Fabrikken på Hellesylt er den første fabrikken selskapet Norwegian Hydrogen byggjer og skal starte produksjon fjerde kvartal neste år.
Fabrikken er ein pilotprosjekt, og planen til selskapet er å byggje ei rekke slike fabrikkar og fyllestasjonar.
Målet er at å få hydrogen tatt i bruk som energiberar ombord i skip og båtar og i store lastebilar.
Hydrogen kan lagast ved å spalte vatn i oksygen og hydrogen ved hjelp elektrolyse. Når prosessen blir reversert frigjer den energi som blir brukt til å drive ei såkalla brenselcelle som lagar straum som driv elmotorar. Utslepp frå prosessen er vatn.
Om den elektriske straumen til prosessen er frå til dømes vasskraft - slik som blir tilfelle på Hellesylt, blir hydrogen eit CO2-utsleppsfritt drivstoff.

Større bilar
I prosessen frå vasskraft/vindkraft til elektrisistet og vidare til hydrogen og tilbake til elektrisitet går mykje energi tapt, til skilnad frå om elektrisiteten frå vasskrafta/vindkrafta blir brukt til å lade batteri - som i si tur driv elmotorane i bilar og båtar.
Den skilnaden favorisere batteri i personbilar og båtar som går kortare strekningar. Storleiken og tyngda på batteri som må til på lastebilar, tog og skip som skal på lenger strekningar gir hydrogen ein fordel.
Publisert: 02.11.2022 16:31
Sist oppdatert: 04.11.2022 10:39