Prodtex mai 2021 illustrasjon robot foto Marius
AVANSERT PRODUKSJON: Prodtex utvikla ein form for automatisert lasersveis som gjerast av robotar og blei nytta til å levere fleire bruer til Statens vegvesen. Til høgre er dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Prodtex-konkursen: Forsøkte berge vidare drift ved sal

Burevisor sin gjennomgang viser at det ble gjort ei rekke grep for å halde fram drifta.

Marius Rosbach
18.02.2025

Rapporten frå burevisoren etter konkursen i Prodtex Industri viser korleis leiinga forsøkte å unngå konkurs og berge vidare drift. 

Ein rekke ulike grep for å styrke likviditeten blir gjort allereie frå seinhausten 2023. Undervegs blir det gitt lån frå fleire av aksjonærane og banken utvidar kassakreditten. 

I perioden frå mars 2024 til sommaren er det svært hektisk møteverksemd for styret. 

Vurderte å selje anlegg
Mellom anna vart det utgreia sal av anlegget på Fiskå for å sikre midlar til vidare drift. Ved å overføre anlegget til marknadspris, vurderte leiinga at det kunne vere mogleg å få inn kring 27 millionar i friske pengar. Samtidig blei det vurdert at det burde vere moglegheit for å kjøpe anlegget tilbake. 

Parallelt som det blei jobba med å hente inn kapital til eit eventuelt eigedomsselskap, var det dialog med både Innovasjon Norge, Eksfin, banken og oppdragsgivarar for å finne ei løysing. 

Det var også kontakt med ein mogleg investor frå Sverige så seint som i mai månad. 

Nyleg blei det kjent at dei lokale investorane i Holmen Mekaniske Verksted har teke over industrieigedomen, og vil skape ny aktivitet på staden.

Meiner selskapet var insolvent før oppbodet
Selskapet meiner tidspunktet for insolvens oppstod i starten av juni, då det blei meldt oppbod til retten. 

Bakgrunnen er at dei våren 2024 var i forhandlingar med Lerøy Seafood om justering av vilkåra for oppdraget med å bygge fem store merdar i stål. Dei har opplyst at det var uklart om partane ville kome til ei løysing heilt fram til slutten av mai. 

At eit selskap et insolvent betyr at dei ikkje er i stand til å betale dei økonomiske forpliktingane sine etter kvart. 

Burevisoren meiner tidspunktet for insolvens nokre månader tidlegare i mars 2024. Frå det tidspunktet forverra økonomien seg kraftig, etter at det var tilført kapital eit par månader tidlegare. 

Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 33
VELTA SELSKAPET: Oppdraget med å lage store stålmerdar til Lerøy Seafood var hovudårsaka til at Prodtex Industri gjekk over ende og enda i skifteretten, opplyste selskapet etter å ha meldt oppbod. Foto: Marius Rosbach

Tap på fleire prosjekt
Rapporten viser tapa at som selskapet har opparbeida seg, i all hovudsak kjem frå store underskot i prosjekta dei har jobba med. 

Tapa var desidert størst på dei to merdane i stål som selskapet hadde laga for Lerøy Seafood. Her vart det bokført samla tap på 53 millionar kroner. 

Også Elverøy bru, som var den tredje brukontrakten selskapet sikra seg for Statens vegvesen, gjekk i minus. Prosjektet enda med eit underskot på drygt 18 millionar kroner. 

Den siste tida før selskapet melde oppbod hadde dei fem merdar og ein gasstank for hydrogen under arbeid.

Kraftig auke i inntekter - og tap
Burevisor har også sett opp utviklinga i rekneskapane for selskapet. Inntektene auka kraftig frå 2019 og fram til 2023.

Oppsettet viser inntekter på kring 105 millionar kroner og eit årsresultat på minus 53 millionar kroner i 2023. 

Den negative utviklinga held fram i 2024. Då Prodtex Industri melde oppbod hadde dei eit underskot på knappe 54 millionar kroner. 

No i vinter blei det kjent at også morselskapet Prodtex AS kjempar for å overleve etter konkursen i dotterselskapet.

Publisert: 18.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.02.2025 09:10

Mer om