Ferje vindkraft foto marius kjell herskedal 11
TO VIKTIGE OMRÅDE: Fylkesordførar Anders Riise trekk fram kraft og samferdselstilbod som to viktige områder der fylkeskommunen kan legge til rette for næringslivet. Foto: Marius Rosbach/Kjell Herskedal
Nytt

Samferdsel og kraft avgjerande for næringslivet

Fylkesordføraren utfordrar staten om ferjepengar og kommunar om kraft.

Marius Rosbach
20.01.2024

Møre og Romsdal fylkeskommune er på veg inn i eit trongare år økonomisk enn på lenge. Fylket er mellom dei som har mest gjeld i landet. Møre og Romsdal er også mellom fylka som har minst reservar å rutte med – i form av fondsmidlar. Med andre må drifta på vere på stell den komande perioden.

Om lag slik kan innleiinga til den nye fylkesordføraren oppsummerast, då vi ber Anders Riise om ein prat om økonomien.

– Som alle andre er også fylkeskommunen i ei «dyrtid» når det gjeld alt frå drift og vedlikehald av vegar og bygg til investeringar, seier Riise til NETT NO.

Må redusere investeringane
Høgre-politikaren frå Hareid skal leie fylket gjennom den komande perioden med støtte frå Frp KrF og Venstre. Han legg ikkje skjul på at den økonomiske situasjonen gjer at det blir smalhans på investeringsfronten framover.

– Dei budsjetta som blei lagt for berre eitt til to år sidan, er blitt mykje dyrare. Vi er nøydd til å ta ned investeringsnivået framover for å få ei berekraftig gjeldsbyrde, meiner Riise.

For å få orden på fylkesøkonomien, meiner det nye fleirtalet at det er nødvendig med effektivisering. Difor blei det før jul vedteke eit kutt på 2,7 prosent på alle områder.

I løpet av dei neste vekene vil administrasjonen komme tilbake til politikarane med eventuelle konsekvensar.

– Folk og varer inn og ut av regionen
Fylket sin nye politiske leiar har samtidig vore klar på at han vil å ha meir ja-haldning til næringslivet. Det betyr mellom anna å sørge for at vegane er køyrbare og ferjene går. Der stod også eitt av slaga i budsjettdebatten før jul i fylkestinget.

Det borgarlege fleirtalet ville ikkje redusere ferje- og hurtigbåttilbodet. Riise påpeiker at det også var ei valkampsak.

– Når vi møter næringslivet snakkar dei om samferdsel, samferdsel og samferdsel. Dei vil ha folk og varer inn og ut av regionen, seier han.

Samtidig meiner han det har vorte ei «ny tidsrekning» med avgangar kvart 20. minutt på fleire av dei største ferjesambanda i fylke.

Myklebust nygård riise foto mrfylke
STATSRÅDMØTE: Då Anders Riise (t.h.) møtte samferdsleminister Jon-Ivar Nygård i haust saman med Hans Olav Myklebust frå Frp, var meir pengar for å ta igjen vedlikehaldet på fylkesvegane mellom sakene han bad om meir pengar til. Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune

Vil ha dekka ferjeutgifter frå staten
Men ferjetilbodet kostar. Fylket har rekna ut at dei har utgifter på kring 250 millionar kroner meir, enn dei får frå staten å halde tilbodet på nivået som i dag. Det er pengar Riise og dei andre fylkespolitikarane vil ha dekka frå statleg hald.

– I dag brukar vi andre delar av budsjettet for å finansiere den ferjedrifta, påpeiker Riise.

No har Stortinget også vedteke nye utsleppskrav for ferjer og hurtigbåtar allereie frå 2025. Både i fylkespolitikken og i den maritime industrien er det stilt spørsmål ved finansieringa.

– Det vil vere ekstremt kostnadsdrivande. Når Stortinget innfører lovkrav, må dei også følgje opp onmed løyvingar, legg fylkesordføraren til.

Stort underskot på kraft
Nyleg blei Anders Riise valt til å leie Vestlandsrådet, som består at Vestland og Rogaland, i tillegg til Møre og Romsdal. Han meiner dei tre fylka har mykje av dei same utfordringane med underfinansiering av ferjedrift og manglande vegvedlikehald.

Tilgang på kraft er ei felles utfordring i store delar av landet. Møre og Romsdal er mellom fylka i landet med størst kraftunderskot – som vil seie at produksjonen av kraft i fylket, er mindre enn forbruket.

– Det er ein stor etterspurnad etter energi i Møre og Romsdal, som vi ikkje har i dag, erkjenner fylkesordføraren.

Behovet for kraft er sett på dagsorden av ein rekke aktørar den siste tida.

Nyleg la også Statkraft fram ein plan for rekordinvesteringar i vass og vindkraft dei komande åra. Noko av desse milliardane vil truleg bli brukt på oppgradering av vindkraft på Smøla og ved Aure kraftverk i Sunndal.

Utfordrar kommunane om kraftutbygging
Utbygginga vil likevel ikkje vere nok til å dekke behovet her i fylket, og Riise meiner kommunane må gå i seg sjølve.

– Mange kommunar har etablert næringsområde, og vil ha både oppdrettsanlegg på land og vekst i andre næringar. Mitt spørsmål til dei kommunane som ønsker å drive næringsutvikling, er kva som kan vere deira sitt bidrag til å løyse energikrisa, seier Riise.

Høgre-politikaren er naturlig nok klar over at spesielt utbygging av ny vindkraft på land, kan skape konfliktar. Difor kan mange kommunar kvi seg for å gå inn for slike planar.

– Alle vil ha meir straum, men de færraste vil ha vindkraft, eller meir utnytting av vasskrafta, seier Riise.

Oppmodar til å droppe kraftutbytte
Fylkesordføraren meiner det må gjerast «meir av alt» og at både solenergi og havvind, energisparing og meir vasskraft, er grep som må takast for å løyse situasjonen. På sikt meiner han at også kjernekraft er svært interessant.

Riise trekk fram at mange kommunar har eigarskap i kraftselskap. Han ventar at lokalpolitikarane framover ikkje fell for freistinga til å ta utbytte for å saldere sine eigne budsjett – men at overskota i staden går til fornying og auke i produksjonen.

– Det kvilar også eit ansvar på stortingspolitikarane å sørge for utbygging av kraftnettet, legg han til.

Vil ikkje bruke pengar på ny møteplass
Før jul kom fylkeskommunedirektøren med eit forslag om å etablere ein ny møteplass mellom politikarar, næringsliv og andre aktørar. Det blei nedstemt av eit samstemt fylkesting.

Anders Riise meiner det er andre og betre måtar å møte næringslivet på.

– I staden for å bruke fleire hundretusen kroner på å arrangere ein slik konferanse, meiner vi det er betre å møte næringslivet på deira banehalvdel. Vi vil heller at politikar og fylkeskommunane skal møte opp på dei eksisterande konferansane, der næringslivet sjølv får sette dagsorden, fortel Riise.

Skaparkraft – eit program for å støtte eksportretta bedrifter i fylket – har vorte godt motteke av næringslivet. Før jul fekk eit nytt knippe prosjekt støtte frå denne potten på 15 millionar kroner årleg.

– Eg er veldig tilhengar av Skaparkraft-ordninga. Desse prosjekta samlar folk på tvers av næringsliv, akademia, politikk og offentleg forvalting, seier Riise.

Publisert: 20.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.01.2024 00:46

Mer om