef Torstein Holsvik (t.v.) med dagleg leiar Kåre Molvær. Sistnemnte fortel at årets cruisesesong på Nordvestlandet blei bra og at selskapet i år ligg an til overskot - for første gong Foto: Marius Rosbach

Klargjort for hybrid og hydrogen
I dag er drivstofforbruket for Gabriele 40 til 50 prosent lågare enn tidlegare - med eit tilsvarande utsleppskutt.

Ved å ta i bruk nye teknologiar er målet ein reduksjon av utsleppa på 85-90 prosent i løpet av få år.

– Motorane er klare for hybriddrift og det neste steget er å sette inn ein elektromotor mellom maskinen og propellane. Slik kan segle utan utslepp på kortare avstandar. Båten er også tilpassa slik at den kan gå på hydrogen, eller ein miks av diesel og hydrogen, fortel Holsvik.

Fleire vil ha «grøne» motorar
Alexander Gulliksen hos Weiberg Gulliksen fortel at deira rolle i prosjektet har bestått mykje i å kalibrere alt til å passe om bord på Gabriele.

Motorleverandøren i Ålesund opplever auka etterspurnad etter «alt» av grøn teknologi og løysingar som kan spare drivstoff.

– Vi håpar at vi kan vere med å «repowre» fleire slike eldre hurtigbåtar. Etter dette prosjektet kjenner vi fallgruvene, og slike ombyggingar er ofte gode løysingar for reiarane, seier Gulliksen.

Publisert: 31.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 30.10.2022 20:48

Mer om