Kjetil Lund NVE
NVE-sjef Kjetil Lund meiner Norge i åra framover må førebu seg på periodar der vi rett og slett ikkje har nok straum og må importere kraft. I slike periodar vil straumprisane også nå nye høgder. Men tiltak som energieffektivisering, meir fleksibelt forbruk og utbygging kan motverke dette. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

NVE åtvarar mot sprengd kapasitet

Kan bli for lite straum i periodar - og endå høgare prisar.

19.05.2022

(NPK-NTB): Fram mot 2030 kan Noreg oppleve situasjonar der det kan bli for lite straum i periodar med høgt forbruk, og endå høgare straumprisar. Det meiner NVE.

I periodar med høgt straumforbruk vil Noreg måtte importere straum for å klare toppane, og i slike periodar vil straumprisane også fyke til vêrs. Det viser ei ny utgreiing frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Mot 2030 vil effektbalansen, kor mykje straum vi bruker på ein gong, utfordre kraftsystemet i både Noreg og Norden, heiter det mellom anna i utgreiinga, som torsdag vart oversend Olje- og energidepartementet.

– Effekt handlar om at vi har nok straum til kvar tid, sjølv på den kaldaste vinterdagen. Effekt har ikkje pleidd å vere eit problem i Noreg, men i åra framover går vi mot ein strammare effektbalanse. Det blir viktig å følgje med på utviklinga dei neste åra, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei pressemelding.

Større behov enn kapasitet
Analysen viser at det norske effektbehovet kan auke med mellom 2 og 6 gigawattimar (GW) fram mot 2030, avhengig av kva forbruksscenario som blir lagt til grunn. Samtidig ventar ein berre ein moderat auke i produksjonen – rundt 0,6 GW.

Behovet for kraft fram mot 2030 er altså større enn det norsk kraftverk klarer å levere.

– I utgangspunktet kan vi importere kraft i periodar med negativ nasjonal effektbalanse. Men sidan heile Europa går mot eit meir vêravhengig kraftsystem, og det kan oppstå situasjonar med låg tilgjengeleg kraftproduksjon i fleire land samtidig, kan det fort bli dyr import, seier Lund.

Produksjonskapasiteten er ujamt fordelt utover landet, noko som fører til at nokre område har nok straum også i periodar med høgt forbruk, medan andre område vil slite. Spesielt gjeld dette austlandsregionen, som vil vere spesielt avhengig av import i slike tilfelle.

Framleis dyr straum i periodar
I februar 2021 vart det sett ny forbruksrekord i Noreg, og hausten 2021 og vinteren 2021–2022 har vore prega av høge kraftprisar i det sørlege Noreg. Alt tyder på at nordmenn må førebu seg på periodar med høge straumprisar også i framtida.

– Dei siste vintrane har gitt oss ein forsmak på høgare effekttoppar og variable og høge kraftprisar. Med strammare effektbalanse både i Noreg og nabolanda våre kan vi truleg vente oss fleire timar og periodar med høge prisar på kraft og reservar i åra som kjem, seier Lund.

Kva kan så blir gjort for å forbetre situasjonen?

– Ein auke i kraftforbruk som er lite fleksibelt, vil forsterke den negative utviklinga. Tiltak som auka energieffektivisering, meir fleksibelt forbruk, fleire batteri og meir utbygging av regulerbar kraft, vil derimot bidra til å styrkje effektbalansen, seier Lund.

Ei slik utvikling mot meir variabel kraftproduksjon ser ein både i Norden og i Nord-Europa.

Utgreiinga er gjennomført av NVE, i samarbeid med Statnett, på oppdrag frå departementet.

(©NPK)

Publisert: 19.05.2022 11:32

Sist oppdatert: 19.05.2022 11:38

Mer om