Ole Christian Fiskaa Havila Capella foto kjetil 11
ÅLESUND: Hamnesjef Ole Christian Fiskaa lovar tilstrekkeleg landstraum til Havila Capella og andre skip frå neste år av. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Lovar landstraum til neste år

Havila Kystruten sine fire skip treng mykje landstraum. Hamnesjefen i Ålesund lovar at det snart er på plass.

15.12.2021

- Vi reknar med å ha på plass landstraum på Skansekaia om eitt års tid, seier hamnesjef Ole Christian Fiskaa.

Han var om bord i Havila Capella under stoppen skipet hadde i Ålesund.

Han likte det han såg.

- Ei fantastisk flott skute. Og det er ekstra stas at det er lokale eigarar.

- Vi treng lokale reiarar som er villige til å satse.

- Viktig for kysten

Fiskaa synst det er ekstra bra at det vert satsa på miljøvenlege skip.

- Dette er eit viktig bidrag for å få endå meir miljøvenleg transport langs kysten.

Havila Capella har ein av verdas største batteripakkar om bord.

Dette gjer at skipet kan segle Verdsarvfjordane berre på batteri.

Her er kravet at trafikken på Verdsarvfjordane, som Geirangerfjorden, skal vere utsleppsfritt frå 2026. Havila Capella kan klare dette alt no.

Vi treng lokale reiarar som er villige til å satse
Ole Christian Fiskaa

Må ligge lenger enn ein time
Prosjektdirektør Kjell Rabben i Havila Kystruten seier at planen for sommarsesongen er å lade batteria med landstraum i Ålesund etter turane til Geiranger og Hjørundfjorden.

- Elles i året vil ha enda betre tid i Ålesund til lading.

- Det vil ta oss omlag 3,5 time å lade 80 prosent av batterikapasiteten. Vi har derfor sagt at vi har nytte av å kople opp for lading i hamner der vi ligg lenger enn ein time.

Kun to i dag

I dag er det Bergen og Trondheim som har landstraumanlegg klare. Ålesund vil vere klar frå neste år. Bodø og Tromsø er også godt i gong med sine prosjekt.

Rabben er glad for at Ålesund hamnevesen no skaffar landstraum.

- Det er viktig for oss, og for andre skip som etter kvart satsar på batteriløysing.

Landstraum fridtjof nansen foto ålesundregionens havnevesen 111
CRUISEKAIA: På sørsida av byen har hamnevesenet eit anlegg for landstraum. Fleire skip til kai under pandemien har auke bruken. Hurtigruten-skipet Fridtjof Nansen er mellom dei som har kopla seg på. Foto: Ålesundregionens Havnevesen

Stor kapasitet
Rabben opplyser at Havila Capella og dei andre skipa til Havila Kystruten treng eit landstraumanlegg på rundt 2,3 megawatt.

Hamnesjef Fiskaa seier at det ikkje er noko problem.

- På Hurtigrutekaia satsar vi på eit anlegg med ein kapasitet på 3,2 megawatt.

Han opplyser at det alt er på plass svakstraumsanlegg ved Prestebrygga og Storneskaia.

- I tillegg jobbar vi med å få på plass landstraumanlegg til cruiseskipa.

Publisert: 15.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 15.12.2021 00:10