– Næringslivet ligg føre politikarane
NHO med ønskeliste til energimeldinga.
(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve): Massiv utbygging av vindkraft til havs, hybridkablar til utlandet og meir vasskraft. Det er NHOs ønskeliste til energimeldinga til regjeringa.
Regjeringa er venta å leggje fram meldinga før påske. Den er eit tillegg til planen Solberg-regjeringa la fram i juni i fjor. Sidan då har Europa vorte ramma av krig og energikrise.
– Det vi har opplevd med høge straumprisar og energisituasjonen på grunn av krigen i Ukraina, er ei påminning om kor viktig bidrag norsk energi er for både norsk industri og for Europa. Vi forventar at vi skal vesentleg opp i tempo og ha ei massiv havvindutbygging, meir utbygging av vind på land og vassdrag. Vi må sikre ein mykje høgare kraftproduksjon, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).
Vil ha konsesjonar
Han meiner det er viktig å få
opp tempoet både for å nå klimamåla og for å hjelpe Europa, som vil
gjere seg mindre avhengig av russisk gass.
– Vi er veldig utolmodige. Næringslivet ligg føre politikarane, seier han.
Han etterlyser raskare saksbehandling og utlysing av konsesjonar for havvind både til havs og på land, så vel som utbygging av sidevassdrag. I tillegg krev næringslivsorganisasjonen hybridkablar, som gjer det mogleg å eksportere havvind frå Nordsjøen til Europa.
Vi er veldig utolmodige. Næringslivet ligg føre politikarane
Alt som står på NHOs ønskeliste, er omstridd. Då regjeringa la fram planane sine for havvind i februar, var det utan hybridkabelen mange meiner er nødvendig for å gjere utbygginga lønnsam. Krafteksport til Europa har vorte langt meir omstridd som følgje av straumpriskrisa i vinter, og spesielt i Senterpartiet er det motstand mot kablane. Fiskarane fryktar vindturbinda vil gå ut over havmiljøet.
Regjeringa sende spørsmålet om hybridkablar til utgreiing og gav NVE i oppgåve å finne fleire havområde som eignar seg for vindkraft.
Dei mange vindmøllene som har vorte bygget i norsk natur dei siste åra, har ført til konfliktar om støy og naturvern. Naturvernarar fryktar òg at verna vassdrag kan bli bygd ut.
(©NPK)
Publisert: 08.04.2022 08:58
Sist oppdatert: 08.04.2022 09:38