Ida Thorendahl foto elektroforeningen
HÅRETE MÅL: Ida Thorendahl og Elektroforeningen har sett seg som mål at Noreg skal vere 100 prosent elektrifisert innan 2040. Foto: Elektroforeningen
Nytt

Vil gjere Noreg til verdas første heilelektriske nasjon

Over halvparten av energiforbruket i Noreg er allereie elektrisk.

NPK
04.11.2021

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Elektrifiseringa av ulike sektorar går fort, og Noreg er per i dag 53 prosent elektrisk. Elektroforeningen meiner Noreg innan 2040 kan vere verdas første heilelektriske nasjon.

Medan klimaforhandlingane går for fullt på klimatoppmøtet i Glasgow, viser det norske elbarometeret at over halvparten av energiforbruket i Noreg er elektrisk.

Industrien er 54 prosent elektrifisert, primærnæringane 26 prosent, transport 14 prosent, bygg 80 prosent og energi 61 prosent.

Elbarometeret er laga av Elektroforeningen og Bellona, og indikerer også kva vi kan vente oss dei neste 20 åra.

Fakta om Elektroforeningen

Elektroforeningen (EFO) er ei bransjeforeining for leverandørar og grossistar av elektroteknisk materiell, utstyr og løysingar.

Medlemmene i organisasjonen leverer alt frå stikkontaktar og lyspærer til landstraumanlegg, nordsjøkablar.

Organisasjonen har 152 medlemsbedrifter spreidd over heile Noreg.

Samla omset medlemmene i EFO for over 50 milliardar norske kroner og har over 13.000 årsverk.

– Vi har sett oss eit hårete mål om at Noreg innan 2040 skal vere ein heilelektrisk nasjon. Det som kan elektrifiserast, skal elektrifiserast, seier medlems- og marknadssjef Ida Thorendahl i Elektroforeningen til Nynorsk pressekontor.

Elektrifisering vil seie å gå over frå fossil energi til direkte bruk av meir klimavennleg elektrisitet.

Stor kartlegging
Elbarometeret blei starta i 2018 i samband med at Elektroforeningen blei 100 år.

- For å nå visjonen vår om at Noreg skal bli 100 prosent elektrisk, var vi avhengige av på eit eller anna tidspunkt å få på plass ei kartlegging. Vi hadde lenge hatt eit godt og nært samarbeid med Bellona, og difor blei det naturleg å inngå eit samarbeid med dei om portalen. Det er dei som har vore ansvarlege for å hente inn tala, og dei har grave rundt i nesten alt relevant materiale som finst for å få så gode tal som mogleg, seier Thorendahl.

Ifølgje framskrivingane vil nesten alle sektorane bli 100 prosent elektriske innan 2040.

– Framskrivingane baserer seg i stor grad på potensialet i teknologien. Mange løysingar er allereie klare, men blir ikkje tekne i bruk. Det er òg mykje av utfordringa. Vi tar sikte på at politikarane får opp auga, og vi hadde store forhåpningar om at den nye regjeringa ville ha fokus på energieffektivisering. Framskrivingane avheng mykje av kvar politikarane vel å gå inn med subsidiar og kvar dei vel å satse, seier Ida Thorendahl.

Energibruken kan effektiviserast

Dei siste åra har det vore store protestar i samband med utbygging av vindkraft på land. Thorendal trur ikkje ein eventuell stopp i vindkraftutbygginga på land vil påverke framskrivingane deira.

– Vindkraftanlegga i Noreg produserer i dag 10 TWH per år. I ein fersk rapport utarbeida av Thema consulting, på oppdrag frå Interessegruppen for Energieffektivisering, går det fram at ein kan spare 13 TWH gjennom energieffektiviseringstiltak i nærings- og yrkesbygg. Vi meiner det ligg moglegheiter for å få på plass naudsynt energi utan å gjere inngripande tiltak i naturen, seier ho.

Thorendahl understrekar at det viktigaste blir å utnytte potensialet i energien vi allereie har.

– Det er for eksempel stort potensial for energieffektivisering i bustadane våre. Det har politikarane for lite fokus på. Det finst moglegheiter, og det kan gjerast enkle grep for bustaden utan at det kostar skjorta, seier Thorendahl.

Utfordrande i jordbruket
Jord- og skogbruk er 51 prosent elektrifisert. Thorendahl fortel at jordbruket er blant dei sektorane det er mest utfordrande å elektrifisere. Mellom anna grunna tilgangen til energi.

– Det er mogleg å nå 100 prosent elektrifisering i jordbruket, men det krev ganske mykje. Per i dag er verkemidla ganske dårlege. Jordbruket kunne i dag ha vore ganske sjølvforsynt med energi gjennom lokal energiproduksjon, som solcelle og batteri, men nettet er dårleg bygd ut fleire stadar.

Ho etterlyser økonomisk insentiv for å få fortgang.

– Det er vanskeleg å få støtte til elektrifisering i denne sektoren. Til dømes ser vi at Enova deler ut lite midlar til jordbruket i dag, fortel Thorendahl.

Moglegheiter i transportsektoren
I transportsektoren meiner Thorendahl elektrifiseringa kan gå langt lettare, sjølv om det også her er utfordringar.

– Vi ser at enkelte delar av transportsektoren har veldig framgang. Både innan banetransport og kysttransport. I 2018 var det til dømes tre el-ferjer i heile Noreg. I 2020 er talet 40. Det handlar i stor grad om at ein har lagt til rette for utbygging av infrastruktur, seier ho.

Det er likevel enkelte delar av transportsektoren som vanskelegare lèt seg elektrifisere.

– Innan lufttransport har ein ikkje komme skikkeleg i gang, men òg der er det stort uutnytta potensial. Det gjeld rett å slett å få fortgang i prosessane, avsluttar ho.

Manglar konkrete mål
Før sommaren la Solberg-regjeringa fram ein ny elektrifiseringsstrategi for Noreg. Den blei kritisert for å mangle konkrete mål.

– Ansvaret ligg no på dei som vinn valet, uansett kven det blir. Dei må sørgje for å få sett konkrete mål, etablere støtteordningar, insentiv og eit regulatorisk rammeverk som støttar opp under dette, sa Per Øyvind Voie, næringspolitisk direktør i Elektroforeningen i ei pressemelding då strategien blei lagt fram.

Elektrifisering er nemnd i Hurdalsplattforma til den nye regjeringa, men også den blir kritiserte for mangel på konkrete mål.

– Det er svakt at energieffektivisering knapt er nemnt i plattforma. Ved å sette eit konkret mål her, og følgje opp med tiltak, kunne regjeringa lagt til rette for stor verdiskaping og sysselsetting over heile landet. Samstundes ville tilgang på frigjort energi redusert behovet for utbygging av ny kraft, seier forbundsleiar Jan Olav Andersen i EL og IT forbundet i ei pressemelding.

Publisert: 04.11.2021 09:32

Sist oppdatert: 04.11.2021 09:26

Mer om