Møre ocean lab innfelt hans petter hildre illustrasjon ntnu 11
HAVFORSKING: PENGENE KOMMER: Instituttleiar Hans Petter Hildre (innfelt) ved NTNU i Ålesund er glad for at alt ser ut til å ligge til rette for utbygging av Møre Ocean Lab. Illustrasjon: NTNU
Nytt

Gladnyheit for satsing på havforsking

Møre Ocean Lab har rykka fram i prioriteringskøen.

Marius Rosbach
18.12.2023

Instituttleiar Hans Petter Hildre ved NTNU i Ålesund kunne førre veke kome med ei gladnyheit om Møre Ocean Lab. Realiseringa av havforskingslaboratoriet er eit steg nærare, etter at prosjektet har rykka fram i prioriteringskøen.

– Tidlegare var prosjektet på ei liste over prosjekt som kunne få midlar, om dei blei noko til overs. No er det flytta til ei liste med prioriterte prosjekt, seier Hildre.

Det er snakk om eit fullskala laboratorium for å forske på havet. Om alt går som Hildre og kollegaene på NTNU i Ålesund håpar, vil det bli nytta kring 100 millionar kroner på arbeidet dei neste åra.

Kjempeløft for norsk havforsking
Prosjektet er ein del av eit planlagd kjempeløft for norsk havforsking som på engelsk omtalast som Ocean Space Center. Det har også det norske namnet Norsk havteknologisenter.

Hovudavdelinga skal etablerast i Trondheim, men det skal også byggast infrastruktur i Ålesund, på Hitra og Frøya.

Planen er å bygge ein base ved Nørvevika og fleire andre fysiske installasjonar. NTNU vil stå for sjølve bygga og samarbeidet involverer mellom anna Sintef og Runde Miljøsenter.

Området vil strekke seg frå Ålesund ut Breisundet mot Runde.

Skal ha «forskingsflåte»
Dei røffe forholda ved kysten av Ålesund, gjer området ypperleg eigna for testing som mellom anna skal gi meir kunnskap om korleis ulike fartøy oppfører seg ved ulike forhold til sjøs.

I arbeidet vil det mellom anna vere behov for ein arbeidsbåt, fleire mindre autonome fartøy og flygande droner. I tillegg kjem sensorar i sjøen.

Fullskala testing
Ved laboratoriet skal det gå føre seg fullskala testing av alt frå skip og skipsutstyr, fiskeri- og redningsutstyr og teknologi for overvaking av havet.

Målet er at laboratoriet skal vere ein akselerator for å utvikle framtidas produkt og løysingar. Dataene som blir samla inn, skal vere ope for aktørane i verdikjeda.

Publisert: 18.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.12.2023 20:39

Mer om