Nett No tok med Tana-gründer Olav Sindre Kriken for å møte ein anna gründer og Ørsta-patriot, Lars Oscar Øvstegård, for ein prat som skatt.
Ikkje overraskande er dei to samstemte i synet på skatteskjerpingane som regjeringa har lagt på bordet den siste perioden.
Øvstegård jobbar som kjent med eit søksmål som tek sikte på å få staten til å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.
– Eg støttar han 110 prosent og eg er takksam for at han «tek ein for laget». Det betyr utruleg mykje for oss, seier Kriken til Nett No.
Vil ha med fleire på søksmål
Arbeidet med søksmålet har teke lengre tid enn Øvstegård hadde rekna med. Samtidig er han ikkje i tvil om at arbeidet får meir slagkraft med strategien dei no følgjer.
Etter å ha fått toppjuristen Jan Magne Langseth med på laget, blei det bestemt at dei ville invitere fleire med på eit gruppesøksmål.
– No er vi på jakt etter ti bedrifter som fortel om korleis formuesskatten råkar dei, fortel Øvstegård.
Neste månad kjem ein omfattande rapport ut i bokform på eit anerkjent fagforlag i Sveits. Søksmålet har samtidig fått betydeleg merksemd, og er mellom anna omtala i den britiske storavisa The Telegraph.
For augneblinken kan Øvstegård ikkje seie kva tid sjølve stemninga vil bli levert, utover at det er noko dei vil vurdere dei komande vekene.

– Stoppar verdiskapinga i Norge
I løpet av dei siste åra har det vore mange diskusjonar om skatt i næringslokala Øvstegård leiger ut på Strømpeneset. Duoen er heller ikkje vanskeleg å få på gli når temaet blir lagt på bordet.
– Det handlar om at det stoppar verdiskapinga i Norge. Og er det noko vi treng no, så er det folk som vil drive verksemder som kan føre til auka produktivitet, seier Kriken.
Juristane til Øvstegård meiner kort fortalt at auken i formuesskatten kan sjåast på som ei konfiskering av eigedom som er i strid med grunnlova.
Dei viser også det dei meiner er ein diskriminerande forskjellsbehandlinga ved at utanlandske bedriftseigarar slepp å betale formuesskatten.
Øvstegård påpeiker at formuesskatten gir han ein ekstrakostnad på åtte prosent av omsetninga, samanlikna med ein utanlandsk eigar.
– Det er faktisk slik at dei færraste bedrifter har eit overskot som er over åtte prosent av omsetjinga. I dei fleste tilfelle går ein derfor frå overskot til underskot, fortel han.

Gründer i skattefelle
Fredag fortalde Nett No korleis formuesskatten slår ut for Tana-gründeren etter at selskapet har klart å få investorar til å satse på KI-plattforma dei har utvikla.
Resultatet er ei kraftig auke i formuesskatten, som gjer at dei norske gründerane blir tvungne til å selje seg ned.
– Det verkar som politikarane trur at eg har lyst til å ha to båtar og fire hytter. Kva skal eg med det, spør han.
Kriken vil ikkje protestert mot langt tøffare skattlegging av sokalla privat luksusforbruk – eit grep Knut Flakk – ein av stiftarane av Aksjon for Norsk Eierskap – også har snakka varmt om.

Høyrer frå mange gründerar
I arbeidet med søksmålet mot staten har Øvstegård lagt mykje vekt på at dette ikkje er ein kamp han tek for milliardærane.
Han fortel at han blir trist av å høyre kva utfordringar gründerane i Tana opplever.
– At regjeringa straffar norske verdiskaparar på denne måten høyrer ingen stad heime. Tenk kva lokalsamfunnet går glipp av ved at dei ikkje kan vekse her i nærmiljøet, seier han.
Også han høyrar også frå gründerar som vil starte opp – men som er skeptiske grunna dei skjerpa eigarskattane.
– Her om dagen fekk eg ein telefon frå ein fortvila familie. Dottera var kjempeflink og jobba med noko dei hadde stor tru på, men dei hadde allereie lån på huset og torde ikkje meir. Dei rekna med at dottera i staden måtte gi slepp på gründerdraumen, fortel Øvstegård.
Mangeårig næringssjef er uroa
Kriken som sjølv har starta opp fleire nye selskap, seier han er klar over at den største verdiskapinga skjer i eksisterande bedrifter som held det gåande gjennom generasjonar.
– Og om distrikta skal bestå, så er det hjørnesteinsbedriftene som må overleve. Samtidig som vi må fram nye selskap, seier han.
Medan praten går, kjem nyleg avgått næringssjef i Ørsta, Odd Magne Vinjevoll, innom. Han er ein av Øvstegård sine støttespelarar og skal levere nokre roll-up-ar.
– Det er synd og skam det som skjer med skattepolitikken. Eg trur dette kan øydelegge det som har skapt landet vårt, seier mannen som leia næringsarbeidet i kommunen gjennom 12 år.
Han synest likevel det er kjempestas at ein av bygdas eigne er i ferd med å lukkast i sjølvaste tech-hovudstaden i USA.
Publisert: 24.02.2025 09:55
Sist oppdatert: 24.02.2025 18:51