Klyngekonferansen 2022 foto Marius Rosbach 11
BETRE TIDER: Klyngekonferansen i Ålesund i slutten av september oppsummerer korleis det har gått og kva som er utsiktene for bedriftene i maritim klynge på Nordvestlandet. Årets klyngekonferansen vil trulege viser framgangfor verft og offshorereiarlag. (Biltetet er frå klyngekonferansen i 2022). Foto: Marius Rosbach
Analyser

Nytt godt år for næringslivet

Vekst i inntektene, framleis god lønsemd og førebels få bransjar der bremsene er sett på. Slik var 2022 og slik er 2023.

10.09.2023
ANALYSE/NETT NO-Barometeret

Frå 2020 til 2021 gjorde bedriftene på Nordvestlandet eit solid hopp, både i inntekter og lønsemd.

I fjor beit dei seg fast på det nye nivået. Inntektene vaks, og lønsemda blei neste like god som i 2021 (sjå tabell).

Talet på tilsette auka også, med over 2600 personar i NETT NO si oversikt.

Så langt i år melder både møbel- og bilbransjen om nedgang, men ikkje full stopp. Møbelhandelen ligg til dømes framleis over 2019-nivået. Det var siste året før koronapandemien utløyste ein boom for blant andre møbelbransjen.

Bustadbyggjarane ser at færre byggeprosjekt blir sett i gang og i hyttemarknaden er det brems. Dette kan vere signal om at fleire vil møte tilbakegang, men førebels er det optimistane som dominerer.

Andre gode år på rad
Utviklinga for næringslivet på Nordvestlandet i åra 2018-2022

Tal i milliardar kroner

DriftsinntektRes. f. skattResultatmargin
2022245,317,47,1 %
2021212,716,17,6 %
2020184,94,92,6 %
2019180,36,93,8 %
2018161,01,20,8 %
Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene
Kjelde: Bisnode


Tek temperaturen på næringslivet
Sidan NETT NO såg dagens lys i 2013 har vi kvart år henta ut ei oversikt over korleis næringslivet gjer det.

Det er selskapet Bisnode som lagar rekneskapsdatabasen, som omfattar bedrifter med over fem millionar kroner i driftsinntekter, i kommunane i Nordfjord (medrekna den delen av Kinn som var Vågsøy kommune), alle kommunane på Sunnmøre - og frå og med 2021 også Molde, Rauma og Vestnes i tillegg.

Databasen omfattar over 3300 bedrifter og rekneskapstal frå 2018 og fram til og med 2022.

Opptur
Samanslåingar, oppkjøp, omorganiseringar, sal og andre endringar gjer at oversikta ikkje blir identisk for kvart år.

Men sidan kvar database omfattar ei periode på fem år er den likevel ein god og samanliknbar peikepinn om korleis det går.

Oljepriskrakket i 2014 og den påfølgjande krisa for offshorereiarlaga spreidde seg til skipsverft og utstyrleverandørar.

Bedriftene i den maritime bransjen er viktig på Nordvestlandet og dei tunge tidene for desse prega totalbiletet i fleire år. Det var minusresultat, eller små overskot for næringslivet på Nordvestlandet til og med 2018.

I 2019 kom det eit løft. Koronapandemien skapte unntakstilstand i 2020 - men i 2021 var næringslivet attende på den gode trenden - og held fram med det i år.

Lysning for offshore-reiarlaga
Hos offshorereiarlaga har optimismen vore svakt stigande dei siste åra.

I sommar kom Sparebank 1 SMN med ein analyse som friskemelde næringa. Likevel er det framleis selskap - utanfor Nordvestlandet - som må gjennom nye refinansieringsrundar.

Skipsverfta har gradvis betra lønsemda dei siste åra. Fiskarane og fiskeeksportørane surfar framleis på ei bølgje der svak norsk krone gjer det råd å hente ut auka inntekter i norske kroner, utan å auke prisane tilsvarande for kundane i utlandet.

Valutakursutviklinga er slik at den gir drahjelp til alle bedrifter som driv med eksport, mellom dei reiselivsbransjen - med tilsvarande ulempe for bedrifter som driv med import. (Utanlandske turistar i Noreg er definerte som eksport).

Skattedebatt
Etter at koronapandemien ebba ut, og næringslivet hadde byrja og tilpasse seg konsekvensane av sanksjonane mot Russland, kom regjeringa med fleire endringar i skattane.

Grunnrenteskatten på oppdrett blei innført og skatt på utbytte og formue blei auka. Begge deler gjorde at skatt på næringslivet - og retorikken frå regjeringa si side - også prega den politiske debatten i fjor haust.

Detaljane om korleis grunnrenteskatten på oppdrett blir er enno ikkje avklart, og uvissa har medverka til at oppdrettsselskapa har lagt milliardinvesteringar på is.

Skatt har prega debatten også i år, og vil truleg bli ei viktig valkampsak også før Stortingsvalet 2025.

Klikk på lenken under for å lese alle artiklane vi har publisert hittil i 2023 under vignetten NETT NO-barometeret.

Publisert: 10.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.09.2023 21:11

Mer om