Fekk oppfylt ønska med sommarjobben
Studentar fann ut korleis regionbanken kunne bli betre digitalt. Det får snart kundane deira merke.
Denne veka presenterte ei av prosjektgruppene i Summer Internships-opplegget til Teft-lab seg for oppdragsgjevaren i Sparebanken Møre.
Etterpå var det klart at både NTNU-studentane og banken hadde fått oppfylt sine ønsker for prosjektet.
Marcus Nikolay Vatne frå Sjøholt og Martinus Bjørge frå Ellingsøya fortalde om oppgåva dei har gjort saman med Magnus Stave, som såg nærare på banken sine digitale løysingar.
– Bankane blir meir og meir digitale. Da er det samtidig viktig å skilje seg ut ved å ha en god digital identitet, meiner Bjørge.
Målet for arbeidet var kundane skulle oppleve ei forbetring og med det ein auka verdi for banken.
Fann digitalt sakn hos kundane
Ei enkel økonomisk oversikt og bevisstgjering på mobil, var eit sakn hos
bankkundane, fann studentane ut.
Løysinga dei kom fram til er ein prototype med ny oversiktside, som gir tips etter ulike behov - og som er enkel å navigere i.
Studentane fortalde korleis dei mellom anna har teke omsyn til at
folk ikkje likar moraliserande råd, og at kundane ikkje vil kjenne seg
overvaka.
– Nokre stiller seg skeptiske til rådgjeving og lurer på om vi skal «prakke» på dei noko. Men når vi spurte korleis dei såg på å få «tips» om personleg økonomi, så svarte dei at det var fint, fortel Vatne.
Kundane må få velje sjølv
Løysinga tek også føre seg korleis kundane kan motiverast til å sette
seg sparemål, ulike metodar for å anslå forbruk, eller å samanlikne seg
med andre kundar.
Dei utforska også sokalla «gamification» - der ein brukar spelliknande metodar for å motivere kunden.
– Det er viktig at dette er noko som kundane sjølv kan velje, og at det ikkje er fastlåste kategoriar, seier Bjørge.
Fekk utforske nye fagområde
Dei to studentane er ikkje i tvil om at dei har fått oppfylt forventingane sine til «sommarjobben». Marcus Nikolay Vatne fortel at motivasjonen hans var å få prøve ut dei ulike faga frå masterutdanninga i praksis.
– Eg hadde inntrykk av at Teft ville gi mulegheit til å prøve ut faga eg har hatt så langt, i ei relevant problemstilling – og i ei bedrift her i område, fortel han.
I prosjektet fekk Vatne også utvida fagkunnskapen ved at arbeidet kom inn på andre fagområde som adferdsøkonomi og maskinlæring.
– Det har både vore artig å bygge vidare på det eg allereie har lært, og samtidig veldig interessant å få nye perspektiv, seier han.
Ofte må ein reise til større byar som Oslo eller Bergen for å få slike tilbod
Nettverk til lokale bedrifter
Martinus Bjørge delar motivasjonen til medstudenten om å få testa ut
kunnskapen i praksis. Samtidig likte han spesielt godt at han fekk
mulegheit til å knytte kontakt med lokale bedrifter.
– Ofte må ein reise til større byar som Oslo eller Bergen for å få slike tilbod. Eg sette det høgt, legg han til.
Bjørge ser ikkje vekk frå at det kan bli jobb «ute» dei første åra etter studiane, men på sikt vil han gjerne flytte heim. Allereie i løpet av desse seks vekene har han utvida nettverket sitt med personar han ser føre seg kan vere nyttige seinare i kontakt med lokale næringsliv.
– Vi har også hatt mulegheit til å følgje dei andre prosjekta som har involvert ulike bedrifter som Tafjord og Solwr. Slik kan vi også knytte kontaktar, skyt medstudent Vatne inn.
Reknar med å ta i bruk løysinga
Å ha vore med å skape eit produkt som får verdi for både banken og kundane deira, er ein ekstra bonus.
– I dette arbeidet har vi jobba med noko som både er relevant og som kan takast i bruk, legg Bjørge til.
Det siste kan Bjørn Petter Haugen som leiar innovasjonsarbeidet til Sparebanken Møre stadfeste. Han har vore rettleiar for studentane og reknar med at delar, eller heile arbeidet vil bli nytta i dei digitale løysingane til banken.
– Eg er imponert over korleis desse karane i løpet av seks veker har kome fram til desse konklusjonane. Dette var veldig næringsnært, relevant og dei har treft godt på oppgåva, fortel Haugen til NETT NO.
Dette var veldig næringsnært, relevant og dei har treft godt på oppgåva
Bankleiaren fortel at deira utgangspunkt er å stille med relevant og dagsaktuelle oppgåver – som samtidig er viktige for bedrifta. Fjorårets deltakarar på sommarprogrammet til Teft-lab lagde i ein berekraftsportal for banken, som blei teke i bruk ved årsskiftet.
– Dette er innsiktsarbeid - og saman med ungdomleg og god akademisk kompetanse, er det løyst på ein glimrande måte, seier ham.
Publisert: 20.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 20.08.2022 12:54