Vil leige tilsette av kvarandre
Maritim bransje går nye vegar for å møte bemanningsutfordringane.
Mandag vart det markert oppstart for kompetanseprosjektet MAKOMP ved Skaparhuset i Ulsteinvik.
Gjennom eit nytt konsept skal bedrifter i den maritime industrien kunne leige inn og leige ut tilsette til kvarandre. Arbeidet skjer i regi MAFOSS (Maritim Forening for søre Sunnmøre).
Prosjektet starta med eit initiativ frå Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein, som også innleia seansen måndag. Ho fortalde at ho fekk ideen etter at bransjen fekk ein kraftig knekk i kjølvatnet av oljefallet, og måtte gjennom ei tøff omstilling.
Oppmoda til meir samarbeid
Gunvor Ulstein meiner regionen er prega av at det har vore mindre
samarbeid dei siste 20 åra, og oppmoda bedrifter til å ikkje «vere seg
sjølv nok».
- Vi har vore vande med å samarbeide når vi kan, og konkurrere når vi må. Eg meiner det er meir relevant enn nokon gong, sa Ulstein.
Med eit meir utfordrande verdsbilde håpar ho eit slikt prosjekt vil vere med å styrke den maritime klynga.
- Slik håpar vi å få fleire fagarbeidarar, utvikle dei og halde på kompetansen med fleire lærlingar og YSK-elevar. Slik kan vi utvikle den nye generasjonen med industriarbeidarar og tilsette, meinte Ulstein.
(saka held fram under)
Felles plattform med samkøyrde reglar
Ein viktig del av utfordringa med bemanninga i den maritime industrien, handlar om variert tilgang på oppdrag og store variasjonar i behovet.
Gjennom kompetanseprogrammet håpar ein at både tilsette og bedriftene får meir stabile og trygge arbeidsplassar.
Konseptet vil vere ei felles plattform med samkøyrde reglar der bedrifter kan melde inn ledig kapasitet eller behov for å leige inn personell. Slik kan bedriftene enklare og meir effektivt gjere leigeavtalar seg i mellom.
Møtte verftsarbeider hos møbelleverandør
MAKOMP-konseptet vert testa i eit pilotprosjekt frå hausten 2022. Opplegget er utarbeid i tett samarbeid med lokalt næringsliv.
Mangeårig MAFOSS-leiar Gunnar Saunes hadde sjølv opplevd korleis prosjektet ga frukter. Under eit besøk hos Sykkylven Stål møtte han to sveisarar frå Ulstein Verft som jobba hos møbelleverandøren gjennom -prosjektet.
- Det viser at om ein har gode strukturar, så gir det ringar i vatnet. Eg trur dette kan gi verknader lang utover regionen, sa Saunes.
Publisert: 05.09.2022 12:20
Sist oppdatert: 05.09.2022 19:37