G O Sars trål foto Havforskingsinstituttet
STOR PÅVERKNAD: Forskarar har samla kunnskap om effektane frå av botntråling. På bildet er forskningsfartøyet G.O. Sars på tokt med trål. Foto: Havforskingsinstituttet
Nytt

Tråling skadar livet på havbotnen

Fangstmetoden har store konsekvensar. Men usikkerheit om klimapåverknad, ifølgje rapport.

NPK
31.01.2023

(NPK): Ny forsking syner at botntråling både fangar, flyttar og skadar livet på havbotnen, og at det kan gå mange år før han er restituert.

I ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet har forskarar samanfatta all tilgjengeleg kunnskap om korleis botndyr og leveområda deira blir påverka både fysisk, kjemisk og biologisk av fiske med botntrål.

– Botntråling er den menneskelege aktiviteten som i geografisk utstrekning har størst påverknad på havbotnen. I dette arbeidet har vi lagt vekt på påverknader frå fisketrål og reketrål, som er det som er mest relevant for norske forhold, seier forskar Svein Løkkeborg ved Havforskingsinstituttet (HI) som har leidd arbeidet med rapporten.

Havbotn IKKE GJENBRUK FOTO NPK
MYKJE LIV: Stilkar av stortare. Underskogen er dekt av eit teppe med raudalgar. Foto: Havforskingsinstituttet
Kvervlar opp og lagar spor på botnen
Fiske med botntrål kvervlar opp sediment på havbotnen. Tråldørene lagar spor på botnen som kan vere inntil 30 centimeter djupe.

– Kor sterkt og lenge botnen blir fysisk påverka av tråling, avheng av mange ulike faktorar. Som kva type botn det er i området og kva dyr som lever der. Også straum- og bølgjeforhold, og sjølvsagt kva trål og kva fartøy som fiskar, speler inn, forklarer Løkkeborg.

Stor påverknad på leveområde
Fysiske effektar av tråling er størst på blaut mudderbotn, som består av leire og silt.

Forskarane har dokumentert at botntråling har stor påverknad på leveområde som er dominerte av store fastsitjande organismar som veks seint og lever lenge – som korallar, svampar og sjøfjører.

Undersøkingar i Barentshavet viser at tråling fangar, flyttar og skadar organismane i slike leveområde. Studium i andre område har vist at det kan bli færre botndyr etter tråling – men at effekten varierer frå område til område.

Usikker klimapåverknad
Når sediment på havbotnen blir kvervla opp av ein botntrål, kan det frigi karbon som kjem ut igjen i havet. Ein del av karbonet kan ende opp i atmosfæren i form av CO2.

Kor mykje CO2 som endar opp i atmosfæren, og kor stor effekt botntråling har på klimaet, er likevel usikkert og vil krevje omfattande undersøkingar.

Lang tid på å «hente seg inn igjen»
Det er store forskjellar på kor lang tid eit leveområde trengjer på å «hente seg inn igjen» etter botntråling. Det handlar om kor mykje området har vorte tråla, og over kor lang tid.

– Studiar viser at eit moderat påverka område kan restituere seg innan eitt år, medan i område der det har vorte tråla i mange år, vil det ta meir enn ti år. Det er store kunnskapshol om effektane av botntråling på ulike dyr og økosystem på havbotnen. Til no er det utført få studiar. Skal vi vite meir, må ein gjere storskala undersøkingar på ulike botntypar og samanlikne desse med urørte område, seier Svein Løkkeborg.

(©NPK)

Publisert: 31.01.2023 11:46

Sist oppdatert: 31.01.2023 11:45

Mer om