Hurtigbåt foro MR fylkeskommune 1
IKKJE NULLUTSLEPP LIKEVEL: Målet om hurtigbåtar utan CO2-utslepp er blitt flytta ut i det uvisse. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Analyser

Har sett på miljøbremsene

Møre og Romsdal fylke droppar nullutsleppskrav til hurtigbåtar og Jonas Gahr Støre droppar klimatoppmøte.

17.11.2024

ANALYSE:

Fleirtalet i Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje stille krav om at hurtigbåten mellom Hareid og Ålesund skal vere eit såkalla nullutsleppsfartøy.

I botn og grunn er det kostnadane som er argumentet.

Fylkesordførar Anders Riise har tidlegare sagt at elektrifiseringa av dei fylkeskommunale ferjesambanda har vore ei dyr affære.  

Fylka på Vestlandet og i Nord-Noreg har tidlegare foreslått ei løyving på ein milliard kroner for å kompensere for kostnadsauken med å drive ferjesambanda som er fylkeskommunalt finansiert. 

Det er kostnaden med elektrifisering og generell kostnadsauke som ligg bak framlegget. Regjeringa kom med 50 millionar på deling. Møre og Romsdal meinte fylket åleine skulle fått 170 millionar kroner.

Elektrifisering kravde både nye ferjer og oppgraderte ferjekaier. Utan denne kostnaden hadde det ikkje vore behov for ekstra støtte, sa Riise til Nett No i oktober i år.

Den økonomiske erfaringa frå ferjedrifta er truleg medverkande til at fylket ikkje går for nullutsleoppskrav til hurtigbåtar.

Så seint som i 2021 var planen at sambandet Hareid-Ålesund-Valderøya skulle drivast med hurtigbåtar som ikkje slepp ut CO2, frå og med 2024.

Opphavleg var ideen å bruke hydrogen som energiberar, men i 2021 vart hydrogenalternativet lagt til side og det vart satsa på batteridrift i staden. Ved å dele anbodet i to, eitt for Hareid-Ålesund og eitt for Ålesund - Valderøya ville strekningane vere innanfor det ein kunne klare med batteri.

Batteri er meir lønsamt fordi storparten av den opphavlege energien blir brukt til framdrift. Satsar ein på hydrogen er energitapet i prosessen mykje større, men til gjengjeld gir hydrogen lengre rekkevidde.

Sjølv om batteri skulle bli vald ville det bety ein ekstra kostnad, etter fylkeskommunen sine vurderingar i 2022.

Utrekningane som er gjort viser at ei omlegging til nullutslepp vil gi ei årleg kostnadsauke på mellom 7,7 og 10,7 mill. kroner over ein anbodsperiode på 10 år, skreiv fylkeskommunen i pressemeldinga i 2021.

No er viljen til å til å ta den kostnaden ikkje der lenger, ser det ut til.

Det er talande at Møre og Romsdal fylke set bremsene på omlag samtidig som det internasjonale klimamøtet går av stabelen i Baku i Aserbajdsjan.

Møtet er det 29. i rekka og det som så langt kanskje har fått størst merksemd er fråveret av toppleiarar frå mange land. Mellom dei som ikkje reiser til Baku er statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). 

Det er første gang han ikkje stiller sidan har vart statsminister.

Heller ikkje Kina, India eller USA sine toppleiarar blir å finne i Baku, ifølgje NPK/VG.  

I USA er Donald Trump nyleg vald som president for andre gang og tek over makta i januar. Det gjer det sannsynleg at USA vil trekkje seg frå heile Paris-avtalen, som er eit internasjonalt samarbeid om å få ned utslepp av CO2 frå fossile energikjelder. 

Trump trekte USA ut av avtalen sist han var president, og vil truleg gjere det igjen. 

I Tyskland har mellom anna strid om kostnadane knytt til landet sin klimapolitikk medverka til regjeringskrisa der, skriv Wall Street Journal i ein kommentarartikkel.

Krig, energiforsyning og økonomisk vekst har kome i forgrunnen.

Regjeringa her til lands hausta tidlegare i haust kritikk for at statsbudsjettet for neste år signaliserer at den kanskje ikkje lenger trur sine eigne mål om utsleppskutt innan 2030 er råd å nå.

I Noreg er tidlegare statsråd Ola Borten Moe vore den som har målbere kritikken mot klimapolitikken klarast, og spesielt den manglande vurderinga av negative verknader på økonomien.

Klimaet for klimapolitikk er blitt verre.

Publisert: 17.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 16.11.2024 12:36

Mer om