Alfred bjørlo foto privat 11
FORVIRRING: Vesntre-poltikar Alfred Bjørlo meiner måten regjeringa la fram den nye lakseskatte på, har bidrege til forvirring. Foto: Privat
Nytt

– Fullstendig kaos

Alfred Bjørlo (V) om måten regjeringa vil innføre ny lakseskatt på.

10.10.2022

(NPK-NTB): Venstre meiner regjeringa har skapt forvirring om når den nye grunnrenteskatten for lakseoppdrett vil gi inntekter, seier stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) frå Nordfjordeid.

Regjeringa har sendt forslaget om grunnrenteskatt på høyring med høyringsfrist 3. januar neste år. Dersom det blir vedteke, vil dei nye skattereglane starte frå neste år, men skatten vil ikkje gi inntekter i statsbudsjettet før i 2024, skriv Klassekampen.

Skapte børsras og panikk

– Dette er jo fullstendig kaos frå regjeringa. Om det ikkje er før neste år dette kjem inn på budsjettet, skjønner eg ikkje kvifor dei har hatt så hastverk med å overrumple ei heil næring, lage eit børsras og skape panikk langs kysten, seier Bjørlo. Han er stortingsrepresentant for Vestland fylke og Venstres næringspolitiske talsperson.

Bjørlo påpeikar at regjeringa viste til krigen og inflasjonen då dei presenterte den nye skatten og meiner det er forvirrande at pengane ikkje kjem inn i budsjettet for 2023.

Også Sjømat Norges direktør Geir Ove Ystmark meiner det nye skatteregimet stod fram som ei straksendring.

Milliardinntekter - frå 2024
Regjeringa har anslått at grunnrenteskatt på laks vil gi 3,6 og 3,8 milliardar kroner årleg i inntekter.

Forslaget vart presentert på ein pressekonferanse der det også vart foreslått nytt skatteregime for vasskraft og vindkraft på land. Den foreslåtte grunnrenteskatten på vindkraft vil heller ikkje gi inntekter før i 2024.

Men eit mellombels høgprisbidrag på straum og dessutan auka grunnrenteskatt på vasskraft vil gi inntekter i neste års statsbudsjett. I tillegg vil vertskommunar få auka inntekter frå produksjonsavgift på vindkraft og oppdrett.

(©NPK)

Publisert: 10.10.2022 08:47

Sist oppdatert: 10.10.2022 13:14

Mer om