Vi er mindre redde for å miste jobben
Éin av tre vurderer å byte jobb. Samtidig er tilsette mindre bekymra for å miste jobben enn på mange år, viser tal frå YS Arbeidslivsbarometer.
NPK-NTB-Lena Gundersby Gravdal: Under koronapandemien i 2020 var det auka bekymring blant dei spurde for å miste jobben og for langvarig arbeidsløyse. Fjoråret var derimot prega av optimisme, og det har halde fram inn i 2022.
– Det er no endå fleire tilsette som er lite bekymra for å miste jobben, og som trur dei lett kan finne seg ein ny jobb som er like bra. Over ein firedel av dei tilsette meiner dei lett kan finne ein ny jobb som er minst like god som den dei har no, står det i rapporten.
Les også
Flere tar i bruk nye metoder for å rekruttere. MMC First Process forsøker med kulturopplevelser.
Havila Kystruten fekk så stor respons på sin rekrutteringsseglas at ein til slutt måtte seie stopp.
Så mykje kan yngre arbeidstakarar som skiftar jobb, vente i lønsauke.
Fleire linjer ved Fagskolen i Møre og Romsdal har plass til fleire søkjarar.
Det er Arbeidsforskingsinstituttet ved Oslomet som har gjennomført undersøkinga, på oppdrag frå Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS). Undersøkinga blir gjennomført årleg og vart første gong gjennomført i 2019.
Resultata for 2022 blir i sin heilskap lagde fram under Arendalsuka denne veka.
Færre vil flytte for ny jobb
I underkant av 7 prosent av dei spurde svarer at dei er villige til å flytte på seg for å få seg ny jobb i år. Ifølgje rapporten tyder dette på ein god marknad for arbeidstakarane, der få kjenner seg pressa til å flytte.
I fjor svarte 8 prosent at dei var villige til å byte bustad for å få ny jobb.
Uvissa var større for kvar enkelt arbeidstakar i koronaåret 2021, og dermed var viljen til å flytte og eventuelt byte jobbe også større i fjor, viser rapporten.
– Eg trur majoriteten vil røre på seg viss dei blir nøydde. Det er ein ganske alvorleg påstand å ta stilling til for den enkelte, men situasjonen ser nok annleis ut når ein står midt oppe i han. Samtidig forstår eg at folk synest det er vanskeleg å skulle byte arbeidsstad, med dei konsekvensane dette kan få for heile familien, seier YS-leiar Erik Kollerud.
Yngre mest lystne på ny jobb
36 prosent av dei spurde oppgir at dei har vurdert å byte jobb det siste året. Det er ein nedgang frå 44 prosent i fjor. Likevel er det berre 22 prosent som faktisk har søkt på nye stillingar det siste året, viser barometeret.
Det er hovudsakleg arbeidstakarar under 30 år som svarer at dei vurderer å byte jobb og faktisk har søkt nye stillingar. 34 prosent i denne aldersgruppa oppgir at dei har søkt på nye jobbar det siste året.
– At det er flest i denne aldersgruppa som faktisk søkjer på andre jobbar, kan henge saman med at det er mange under 30 år som ikkje er fast tilsette. 14 prosent i denne gruppa oppgir å vere i eit mellombels arbeidsforhold, samanlikna med 5 prosent blant dei mellom 30 og 44 år, står det i rapporten.
I tillegg er det mange i den yngste aldersgruppa som er i ein overgangsfase mellom jobb og utdanning.
Ikkje lett for dei eldste
Det er oftast dei mellom 30 og 44 år som svarer at dei vurderer å byte jobb – faktisk svarte nesten halvparten av dei ja på dette. Likevel har berre 28 prosent av dei faktisk søkt nye stillingar det siste året.
– Det kan henge saman med at dette er personar som har vore i arbeidslivet ei stund og ønskjer forandring. Det å byte jobb kan for nokon også vere ein strategi for karriereutvikling, heiter det i rapporten.
I aldersgruppa over 60 år er det derimot langt færre som vurderer å skifte jobb eller har søkt på ny jobb. Berre 9 prosent har vurdert jobbskifte, og 3 prosent har søkt jobbar blant dei over 60 år.
Dette heng sannsynlegvis saman med at mange i denne gruppa nærmar seg pensjonsalder.
Publisert: 15.08.2022 08:00
Sist oppdatert: 15.08.2022 09:03