Fv Jan Rune Hurlen Per Helge Devold Kjølmoen Rogeg Hofseth Lene Trude Solheim Cflow sjefen foto Ogne Øyehaug
ÅLEINE MOT ALLE: Arbeidarpartiet sin næringspolitiske talsmann, Per Vidar Kjølmoen (nummer tre frå venstre), møtte representantar for bedrifter og organisjonar i oppdrettsnæringa i eit tre timar langt møte i Ålesund i dag. Lakseskatten var hovudtema. Her dokumenterer dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum (med mobiltelefonen) møtet. Frå venstre Jan Rune Hurlen i Sparebank1 SMN, Per Helge Devold i MMC First Prosces og styreleiar i nettverket Global Aquaculture Technology Hub (Gath), Roger Hofseth i Hofseth Aqua og Hofseth International, dagleg leiar Lene Trude Solheim og Cflow-sjef Stig Olav Bjørkedal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nedbemanningane startar før jul

Effekten av forslaget til lakseskatt vil slå ut for fullt i leverandørindustrien på Nordvestlandet i mars neste år.

Dette var den alvorlege bodskapen Arbeidarpartiet sin næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen fekk då han møtte ei gruppe bedrifter i oppdrettsbransjen, Næringsforeningen Ålesundregionen og Molde Næringsforum fredag.

Møre og Romsdal har få oppdrettselskap med hovudkontor i fylket, men ein stor industri som lagar utstyr og anlegg og leverer tenester til oppdrettselskap.

Framlegget om skatteauke og uvissa om kva som til slutt blir det endlege vedtaket har fått oppdrettselskapa til å slå bremsene på.

Nytilsetjingar lagt på is
Planlagde investeringar er lagde på is eller avlyste, og det merkast hos bedriftene som lagar anlegg og utstyr for oppdrettselskap og foredlingsbedrifter.

- Der er planlagde investeringar og nytilsetjingar som er lagde på is. Der er kontraktar der det er sett på alle bremsene, der er nybygg som er kansellerte, eller sette på hald. Der er ringverknadene for leverandørane og deira leverandørar igjen, seier dagleg leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen.

- Han har fått veldig klar tilbakemelding på at det som ligg i framlegget no, er ekstremt dramatisk for næringa. Viss dei ikkje klarer å snu det, vil det bli eit utfall som er langt frå det som er ønska, seier dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum.

Kom for å lytte
Møtet i Ålesund varte i omlag tre timar.

- Dei synest deler av regjeringa sitt forslag er krevjande og at usikkerheita i bransjen er vanskeleg å forhalde seg til. Det er tilbakemeldingar vi tek på alvor, seier Kjølmoen til NETT NO etter møtet.

Kjølmoen forsøkte trygge fredagens samtalepartnarar på dei områda han kunne, men kom i første rekke for å lytte – ikkje for å kome med løysingar.

- Det var eit innspelsmøte som eg kan ta med inn i partiet, for å gjere dei justeringane som er nødvendige for å gi ein best muleg politikk, seier han.

Kom med avklaring om normpris
Stortingspolitikaren frå Rauma meinte det var eit godt, konstruktiv og ope møte, der han fekk konkrete tilbakemeldingar om kva ting som kan «skruast» på for å unngå uheldige konsekvensar.

Normpris var mellom temaene, ikkje minst korleis dette slår ut for foredlingsleddet som skal bearbeide fisken.

Kort tid i forvegen hadde finans- og fiskeriministeren påpeika at det er reell pris som skal gjelde – og at regjeringa vil sette ned eit utval som skal avgjere prisen.

- På møtet blei det mellom anna snakka om korleis vi kan få på plass modellar som styrker mulegheitene til å drive videreforedling her i landet. Det er jo eit felles mål for næringa og regjeringa, legg Kjølmoen til.

Formuesskatten

Under møtet tok bedriftene også opp formuesskatt og auka arbeidsgivaravgift på folk med høge inntekter. Også dette seier Kjølmoen han tek med seg tilbake til partiet og stortingsgruppa.

- Når det gjeld auka arbeidsgivaravgift, så er tilbakemeldinga at her er mange kompetanseintensive bedrifter, der dette slår ut uforhaldsmessig hardt, seier Kjølmoen.

Motstanden mot auka formuesskatt har særleg dreia seg om uheldige konsekvensar ved skattlegging av arbeidande kapital.

- Eg opplever ikkje at det er stor motstand her i dag kring at formuane kan tole ei viss auke i skattlegginga, men bransjer som er svært kapitalkrejvande og sykliske bransjar, som i tillegg kan ha låg lønnsemd, så slår formuesskatten tungt ut når ein ikkje kan skilje arbeidande kapital frå anna kapital, seier Kjølmoen.

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Publisert: 18.11.2022 15:13

Sist oppdatert: 19.11.2022 18:05

Mer om