Daniel Garden foto Ogne
UNIK POSISJON: GCE Blue Maritime har etter Daniel Garden si vurdering ein unik posisjon som ei klynge som byggjer heile skip, ikkje berre arbeider med fragment av den nye nullutsleppsteknologien. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Vi er nøydde til å utvikle fartøy heilt frå botnen av

Innan 2030 skal den maritime klynga på Nordvestlandet ha erobra statusen som eit internasjonalt sentrum for utvikling og bygging av null- og lavutsleppsskip.

04.12.2021

Det seier Daniel Garden, som tidlegare i år vart ny leiar for klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime.

Før oljeprisfallet i 2014 hadde den maritime klynga på Nordvestlandet same status i utviklinga av offshorefartøy til oljeutvinning, som Silicon Valley i California hadde i utvikling av it-teknologi. Det er den posisjonen GCE Blue Maritime skal ta tilbake, ifølgje Garden, men no med ein ny type skip.

Når klynga målet, og klarer den å oppretthalde takta i utvikling av nye og betre fartøy, meiner Garden klynga vil vere førande i ein trend som vil halde seg i fleire ti-år framover.

Unik posisjon
Andre klynger og miljø arbeider også med utvikling av null- og lavutsleppsteknologi, men GCE Blue Maritime har etter Garden si vurdering ein unik posisjon som ei klynge som byggjer heile skip, ikkje berre arbeider med fragment av den nye teknologien.

- Det er vi som klynge som kan drive fram eit komplett skip som alle kan gjere seg nytte av, seier han.

Utvikling av nullutsleppsfartøy krev nytenking både om korleis skip skal byggjast, utrustast og drivast.

- Vi er nøydd til å utvikle fartøy heilt frå botnen av. Eg trur operatørane sine driftsmodellar må endrast også, seier Garden.

Daniel Garden

Daniel Garden er økonomiutdanna. Arbeidde for DHL Molde frå 2004, mellom anna med leveransar til skipsmøbleprodusenter. Arbeidde mot maritim bransje frå DHL sitt hovudkontor i København frå 2009. I 2012 byrja han i utstyrleverandøren Optimera Marine, eit selskapet det franske Saint-Goban-konsernet. Flytta til Ørsta og hadde kontor i Ørsta og Oslo. Frå 2017 var han "Marine Business Development Director" i konsernet, med base i Paris og Achen, og vekependla frå Ørsta. I 2019 blei han leiar for Ulstein Næringsforum.

Då Garden tok over, var arbeidet med den nye strategien til GCE Blue Maritime langt på veg i mål, etter ein prosess som hadde vart i to år.

- Når eg har sett kva arbeid bedriftene har lagt ned for å utvikle ei ny retning for klynga så er eg imponert, seier Garden.

Var kompakt og verdsleiande
Då Garden kom inn i maritim bransje i 2008 var den maritime klynga på Nordvestlandet både kompakt og verdsleiande. Innan ein times køyretur frå Ålesund var både reiarar, verft og utstyrsleverandørar, som i stor grad var kvarandre sine kundar og leverandørar.

I 2014 fekk klyngeorganisasjonen status som Global Centre of Expertise, det høgaste nivået i det offentleg finansierte klyngeprogrammet.

- Det var gode dagar. Alle smilte. Offshorereiarlaga kontraherte seriar med båtar - i alle fall hos dei store verfta. Verft, utstyrsleverandørar og designselskap selde seg godt inn til utanlandske aktørar, seier Garden.

Silicon Valley for offshorebransjen
Utvikling er stikkordet for å forklare at Nordvestlandet blei eit Silicon Valley for offshorebransjen.

- Vi var flinke til å heile tida drive innovasjonen framover. Det var betalingsvilje for innovasjon og for byggekapasitet hos verfta, seier Garden.

Med oljeprisfallet i 2014 og den påfølgande ordretørken frå offshorereiarlaga blei det bråstopp. Det svei i ei klynge der bygging av offshorefartøy var heilt dominerande.

Vi var flinke til å heile tida drive innovasjonen framover. Det var betalingsvilje for innovasjon og for byggekapasitet hos verfta
Daniel Garden

Men Garden vil ikkje kritisere klynga for å ha gjort seg for sårbar for svingingar ved å satse tungt i ein dominerande marknad. Tvert i mot, inntektene frå dei åra har hjelpt bedriftene gjennom nedturen etterpå.

- Eg synest det var heilt rett av bedriftene å ri den bølgja og mjølke dei moglegheitene mest mogleg, seier Garden.

Nye impulsar
Den klynga han overtok leiinga av er ei annleis klynge enn den som var då offshoreboomen var på topp.

- Eg trur alle i klynga lærte at vi ikkje var Silicon Valley i ekspedisjonscruise-skip. Det var nok ein dyr skule for mange bedrifter. Vi har ikkje denne veldig kompakte trykkokaren - akselleratoren - som vi hadde før, som dreiv fram innovasjonen vår, seier Garden.

Men klynga er også blitt meir utoverretta og er blitt flinkare til å hente impulsar utanfrå.

- Klynga er her framleis, men med meir erfaring henta inn frå utlandet. Kanskje var det litt innavl i erfaringsutvekslinga, seier Garden.

I dag framstår klynga som meir audmjuk enn då offshoreboomen var på sitt høgaste, men kanskje også sterkare enn då.

Ein viktig del av klynga - utstyrsleverandørane - har også fått ein oppsving, trass i at offshoreboomen punkterte og den verdsomspennande koronaepidemien sette stopp for cruisefartøykontraheringar. Det viser den årlege klyngeanalysen, som vart publisert i september.

- Vi er rikare, ikkje i kroner, men i erfaringar. Vi har lært oss ein fleksibilitet som vi kanskje treng for å stå i konkurransen, seier Garden.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 04.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 04.12.2021 10:28