Bomstasjonar Ålesund
BOMSTASJONAR: Måndag starta innkrevinga av bompengar frå 13 stasjonar kring Ålesund. Kart: Bypakke Ålesund
Nytt

NAF vil ha slutt på bompengar

Startar innkrevjinga i Ålesund. TØI-rapport viser kostnadseksplosjon for bilistane.

Marius Rosbach
22.08.2022

(NPK-NETT.NO): NAF krev at det blir slutt på innkrevjing av bompengar her i landet. «Dette er ein permanent ekstraskatt som rammar dei som har lite frå før mest», seier pressesjef i Noregs Automobil-Forbund, Ingunn Handagard i ei pressemelding.

Måndag starta innkrevjinga av bompengar i Ålesund ved 13 bomstasjonar fordelt på tre bomsnitt.

Bompengane er kome på plass i samband med bypakka for Ålesund, og pengane skal mellom anna finansierer betre sykkelvegar og ny innfartsveg til byen.

Det er gitt løyve til å krevje inn bompengar i 15 år, men truleg vil det vere kome inn nok pengar innan 12 år, ifølgje heimesida til Bypakke Ålesund.

Samtidig som det blir starta med bompengar frå måndag, blir det gratis å reise med buss i to månader. Same periode blir det 40 prosent rabatt på hurtigbåtreiser til Ålesund.

Firedobla kostnader for bilistane
Bransjeorganisasjonen NAF er ikkje nøgd med storleiken på bilistane sitt bidrag. I pressemeldinga måndag viser dei til at Transportøkonomisk institutt (TØI) nyleg publiserte ein rapport over bompengane i Noreg.

Denne viser at bompengekostnaden på ei vanleg jobbreise har firedobla seg frå 2005 til 2019; frå 4,40 kroner til nesten 20 kroner. Og stadig fleire betaler bompengar.

Nesten halvparten av hushalda i Noreg har no minst éin som må betale bompengar viss dei skal køyre til jobb.

Fakta om bompengar

  • Dei fem siste åra har bilistane betalt inn rundt 12 milliardar kroner i bompengar årleg.
  • Om lag kvar femte kroner som staten tek inn i bilrelaterte avgifter kjem frå bompengar.
  • Elbilar betaler opp til halv takst av ein bensin- eller dieselbil i bomstasjonane. Statens vegvesen har foreslått å auke denne delen til 70 prosent.
  • Elbilar utgjer om lag 17 prosent av personbilparken i Noreg, resten er bilar med forbrenningsmotor (inkludert ladbare hybridar)
  • kjelde: NAF
12 milliardar i året
NAF meiner at denne rapporten frå TØI viser tydeleg korleis bompengar kan ramme skeivt: Folk med høgare inntekter kan i mykje større grad sleppe unna bompengane, ved å skaffe seg elbil og dermed lågare bom-takst.

«Elbildelen er mykje høgare blant dei med høg inntekt, og det er desse som får kutta kostnadene sine kraftig. Men ikkje alle har denne moglegheita. Å byte til elbil er ikkje gjort utan vidare for familiar med låge inntekter», seier Handagard i pressemeldinga om kvifor ho meiner bompengane er ein skatt som treffer dei som har minst hardast.

Dei fem siste åra har bilistane betalt inn om lag 12 milliardar kroner i bompengar årleg. «Sjølv med den auka elbilandelen er bompengeinntektene til staten stabil. Det betyr at bomrekninga til bensin- og dieselbilistane har auka, sjølv om summen held seg konstant», ifølgje Handagard.

Ikkje berre byfenomen
Første september aukar takstane i bomringen rundt Oslo. Det er ein del av ei utvikling der det blir stadig dyrare å køyre i byane, men bompengar er langt frå eit byfenomen. I tillegg til bompengar i 11 byar og rundt 50 eksisterande bomstasjonar langs riks- og fylkesvegane har politikarane vedteke ei rekkje nye prosjekt som startar opp dei næraste åra.

For politikarane som no ser at folk slit med økonomien, er det å bremse bruken av bompengar som finansiering av samferdsel ein enkel måte lette det trykte på, meiner NAF, som meiner samferdsel må finansierast på same måte som andre fellesskapsgode.

(©NPK)

Publisert: 22.08.2022 09:51

Sist oppdatert: 22.08.2022 16:15

Mer om