Erna solberg damene først ålesund foto marius 11
BLIKKET MOT 2025: Erna Solberg seier at ho har teke lærdom av aksjesaka og er klar for å sjå framover etter ein vanskeleg haust. Den lange valkampen er i gang. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Rettar blikket mot den lange valkampen

– Det har vore ein tøff runde, medgir Erna Solberg.

29.12.2023

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Året 2023 vart ikkje heilt som Erna Solberg hadde planlagt. – Det har vore ein tøff runde, medgir ho.

– Dette året har vore fylt av både oppturar og nedturar, seier Solberg lakonisk til NTB.

Det byrja jo så bra. Solberg reiste land og strand rundt for å oppmuntre partifellar og sanke veljarar. Det gjekk så det suste. Erna var og vart stjerna.

Historiske målingar enda med eit knallgodt val. Høgre vart det største partiet i landet med 25,9 prosent av veljarane bak seg. To av tre nordmenn skulle no bu i ein Høgre-styrt kommune.

Så kom aksjesaka.

Frå Solberg kalla inn til pressekonferanse der ho med klump i halsen la fram den leie sanninga om aksjehandlane til ektemannen, tok det 60 dagar før ho erklærte at ho aktar å halde fram som partileiar. Har ho no lagt saka bak seg?

– Altså, nei. Eg er ikkje ferdig. Dette er jo ikkje noko du legg bak deg, seier Solberg.

– Ansvar for journalkrøll
Kontroll- og konstitusjonskomiteen er heller ikkje ferdig. Kanskje kan det komme kritikk mot den tidlegare statsministeren når komiteen landar innstillinga si i februar.

Komiteen måtte ta ein ekstra runde etter at E24 kunne avsløre at journalføringa ikkje har vore heilt i orden på Statsministerens kontor. E-postar som handla om ektemannen Sindre Finnes, hadde ikkje hamna i det digitale, søkbare postlistesystemet som journalistar og andre vitebegjærlege sjekkar. I staden var dei skrivne ut og lagde i eit internt papirarkiv.

– Formelt er det jo eg som hadde ansvar for det, seier Solberg, som den gong var statsminister.

Men legg til: Sjølv kjende ho ikkje noko til dette. Embetsverket innrømmer å ha gjort feil. Og førespurnader frå Finnes til politiske kontaktar vart journalførte på vanleg måte.

Formelt er det jo eg som hadde ansvar for det
Erna Solberg

Støtta frå partifellane varma
Det var tilbakemeldingane frå hennar eigne som vart utslagsgivande for at Solberg bestemde seg for å halde fram. Ho snakkar varmt om forståinga og dei mange oppmuntrande meldingane ho fekk.

– Eg var absolutt i tenkjeboksen, samanfattar ho.

Det er vanskelegare å svare på kva som vog tyngst i motsett retning. Setningane haltar litt, held fram med å vere uavslutta. Innøvd gjentek ho den kjende bodskapen: Ville ho bli eit pluss eller minus for partiet? Det hadde vore utenkjeleg å halde fram viss ho opplevde at det vart motteke negativt i eigne rekker. Men no dveler ho tilsynelatande ikkje særleg over avgjerda lenger.

– Poenget er at eg meiner at du ikkje kan gå på vent. Sant? Eg jobbar med dag-til-dag-politikken og korleis vi skal utfordre regjeringa endå meir, seier ho.

Omstillinga i gang
Neste år er eit mellomvalår, og Erna Solberg og Høgre går laus på den langsiktige valkampen. Det er berre litt meir enn 600 dagar til stortingsvalet. Jobben med å snikre saman eit nytt partiprogram er for lengst i gang.

Solberg teiknar opp hovudutfordringane i fireårsperioden som følgjer etter 2025. Vi må levere på klimaforpliktingane. Oljeaktiviteten vil gå ned. Omstilling og meir aktivitet i næringslivet for å finansiere offentlege utgifter. Og vi må løfte kompetansen her i landet – særleg i realfag og matte (Pisa-undersøkinga bekymrar).

Og så er det dyrtida og kjøpekrafta. Det merkar vi alle, ikkje berre dei med dårlegast råd. Det kjem til å vere ei viktig sak også framover, meiner Solberg.

– I realiteten så har jo omstillinga av Noreg starta, seier ho. Ei svakare krone gir meir eksport, men bidreg også til at folk får mindre å rutte med.

– Det må vi ha ei medviten haldning til. Korleis sørgjer vi for at vi har nok høglønnsame arbeidsplassar, seier ho.

Solberg set rekordar
Det er lysta til å løyse dei mest krevjande oppgåvene – og dessutan det å vere ute og møte folk – som er drivkrafta. Det er her ho hentar energien.

Solberg har gått forbi Kåre Willoch som den lengstsitjande statsministeren og C.J. Hambro som den lengstsitjande partileiaren i Høgre.

Neste år har ho leidd Høgre i 20 år, og ho tangerer Einar Gerhardsen (Ap) i talet på år som partileiar. Då er det berre Framstegspartiets Carl I. Hagen som har leidd eit parti lenger, ifølgje ei oppteljing Aftenposten gjorde for eit par år sidan.

Ho tek gjerne ein ny periode som statsminister. Og om ho ikkje skulle vinne valet eller klare å samle dei borgarlege partnarane, er ho også førebudd på ein ny periode i opposisjon. Solberg gjer det klart at ho vil stille til stortingsval, endå ein gong.

– Eg skal spørje fint nominasjonskomiteen og Hordaland Høgre om dei vil ha meg på toppen av lista ein gong til, seier ho vennleg med eit islett av bergensk sarkasme.

Den uthaldande politikaren
Internasjonal toppjobb freistar ikkje særleg. Det har komme spørsmål om ho kunne vere interessert i å stille som kandidat til nokre verv innanfor område ho har interessert seg for (ho går ikkje inn på kva). Etter å ha tenkt seg om, kom ho til at det ikkje er for henne.

– Eg synest mitt virke er i norsk politikk, seier Solberg.

Kva slags eigenskapar er det ho har i seg som gjer at ho stadig lèt seg motivere av politiske utfordringar? Som gjer at ho sjølv etter denne hausten ikkje vel å takke for seg?

– Eg har stamina. Det er det eine. Og så er det jo sånn at konservative politikarar veit at ting skjer på lang sikt.

(©NPK)

Publisert: 29.12.2023 09:53

Sist oppdatert: 29.12.2023 09:53

Mer om