Nils Sperre drone innfelt bokomsalg Foto Nils Sperre
ELLINGSØYA: Anlegget til Nils Sperre As slik det ser ut i dag, mellom anna med nytt fryselager med plass til kring 26 millionar fiskemåltid. I samband med 100 årsmarkeringa har Knut Arne Høyvik skrive boka «100 år med fisk» (innfelt). Foto: Nils Sperre As
Nytt

100-åring kan mette mange med bacalao

Open dag og boklansering hos Nils Sperre. Aktivt eigarskap avgjerande for å overleve, meiner forfattar.

Marius Rosbach
04.11.2023

Laurdag er det klart for feiring av eit 100 år langt sjømateventyr når Nils Sperre As ber inn til feiring ved anlegget på Ellingsøya.

Jubilanten er mellom Ålesund sine eldste bedrifter i fiskeindustrien – og høgst levande.

I fjor omsette dei for meir enn 1,2 milliardar kroner og sysselsette 117 årsverk. Sjømatbedrifta leverer kvart år tusenvis av tonn med pelagisk fisk og klippfisk til store delar av verda.

Håpar det blir nok bacalao
I samband med feiringa ber bedrifta laurdag inn til ope dag med omvising på det nye fryselageret. Den nye ålesundordføraren Håkon Lykkebø Strand vil stå for opninga, og gjestane får servert bacalao.

Dagleg leiar Cato Viken er spent og reknar med at det kan bli mykje folk.

– Vi har engasjert kokkelauget ved Roy Vedlog, og dei påstår at dei kan skalere opp talet porsjonar til 500. Så vi får sjå om det blir nok, seier han og humrar.

Dei påstår at dei kan skalere opp talet porsjonar til 500. Så vi får sjå om det blir nok
Cato Viken
Knut Arne Høyvik foto Privat 111
MOROSAMT: Knut Arne Høyvik har jobba mest med sjøsida av fiskeriet. Han synest det var morosamt å sette seg skikkeleg inn i ei bedrift i landindustrien. Foto: Privat

Aktivt eigarskap ein suksessfaktor
I anledning 100 årsmarkeringa har fiskeribedrifta hyra inn forfattar Knut Arne Høyvik til å føre ei jubileumsbok i pennen. Resultatet har blitt boka «100 år med fisk» på 178 sider, med grunnleggjaren på framsida.

Då NETT NO møter Høyvik for å høyre om arbeidet med boka, er han ikkje sein om å peike på det han meiner er ein av suksessfaktorane for å overleve gjennom skiftande tider.

– Aktive eigarar, seier Høyvik. Han stoppar litt før han held fram:

– Eg er ingen analytikar, men i boka er eg klar på at aktivt eigarskap har vore avgjerande. Dei har vore tett på det som skjer heile tida. Og hadde dei ikkje vore det, så hadde dei vel ikkje vorte 100 år, seier han.

Nils Sperre gruppebilde eiere 2023 foto John Colbensen
FAMILIEBEDRIFT: Sjømatbedrifta Nils Sperre As er i dag eigd av tre familiegreiner der fleire er aktive i drifta. Her er dei samla: (frå venstre) Cecilie Sperre Jørgensen, Hans-Peter Sperre, Harald Sperre, Andre Sperre, Tone Rekdal Sperre, Odd Arild Sperre, Geir Sperre, Ronny Sperre, Nils Johan Sperre, Oddbjørn Sperre, Svenn Sperre og Palmar Sperre. Foto: John Colbensen

– Kan tape ein auksjon med eitt øre
I dag er det 2. og 3. generasjon som eig Nils Sperre As. Eigarskapet er fordelt på tre familiegreiner og tre eigarselskap.

Høyvik fortel korleis familiemedlemane utfyller kvarandre og deltar i ulike delar av verksemda.

Fem frå tredje generasjon er no aktive i selskapet. To styrer pelagisk, to styrar kvitfisken og ein er teknisk sjef, fortel Høyvik. Samtidig har bedrifta administerande direktør og styreleiar utanfrå familien.

