Sunniva Rose Haramskonferansen Foto Marius 11
ATOMKRAFT: Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft stiller spørsmål ved kor rimeleg det vil vere å bygge ut fornybar kraft, og meiner Kjernekraft bør vere ein del av løysinga. Foto: Marius Rosbach imagassar og arealbruk.
Nytt

– Kjernekraft løyser ingenting før 2030

LO-leiaren og Tafjord-sjefen meiner atomkraft tek for lang tid for Nordvestlandet. Og får støtte frå Norsk Kjernekraft.

Marius Rosbach
14.02.2024

Dei som deltok på Haramskonferansen tysdag fekk ei grundig innføring i korleis kraftsituasjonen er på Nordvestlandet.

Kort fortalt er Møre og Romsdal mellom fylka i landet med størst kraftunderskot i landet. Og gapet mellom forbruk og produksjon er venta å auke.

Eitt av spørsmåla som blei diskutert på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, var korleis ein kan bygge ut meir kraft for å nå måla om halvert utslepp innan 2030.

– Kjernekraft er ei avsporing, var LO-leiar Peggy Hessen Følsvik sin klare beskjed i panelsamtalen undervegs i konferansen.

Følsvik understreka at verken ho eller LO er motstandarar av kjernekraft, men at ho meiner det vil ta for lang tid for å bidra til å kutte utslepp innan 2030.

LO-leiaren fekk støtte i det synet frå både Tafjord-sjef Erik Espeset – og Sunniva Rose frå Norsk Kjernekraft.

– Kjernekraft løyser ingenting før 2030. Det er berre seks år til. 10 til 15 år er det raskaste ein kan klare å gjere det på, seier kommunikasjonsdirektør Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft til NETT NO om å etablere kjernekraftverk.

Peggy Hessen Følsvik skjermfoto 11
SPENT PÅ HAVVIND: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik sa ho venta vekst frå havvind, oppdrett til havs og mineralutvinning på havbotnen for norsk næringsliv framover. Skjermfoto

Norsk Kjernekraft jobbar med å starte små modulære reaktorar med «kjent og velprøvd teknologi». Sjølv om Rose ikkje trur atomkraft vil utgjere ein skilnad på kort sikt, er ho ikkje i tvil om at det vil vere avgjerande for å nå målet om karbonnøytralitet innan 2050.

Kjernefysikaren påpeikar at selskapet ikkje har bedt om offentleg støtte til å realisere sine planar, og at lovverket her til lands er tilpassa ei industriell satsing.

Kraftunderskot - som vil auke
Temaet for Haramskonferansen var kraft - og bakteppe er at det i dag blir produsert om lag 9 terrawattimar (TWh) i Møre og Romsdal. Samtidig brukar fylket kring 14 TWh.

For å dekke opp gapet har fylket vore avhengig av straum frå andre plassar, og mykje har kome frå Trøndelag og Sverige.

Etterspurnaden av ny kraft har samtidig skote i veret, og NETT NO har omtala at ein rekke prosjekt er sett på vent grunna mangel på straum.

Medan Norwegian Hydrogen har nedskalert si satsing på Sjøholt frå milliard – til millionbeløp – er Hofseth-konsernet mellom dei som er sikra straum til landbasert oppdrett i Raudbergvika.

Åtvaring frå LO-leiraren
Under Haramskonferansen åtvara LO-leiar Peggy Hessen Følsvik mot å dreie diskusjonen vekk frå løysingane som kan hjelpe på kraftsituasjonen på kort sikt.

– Det er typisk at vi i staden for å diskutere vanskelege saker som meir vindkraft, så endar vi med å snakke om kjernekraft, la ho til.

Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord var samd med LO-leiaren i at kjernekraft vil ta for lang tid.

– Eg er ikkje motstandar av kjernekraft, men vi har ikkje kompetanse på dette, og samtidig har vi rikeleg tilgang på fornybar energi, la han til.

Motvind demonstasjon haramskonferansen foto Martin Giskegjerde Oclin
MOTSTAND: Demonstrantar frå Motvind Norge hadde møtt opp ved starten av Haramskonferansen tysdag. Foto: Martin Giskegjerde/Oclin.

Vil ha meir vindkraft
Tafjord-sjefen meiner at vindkraft på land må vere ein del av løysinga for å bygge ut meir fornybar kraft på Nordvestlandet. Som han fortalde til NETT NO i helga, jobbar selskapet no aktivt med å finne potensielle prosjekt.

– Det er fleire kommunar som har potensiale for vindkraft. Vi er opne for forslag om dei er interessert, og vi vil også oppsøke dei aktivt, sa Espeset.

Etter at all vindkraftutbygging på land blei stoppa for nokre år sidan, håpar han at meir inntekter til kommunane, kan vere ei gulrot som gjer det aktuelt for fleire å vurdere vindkraft.

Tysdag blei Espeset møtt av demonstrantar frå Motvind Norge som ville seie si meining.

– Vi hadde ein god prat, men eg veit ikkje om eg fekk overtydd dei, sa Espeset – og erkjenner at han ikkje er optimist når det gjeld utsiktane til å etablere nye vindkraftprosjekt i regionen.

Publisert: 14.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 14.02.2024 09:23

Mer om