Torleik svelle foto marius 22
IMPONERT: Leiar Torleik Svelle (nr. 2 f.h.) i Senterungdommen var imponert over satsinga til Hofseth International, som kan utløyse 1000 nye arbeidsplassar kring oppdrettsverksemda i Storfjorden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Kjempestas å høyre om

Sjømatnæringa imponerte leiande ungdomspolitikarar, som også fekk med ei klar melding om kva bransjen ønsker.

Marius Rosbach
16.08.2021

– Eg synest dette var kjempestas å høyre om, fortel leiar Torleik Svelle i Senterungdommen til NETT NO etter å ha høyrt Roger Hofseth fortelle om planane for landbasert oppdrett i fjellet i Storfjorden.

Svelle var med i ein delegasjon av leiande ungdomspolitikarar på sunnmørebesøk førre veke. Dei fekk bli med på tur med MS Bruvik til Raudbergvika, og på vegen fekk dei mellom anna høyre korleis Hofseth vil nytte dei nedlagde gruvene til oppdrett.

Sjå video frå gruvene her (lenke til Facebook)

Kan utløyse 1000 nye arbeidsplassar
Senterungdomsleiaren heiar naturleg på nye arbeidsplassar i distriktet. Hoseth International sine planar landbasert oppdrett, kan utløyse heile 1000 nye jobbar i sjømatkonsernet.

– Det er musikk i mine øyre, kommenterer Svelle.

Dei unge politikarane fekk sjå gruvehallane der Hofseth planlegg investeringar for opptil 18 milliardar. Om alt går etter planen kan sjølve utbygginga kunne starte våren 2021.

Mange kjenner ikkje lokale bedrifter
Når senterungdomsleiaren reiser rundt i landet og snakkar med ungdom, fortel mange at dei ikkje veit kva moglegheiter som finst i for ei yrkeskarriere på heimplassen.

- Mange stader rundt i landet ligg det gode bedrifter, der det skjer utruleg mykje bra, men ungdomane som bur der veit ofte ikkje noko om dei. Det er synd at unge tek val om å gå yrkesfag eller studere, utan å ha eit forhold til bedriftene i lokalmiljøet, seier han.

Svelle merka seg også at Roger Hofseth er i samtaler med Stranda vidaregåande skule om å opprette ei havbrukslinje.

Daniel bugge petter leon fauske hofseth international Raudbergvika 11
I GRUVA: MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske (t.v.) fortalde dei unge politikarane at det har vorte populært å søke seg til sjømatindustrien og at dei har mange søkarar til dei mange nye stillingane dei har oppretta dei siste åra. Han fekk også ta turen ned i gruvene der det blir jobba med å ta kjerneprøver av fjellet. Foto: Marius Rosbach

– Dette vil vi sjå på som ein revolusjon
Asbjørn Skarø som leiar prosjektarbeidet til Artec Aqua, var mellom representantane frå bransjen som fortalde om sitt arbeid til dei unge politikarane.

– Dette vil vi sjå på som ein revolusjon i industrien om 20 år, sa han og påpeika at det no er stor vilje til å investert i landbasert oppdrett – som er Ålesund-selskapet sin spesialitet.

Artec Aqua har kapra ein rekke store avtaler dei seinare åra, mellom anna med Salmon Evolution sitt store anlegg på Indre Harøy. Det gjer at dei vil bikke milliardomsetning i år.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Viktig med openheit i næringa
Fleire av dei andre ungdomspolitikarane ga uttrykk for at dei var imponert over kva dei fekk høyre frå sjømatbedriftene– ikkje minst at berekraft og miljøavtrykk har høg prioritet.

– Eg synest dokke skal «gønne» på vidare i den retninga, sa Kristina Mari Roald frå AUF Møre og Romsdal til bransjerepresentantane.

Fleire av ungdomspolitikarane påpeika at næringa måtte vere open om rømmingar og negative hendingar.

Raud Ungdom-leiar Mathias Robertstad la til at staten bør stille med midlar, slik at bedriftene ikkje måtte ta heile risikoen sjølv ved utvikling av ny teknologi.

Ba om mindre byråkrati
Vertskap på turen var leiar av Sjømatbedriftene, Robert Eriksson. Interesseorganisasjonen representerer fleire enn 200 bedrifter.

Han bad ungdomspolitikarane jobbe for at næringa møtte mindre byråkratiske prosessar i verksemda.

Robert eriksson 11
SJØMATBEDRIFTENE: Robert Eriksson som leiar Sjømatbedriftene, bad om enklare å prosessar for bransjen i møte med styresmaktene. Foto: Marius Rosbach

– Næringa må jobbe med seks ulike departement og ein rekke andre organ hos styresmaktene, fortalde Eriksson.

– 26 institusjonar skal uttale seg for at vi skal å få flytte anlegget 100 meter, skaut Roger Hoseth inn.

Bedriftsleiaren fortel at søknader som for få eit par tiår sidan var på 30 sider, no er oppe i 1200 sider. Hofseth tvilar på at nokon overhovudet les dokumentasjonen.

– Vi spør om forenkling i saksbehandlinga. Kanskje må ein oppdrettar flytte eit anlegg raskt for å unngå at fisken daudar, men må vente fleire månader på svar, sa ein oppgitt Hofseth.

Publisert: 16.08.2021 15:57

Sist oppdatert: 16.08.2021 18:34

Mer om