Sjømatbransjen krev at ein helst kjenner marknaden til fingerspissane for å lukkast.

– Dei kan tape ein auksjon med eitt øre. Eller dei kan vinne den med eitt øre. Eg beundrar at dei får til dette, seier Høyvik.

Viktig å ha ein back-up-plan
Fangstar og auksjonar kan skje til alle døgnets tider. Det same kan uro i valutamarknaden.

– Ei devaluering i Brasil kan slå rett inn i drifta, seier Høyvik.

For augneblinken spelar kronekursen mest på lag med sjømatbedrifta.

God drift handlar også ofte om å bygge opp kapasitet – og ha ein back-up-plan når ein ikkje får tak på fisken ein hadde tenkt.

Ei devaluering i Brasil kan slå rett inn i drifta
Knut Arne Høyvik

Kan lagre 26 millionar måltid
Når det strøymer inn med fisk på anlegget er det mykje som står på spel. Ein fangst er gjerne verdt titals millionar. Den må handterast på best mogleg vis, før den skal vere klar for å fraktast vidare.

Eller den skal kanskje lagrast på det nye 5000 kvadratmeter store fryselageret som blei sett opp på mindre enn eitt år.

Kapasiteten på 13.000 tonn er nok til å gjere ein svimmel om ein delar det opp i måltid. Høyvik er gjort eit reknestykke.

– Det blir 26 millionar måltid. Det er jammen eit bra tal! Om du delar det på Ålesund sin befolkning, må kvar ete 384 kilo fisk for å tømme lageret, seier han.

Nils Sperre 1957 Foto Frå boka 100 år med fisk
NILS SPERRE ANNO 1957: Slik såg bedrifta på Ellingsøya ut om lag ti år etter industrieventyret med klippfiskproduksjon starta. Foto: Frå boka «100 år med fisk»

Har selt klippfisk til 24 land
Klippfisken starta det heile og Høyvik påpeikar at den framleis står i ei særstilling internasjonalt.

– Det er ein fantastisk sterk merkevare og opp gjennom åra har Nils Sperre selt klippfisk til 24 forskjellige land.

Store marknader som Brasil og Portugal krev gjerne den ypperste kvaliteten på klippfisk, men kan velje ulikt på andre fisketypar som torsk og sei.

– Alt dette er eit fag, og det kan dei, seier Høyvik.

Tener mest på makrell i dag
Høyvik fortel korleis pelagisk fiske med makrell kom inn i 1973, og om gjennombrotet for makrellen med gode prisar utover 1980 og 90-talet.

I dag er det pelagisk fiske – med makrellen i spissen – som både dreg inn dei største inntektene – og gir den beste lønnsemda for bedrifta.

Forfattaren har skrive fire fiskerirelaterte bøker, og jobba mest med historia til fiskeriet på sjøsida.

I arbeidet med Nils Sperre-boka fekk han også sett seg skikkeleg inn i fiskeindustrien på land. Det har vore morosamt, fortel Høyvik – og legg ikkje skjul på at han er imponert over korleis dei handterer drifta.

Starta med å salte fisk i naustet
Det har ikkje mangla på svingingar i marknaden sidan Nils Sperre starta opp i 1923. Sjømatbedrifta har likevel halde seg flytande.

Fiskerieventyret starta på garden som ironisk nok heiter Skogen. På staden der bedrifta framleis ligg i dag, starta han klippfiskproduksjoen med å salte fisk i naustet som han la ut for tørking etterpå.

Undervegs i tøffe tider vart garden «kapitalen», som berga han ved kniper. Etter å ha kome seg gjennom nedgangstidene i 1930-åra og verdskrigen, vart den første sjøbuda bygd i 1947.

Det vart startskotet for den industrielle klippfiskverksemda.

– Nils Sperre gav aldri opp og hadde eit stort pågangsmot. På sine eldre dagar satt han og følgde med frå stovevindauget med kikkert på kor mange bilar som gjekk ut og inn på anlegget, fortel forfattaren.

Publisert: 04.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 04.11.2023 00:01

Mer om