Vil ta betaling for oppdrett til havs
Anleggskostnaden blir flaskehalsen for oppdrett til havs, men regjeringa vil i tillegg ta betaling for retten til å bruke havet.
ANALYSE
I høyringsnotatet om eit eige regelverk for oppdrett til havs, som regjeringa sende ut denne veka, foreslår den mellom anna betaling til staten for å bruke havområda til oppdrett.
I notatet framstår auksjon som favorittalternativet for korleis prisen på retten til å drive oppdrett til havs skal fastsettast, og for å avgjere kven som skal få løyva.
Andre alternativ blir og drøfta, til dømes loddtrekning, men uansett vil den som skal drive oppdrett til havs i framtida, måtte rekne med å betale for å få lov.
Langs kysten er er oppdrettsløyve eit knapt gode, der nye løyve blir auksjonert ut og etablerte løyve kan seljast vidare i ein fri marknad.
Kombinasjonen høg laksepris og avgrensa tilgang til retten til å drive oppdrett, er den viktigaste grunnen til at sjølv mindre og mellomstore oppdrettsselskap blir verdsett til ni-sifra beløp.
Den er også grunnen til at det er interesse for å etablere oppdrett på land og langt til havs.
Regjeringa reknar ikkje med at løyva til å drive oppdrett i ope hav blir like mykje verdt som løyva til å drive oppdrett langs kysten, i alle fall ikkje i starten.
"Departementet legger uansett til grunn at betalingsviljen for tillatelser til havs vil være begrenset i en tidlig fase, blant annet som følge av at drift til havs krever betydelige investeringer og teknologiutvikling. Hittil uprøvde driftsformer vil også innebære høyere risiko for aktørene. Dette vil øke avkastningskravet og dermed redusere betalingsviljen", heiter det i høyringsutkastet.
Salmar sitt første anlegg for oppdrett til havs kom på plass utanfor Frøya på Trøndelagskysten i 2017.
Sjølv om bedrifter og miljø frå Nordvestlandet ikkje er i førarsetet i havbasert oppdrett er både Mørenot, Optimar og Rostein leverandørar til oppdrettsplattformen som vart bygd i Kina og slept til Noreg.
På Nordvestlandet er det oppdrett på land det blir satsa mest på. Salmon Evolution sitt anlegg i Indre Harøy i Romsdal får snart den første fisken i anlegget og Roger Hofseth arbeider med planar om eit enda større landbasert anlegg i Raudbergvika ved Storfjorden.
Neste steg for Salmar er å få bygd ein konstruksjon som skal stå langt ute i havet vest for Trøndelag. Prislappen på prosjektet var 2,3 milliardar kroner då søknaden om løyve vart sendt i fjor, ifølgje Intrafish.
Den utbygginga skal skje i regi av Salmar Aker Ocean, som er leia av tidlegare Vard-sjef Roy Reite. Salmar er eit selskap eigd 66,6 prosent av Salmar og 33,4 prosent av Aker.
Planen til Salmar Aker Ocean er å bygge fleire installasjonar i same område, ei investering på tilsaman 12-15 milliardar kroner med ein samla produksjonskapasitet på 150.000 tonn laks i året.
Konsesjonar til ein slik produksjonskapasitet ville vere verdt omlag 25 milliardar om det er snakk om anlegg i fjordar og i skjergarden.
Summane illustrerer kvifor departementet gjer rett i å tone ned kva oppdrettsselskap vil betale for å etablere seg til havs. Tilsaman blir det for dyrt, dersom det også skal betalast like mykje for konsesjonar til havs som langs kysten.
Det som også vil redusere betalingsviljen er at regjeringa vil at løyva til å drive oppdrett til havs skal vere avgrensa til å gjelde i 25 år, eventuelt med høve til forlenging.
Investeringskostnadane fortel også at dette er ei satsing som berre dei største selskapa vil eller kan vere med på.
Oppdrett til havs vil gjere at dei største aktørane i oppdrettsnæringa vil bli relativt enda større i høve til dei mindre og mellomstore aktørane i bransjen.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 06.02.2022 06:00
Sist oppdatert: 06.02.2022 02:28