Geirangergenser Oddvin Westerå Julie Muren Mjelva Foto Tind Media
FJORDDESIGN: Lokalt landskap, lokalt design, og lokal produksjon. Geirangerfjordgenseren er eit berekraftig og lokalt produkt med forankring i både kulturarv og verdsarvsområdet i Geiranger. FV: Oddvin Westerå og Julie Muren Mjelva. Foto: Tind Media
Nytt

- Eg håper det blir eit design som slår an

Lokal designer laga mønster til den nye Geirangerfjordgenseren i samarbeid med Rauma Ullvare.

Linn Antonie Vårdal Solheim
10.07.2023

Då Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv skulle lage Geirangerfjordgenseren, fall det naturlig å samarbeide med aktørar frå tre av dei mest spektakulære fjordområda i Noreg.

Stiftinga tok kontakt med Hjørundfjordstrikk og Marita Bett Aakre, og med Rauma Garn på laget har den driftige gründeren og kunstnaren frå Bjørke designa ein genser der gamle strikke- og vevemønster frå området får nytt liv.

- Eg synest det var veldig ærefullt å bli spurt om å designe ein Geirangerfjordgenser, som trass alt vil stå som eit avtrykk og spegle vår tidsånd i lang tid, seier Marita Bett Aakre.

Fjordlandskapet inspirerer
Mønsteret har henta inspirasjon frå fjordlandskapet som omkransar Geirangerfjorden, og ein kan sjå att trekk frå frå fossefallet Dei sju søstrene.

Mønsterborden gir assosiasjonar til naustrekkja ved fjorden og dei gamle tømmerhusa på hyllegardane. Du finn òg fjelltoppar og fjordlina om du ser etter.

Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på UNESCO si verdsarvliste i 2005, og omfattar to store delområde kring Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Området blir omtala som dei vakraste i heile verda, og samspelet mellom naturen og kulturlandskapet, med hyllegardar og setrar, vitnar om historia vår og tilfører ein ekstra verdi.

Om Hjørundfjordstrikk:

Hjørundfjordstrikk er eit strikkemerke som ønsker å ta vare på og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon. Hovudmålet er å skape nytt strikkedesign med rot og inspirasjon frå Hjørundfjorden.

Natur, historier og kulturarv formidlast gjennom Hjørundfjordstrikk, og selskapet vil skape ei merkevare som blant anna er med på å løfte Hjørundfjorden som reisemål.

Geirangergenser Julie Muren Mjelva Foto Tind Media
GEIRANGERGENSEREN: I mønsteret på designet ser ein tydeleg at inspirasjonen er henta frå den storslåtte naturen. På biletet ser vi Julie Muren Mjelva. Foto: Tind Media

Turistar etterspør norske produkt
Årleg besøker fleire hundre tusen turistar frå heile verda verdsarvsområdet i Geiranger. Direktør i Stiftinga Geiranger Fjordsenter, Katrin Blomvik Bakken, fortel at det er stor etterspurnad etter lokale produkt blant dei tilreisande.

Det er derfor stor entusiasme å spore når samarbeidspartnarane omsider lanserer Geirangerfjordgenseren.

- Denne dagen har vi verkeleg gleda oss stort til! Vi har lenge ønska oss ein Geirangerfjordgenser som har sine tydelege røter og inspirasjon frå verdsarvlandskapet, seier Blomvik Bakken.

Ho fortel at det er verdifullt å få tilgang på fleire lokale og berekraftige produkt frå eigen region.

– Det er eit pluss at produkta er heilt unike og ikkje vert seld langs heile kysten av Norge. Denne gensaren vert såleis eit «kinderegg» av eit produkt som både er designa og produsert lokalt, og med norsk ull, seier Katrin Blomvik Bakken.

Tilfeldig at Geirangerfjorden blei turistsatsing
- Hjørundfjordstrikk blei til nettopp for å lage eit geografisk design for Hjørundfjorden, og no når Geiranger får sin eigen, er det hyggeleg at dei brukar Hjørundfjordstrikk som samarbeidspartnar til prosjektet. Kanskje burde dei to fjordane samarbeide meir? I alle fall snakke saman og lære av kvarandre, seier Marita Bett Aakre.

Den engasjerte kunstnaren har vore ein viktig pådrivar for reiselivssatsinga i Hjørundfjorden, mellom anna gjennom Bakketunet på Bjørke.

- Dei færraste veit nok at det nærmast var ei tilfeldigheit at Geirangerfjorden blei den store turistfjorden. Det kunne like godt vore Hjørundfjorden. Skilnaden var at i Geiranger var kåra dårlegare for bøndene, og at dei hadde større behov for ei ekstra inntekt enn bøndene i Hjørundfjorden. Hundre og femti år seinare kjem Hjørundfjorden etter. Vi ser at mange turistar finn vegen hit, og då er det er godt å ha eit heilnorsk og berekraftig produkt å tilby, som også fortel ei historie om kulturarv, fortel Aakre.

Håpar på salssuksess
Genseren vert tilboden både som ferdigstrikka produkt, og som garnpakke, og det er Rauma Garn og Ullvarefabrikk som står bak produksjonen.

- Det er stas for oss i Rauma Ullvarefabrikk å få høve til å kunne samarbeide med slike kjende merkevarer innan norsk reiseliv og marknadsføring, seier Erling Digernes. Han er tredje generasjon som driv den tradisjonsrike familiebedrifta.

Dei tre aktørane har investert både tid og pengar i å utvikle produktet, og håpar på at produktet vert teke godt imot av publikum.

– Vi håper at både genseren som ferdigstrikk og som strikkepakke, vert godt tatt imot blant dei mange tusen besøkande som er innom Geiranger i løpet av hektiske sommardøgn, seier Digernes.

Publisert: 10.07.2023 14:09

Sist oppdatert: 10.07.2023 17:53

Mer om