Roger Brudevoll Ann Charlotte Sørheim foto Coop nordvest 11
FRITTSTÅANDE KJØTTHANDLAR: Roger Brudevoll i Brudevoll Kjøtt er ein av få frittståande kjøtthandlarar. Her saman med butikksjef Ann Charlotte Sørheim ved Coop Mega i Ulsteinvik. Foto: Coop Nordvest
Nytt

Sel lokalmat for fem millionar årleg

Ein av leverandørane til Coop-daglegvaren held til berre eit par steinkast frå butikken.

Marius Rosbach
19.09.2022

Coop Mega-butikken på Blåhuset i Ulsteinvik er mellom butikkane til Coop Nordvest som satsar ekstra på sal av lokalmat.

Butikksjef Ann Charlotte Sørheim sel lokalmat for meir enn fem millionar kroner årleg, og var førre veke vertskap for ei fagsamling for lokal mat og drikke.

– Det er veldig flott og inspirerande at vi som jobbar med lokalmat, kan samlast slik. Vi får også på denne måten vere med og påverke aktivitetane i laget, noko som gjev eit eigarskap til konseptet vi har i Coop Nordvest, seier Sørheim i ei pressemelding etter samlinga.

Fleire enn 20 deltakarar frå Coop-butikkane og lokalmatprodusentar deltok på samlinga.

Kjøtthandlar med koronaløft
Eigaren av Brudevoll Kjøtt, Roger Brudevoll, var mellom produsentane deltakarane fekk møte. Produkta til den frittståande kjøtthandlaren som held til berre nokre få hundre meter frå daglegvarebutikken på Blåhuset, kan trygt omtalast som kortreist.

Roger Brudevoll har leia bedrifta som bestefaren starta, siden 1995. Drifta har gått bra dei siste åra og fått seg eit løft under koronapandemien.

I fjor omsette Brudevoll for nær 20 millionar, og fortalde nyleg til NETT NO at han rekna med at vdet vart «vel så bra» i år.

Omsette mest lokalmat i landet
Coop Nordvest som har butikkar frå Sognefjorden og nordover til Stokkøya i Trøndelag, omsette i fjor lokalmat for 179 millionar. Det var mest av samvirkelaga i Norge.

Konsernet har produkt frå fleire enn 160 lokalmatprodusentar i butikkane sine.

Deltakarane på fagsamlinga fekk også møte andre lokale produsentar som Tonga bryggeri i Norddal og Ole Ringdal frå Hellesylt.

Publisert: 19.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 19.09.2022 11:20

Mer om