Vard-dotter reknar med å bli 100 fleire i år
Milliardauke i ordreboka. Treng fleire folk.
Vard Electro har fullt opp å gjere i lang tid framover. Aktiviteten gjer at dotterselskapet i skipsbyggjarkonsernet har tilsett ein rekke nye folk.
– Ved utgangen av april var vi 710 personar og vi har hatt god takt på signeringa av nye tilsette. Ved utgangen av året reknar vi med å nærme oss 770 tilsette, fortel marknadssjef Gisle Anderssen i Vard Electro til Nett No.
Det vil i tilfelle være 100 fleire tilsette enn selskapet hadde ved utløpet av 2023. Då var dei 676 tilsette i ni ulike land, inkludert Norge.
Kraftig auke i ordrereserven
Marknadsjefen fortel at rekrutteringa har gått greitt ut frå situasjonen i arbeidsmarknaden.
– Høgteknologiske ingeniørar i elektrofaget har vore vanskeleg å finne, men det ser ut til at vi har funne ei god oppskrift, for vi har fått inn mange dyktige folk, legg han til.
Ordrereserven for Vard Electro auka med 1,1 milliard i fjor, og landa på heile 4,1 milliardar kroner ved utløpet av året, viser årsmeldinga som nyleg blei offentleg.
Det gjer at dotterselskapet har fullt opp å gjere både i år og neste år – og delvis ut til 2027, heiter det vidare.
Stabil omsetning og lågare lønnsemd
Fjorårets omsetning var stabil på kring 1,8 milliardar, samanlikna med året før. Om lag 60 prosent av verksemda til Vard Electro skjedde i Norge - litt mindre enn i 2022, viser årsmeldinga.
Lønnsemda gjekk ned i drifta, men som følgje av inntekt på investering i dotterselskap på 105 millionar, endar likevel resultatet før skatt med ei solid auke (sjå tabell under).
Resultatet gjer at selskapet overfører drygt 326 millionar kroner i konsernbidrag til eigarane etter fjoråret.
Vard Electro As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 1.806 | 1.800 |
Driftsresultat | 74,5 | 122 |
Resultat før skatt | 178,5 | 116,3 |
Ventar auke i fleire marknader
Vard Electro skriv i årsmeldinga at dei ventar auke i etterspurnad etter deira tenester både frå vindkraftindustrien, oljeservice og cruise - og at det vil gi stabil ordreinngang i åra framover.
For 2023 vart ordreinngangen på kring 3,1 milliardar kroner, og inkludert ni nye serviceskip for havvind.
Vard Electro har óg sikra seg fleire kontraktar for utstyr til spesialskip, til eksempel til å legge kablar og støttefartøy ved vindparkar. Optimismen er stor til at det blir meir arbeid med slike fartøy.
– I desse marknadene er det framleis mykje aktivitet og moglegheiter til å sikre fleire kontraktar i framtida, heiter det i årsmeldinga.
Les om ordreboomen ved årsskiftet:
Vil ha fleire eksterne oppdrag
Mesteparten av inntektene til Vard Electro kjem frå nybygg ved dei ulike Vard-verfta, men selskapet jobbar også med å auke inntektene frå eksterne kundar.
Det er i tråd med strategien frå eigarane i Fincantieri. Det italienske skipsbyggjarkonsernet har nyleg også kome med optimistiske meldingar om framtidsutsiktene.
Krigen i Ukraina, utgjer ingen stor risiko for drifta, og den russiske marknaden er ikkje vesentleg. Den har likevel ført til lengre leveringstider på komponentar. Vard-selskapet har lagt om drifta for å tilpasse seg situasjonen, heiter det i årsmeldinga.
Publisert: 31.05.2024 10:28
Sist oppdatert: 31.05.2024 19:31