Lagar folkemøte om formuesskatt
Meiner skatterekninga til bedriftseigarane går utover lokalsamfunn og frivilligheita.
10. juni ber Hareid Næringsforum inn til ope folkemøte med formuesskatt på arbeidande kapital som tema.
Problemstillinga ville truleg ikkje vore eigna som trekkplaster for ein debatt for folk flest for berre få år sidan, men det er endra trur arrangørane.
– Tilbakemeldingane frå folk, er at det er fint å få diskusjonen ned på grasrotnivå, seier Idar Flø som leiar Hareid Næringsforum.
Utan lokalt eigarskap hadde vi til eksempel ikkje hatt idrettshall
Fryktar lokalt næringsliv tek skade
Onsdag hadde dei kalla inn til pressekonferanse for å fortelje om planane.
Utgangspunktet er at dei fryktar at den etter kvart så omstridde skatten, vil vere skadeleg for det lokale næringslivet.
Idar Flø meiner at heile lokalsamfunnet tapar på konsekvensane formuesskatten gir - og får støtte frå ordførar Bernt Brandal.
– Utan lokalt eigarskap hadde vi til eksempel ikkje hatt idrettshall, seier ordføraren.
Han er redd det blir mindre lokalt – og meir utanlandsk eigarskap framover.
Nærast «håplaust» å få økonomisk støtte
Varaordførar og bedriftseigar Oscar Grimstad håpar eit folkemøte kan vere med å gjere «folk flest» meir opplyste.
Trass i at ei rekke bedrifter melder om rekordresultat om dagen, fortel Grimstad at tilbakemeldingane frå Hareid-samfunnet er tydeleg:
Det er nærast «håplaust» å få økonomisk støtte til frivillige lag og foreiningar frå næringslivet.
– Det minkar rett og slett på lokale aktivitetar fordi bedriftene blir pinte på ein slik måte, at det ikkje er noko overskott å gi til Hareidstemna eller idrettslag, seier Grimstad.
Har invitert mest motstandarar
Til folkemøte på Hareid kjem mellom anna økonomiprofessor Ola H. Grytten til å innleie og leie den påfølgjande debatten.
I diskusjonen deltek mellom anna sjeføkonom Elisabeth Holvik, Spilka-sjef Terje Bøe og stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V).
Det same gjer ørstingane Lars Oscar Øvstegård og Geir Høydalsvik – som jobbar saman om å førebu eit søksmål om formuesskatten mot staten.
Har invitert LO-representant
Arrangørane ønsker også ein representant frå LO velkomen til folkemøte. Landsorganisasjonen har vore ein forsvarar av omfordelinga ein får med formuesskatten.
Samtidig har fleire næringslivsleiarar frå Nordvestlandet vorte provosert av fleire utspel frå LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Tidlegare styreleiar Karl Inge Rekdal i NHO Møre og Romsdal meinte tilliten mellom partane i arbeidslivet var sett i spel, noko Følsvik sjølv avviste i eit intervju med Nett No.
Publisert: 30.05.2024 10:02
Sist oppdatert: 30.05.2024 17:37