Vard kystvaktskidar nr 3 sommar 2024 foto Ogne
DÅP NUMMER TRE: Vard Langsten har bygd tre fartøy for kystvakta, der det tredje vart døypt i sommar (biletet). Ordrebøken til både Vard og andre skipsbyggarar har fått eit solid påfyll dei siste 12 månadane og auka lønsemda i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Maritimt oppsving løfta Nordvestlandet

Større skilnadar mellom ulike bransjar. Auka lønsemd for Nordvestlandet samla. Slik var 2023.

15.09.2024
Analyse/Nett No-barometeret:

Av dei 50 selskapa på Nordvestlandet med størst auke i resultat før skatt i 2023, målt i kroner, er halvparten offshorereiarlag, skipseigande selskap, verft eller verftseigarar.

Oppsvinget for både skipsbygging og offshorereiarlag forklarar kvifor næringslivet på Nordvestlandet i gjennomsnitt auka lønsemda frå 2022 til 2023.

Dette er bedrifter som har lagt fleire tøffe år bak seg, mange med store underskot. Det merkast i samandraget når dei betrar resultata sine vesentleg.

Utviklinga for næringslivet på Nordvestlandet 2019-2023
Tal i milliardar kroner
Driftsinntekt Driftsresultat Res. f. skatt Res. f. skatt i % av driftsinntekt
2023 250 23 23 9,1 %
2022 241 17 15 6,4 %
2021 204 14 14 6,7 %
2020 177 9 9 5,3 %
2019 174 9 8 4,3 %
Kjelde: Bisnode
Tala er basert på rekneskap til over 3300 selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekt i Nett No sitt dekningsområde. Det omfattar Nordfjord, Sunnmøre, Molde, Vestnes og Rauma.

Kvart år sidan 2014 har Nett No fått selskapet Bisnode til å lage ei oversikt over dei økonomiske resultata til bedrifter på Sunnmøre, i Nordfjord og i Molde, Rauma og Vestnes.

Oversikta omfattar selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekt. I alt er det snakk om over 3300 selskap.

Oversikta går kvar gong fem år attende for dei same selskapa, slik at den viser utviklinga år for år. Omorganiseringar, oppkjøp, samanslåingar og at nokre selskap nederst på lista kjem inn og andre fell ut, gjer at oversiktene ikkje er identiske år for år, men tidsserien på fem år attende sikrar likevel eit samanlikningsgrunnlag.

Den vesle bedrifta Hovdenakk Maskinering i Åmdalen i Ørsta er eit døme på ringverknadane i maritim bransje.

Når dei store maritime industribedriftene har bra med oppdrag får dagleg leiar og hovudaksjonær Kjetil Hovdenakk og kollegaene det travelt.

I fjor sette selskapet inntektsrekord for andre år på rad og fekk eit resultat før skatt tilsvarande 13,4 prosent av driftsinntekta.

- Det er i alle fall ikkje mindre å gjere. Det sa Kjetil Hovdenakk til Nett No tidlegare i år, om utviklinga så langt i 2024.

Motgang i møbel
2023 er også prega av større ulikskap mellom ulike bransjar.

Under vignetten Nett No-barometeret har vi publisert fleire artiklar om 2023-resultat og utvikling for fleire bransjar.

Både bilforhandlarane, møbelbutikkane og møbelfabrikkane merkar at folk er blitt meir forsiktige med pengane.

For alle tre bransjane fall lønsemda i fjor. Møbelfabrikkane enda til og med i minus samla sett og berre seks av 19 møbelprodusentar unngjekk underskot i fjor.

Også restaurantbransjen fekk svekt lønsemd i fjor, trass vekst i inntektene. Det er imidlertid store skilnadar mellom restaurantselskapa, og av dei ti største var det berre eitt som hadde underskot i 2023.

Tøffare for fiskarane
Etter mange år på rad med solide overskot har fiskarane no hamna i meir utfordrande farvatn.

Neste år ligg det for tredje år på rad an til store kutt i den økonomisk viktige torskekvoten.

Det går ut over både dei fiskebåtreiarar som driv torskefiske og industrien som kjøper og vidareforedla torsken.

Les også

Publisert: 15.09.2024 05:00

Sist oppdatert: 29.09.2024 12:49

Mer om