Petter Frøystad teknisk leder i HAV Design Gisle Vinjevoll Thrane salgsansvarlig HAV Design og Kristian Steinsvik Fo U leder i HAV Design Foto Siv Elin Nærø
HÅPAR PÅ FLEIRE OMBYGGINGSOPPDRAG: Frå venstre teknisk leiar Petter Frøystad i Hav Design, salsanvarleg Gisle Vinjevoll Thrane og forsking og utviklingsleiar Kristian Steinsvik. Foto: Siv-Elin Nærø
Nytt

Stor ombyggings-kontrakt

Hav Design skal planlegge ombygging av skip selskapet sjølv har teikna.

26.05.2021

Det er den første store kontrakten på å teikne om ein båt der Hav Design teikna nybygget, og ein "betydeleg kontrakt" for Hav Design, seier salsanvarleg Gisle Vinjevoll Thrane i Hav Design.

Også for eit ombyggingsverft vil det vere ein stor kontrakt, i følgje Vinjevoll Thrane. Han reknar med at det blir avklart kva for verft som skal bygge om fartøyet før sommaren. Skipet skal vere ferdig ombygd i 1. kvartal 2022.

Les børsmelding her

Kan gjere fleire oppgåver
Kontrakten med kunden gjer at Hav Design ikkje kan opplyse storleiken på kontrakten, kven kunden er og kva skip det er snakk om.

I ei pressemelding lettar selskapet litt på sløret og fortel at det er snakk om eit skip som skal bli fleire meter breiare og få gangveg, heis og tårn slik at det kan ta fleire ulike oppdrag og operere i fleire delar av marknaden.

120 skip i porteføljen
Hav Design er eit skipsdesignselskap med over 120 skip i porteføljen og selskapet håpar den nye kontrakten blir den første av fleire slike oppdrag.

Hav Design er ein del av Hav Group, som tidlegare i år blei skilt ut av Havyard Group, og børsnotert.

Havyard Group er største eigar og har i sin tur Sævik-familiens selskap Havila Holding som hovudaksjonær.

Publisert: 26.05.2021 10:46

Sist oppdatert: 26.05.2021 10:48

Mer om