I helga la Gamle Havstein ut på tokt frå Ålesund med kurs for Arendalsuka i midten av august. Seinare skal skuta til Oslo og tilbake nordover langs kysten.
Aksjon for Norsk Eierskap står bak toktet, som er meint å fungere som eit flytande folkemøte som skal engasjere til opprør mot det aksjonistane kallar ein næringsfiendtleg skattepolitikk.
Roger Hofseth og Knut Flakk er frontfigurar for aksjonen dei sjølv var med å starte opp. Målet er å fjerne formuesskatten, i det minste delar av den.
Dei har vore tydelege på at aksjonen skal bruke fakta og sakleg informasjon til å overtyde politikarane og opinionen. Aksjonen har mellom anna nytta betydelege summar på å annonsere for sitt bodskap i aviser og sosiale media.
Ved hjelp av enkle historier og konkrete forklaringar har dei vist korleis bedriftseigarar på ulike vis møter utfordringar som følgje av formuesskatten, som folk flest forstår.
Eit drygt år etter oppstarten av aksjonen har aksjonistane vind i segla. Formuesskatt har vore mellom dei mest omtala politiske stridsspørsmåla det siste året.
I sommar vart det fullt hus på eit folkemøte i Hareid om formuesskatten. Det var utenkeleg for få år sidan. Det handlar truleg om at forståinga for utfordringane med å drive forretningsverksemd, er meir utbreitt på Sunnmøre enn dei fleste plassar.
Truleg handlar det også om at «vanlege folk» ser at formuesskatten har sine negative sider. Samtidig har det eine partiet etter det andre justert sitt syn på det som stadig oftare blir omtala som den «utskjelte» formuesskatten.
Frp har i lang tid vore motstandar av denne forma for skattlegging. Men no går både Venstre, Høgre og Krf inn for å fjerne formuesskatt på sokalla arbeidande kapital – som handlar om verdiane som ligg i bedriftene, som fabrikkbygningar og maskinar. Også MDG har gått inn for å endre innretninga på skatten.
Sjølv SV har funne saman med fleire av dei borgarlege partia i eit forslag om å unnateke teknologi i berekninga av skatten. Det kan løyse floka for gründerar som opplever å måtte betale formuesskatt av gode forretningsidear, lenge før dei har starta å tene pengar.
I Møre og Romsdal har Raudt-leiar Aina M. Hauge jobba for å endre partiet sin politikk på området. Ho kjem frå industrikommunen Ulstein, og har bakgrunn som næringsdrivande. Ho meiner partiet bør sjå på moglegheitene til å trekke ut det ho omtalar som produksjonsmidlane - som maskiner, utstyr og bygningsmasse - frå utrekninga av formueskatten.
Sjølv om skatteaksjonistane Flakk og Hofseth ønsker seg større endringar enn det Raudt-leiaren i Møre og Romsdal føreslår, vil det vere eit sjumilssteg til eksempel for bedriftseigarar som i dag må betale formuesskatt på fabrikkar i grisgrendte strøk. Det er også eit grep som gjer at diskusjonen om korleis ein avgrensar arbeidande kapital, kan takast på eit seinare tidspunkt.
Regjeringspartia har i hovudsak forsvara formuesskatten. Tidlegare næringsminister Jan Christian Vestre og næringspolitisk talsperson i partiet, Anniken Huitfeld, har sagt at dei er villige til å sjå på innretninga. Men det verkar stoppe der.
I diskusjonar kring formuesskatten dei siste par åra har Vestre mellom anna argumentert med at formuesskatten prosentvis er lågare i dag, enn for ti år sidan. Det gjer han, vel vitande om at skjerpingane Støre-regjeringa har innført, i praksis har dobla eigarskattane for nordmenn som eig bedrifter her til lands.
Eit vesentleg argument for motstandarane av formuesskatten, er at utanlandske eigarar slepp å betale. Til dette har Ap-statsråden svara at dei utanlandske eigarane ikkje er med å nytte velferdsgodane til den norske staten – og såleis ikkje skal vere med å betale for den. Det viser ein rørande omsorg for utanlandske forretningsfolk – men er truleg ikkje godt eigna til å sikre stemmer frå eigarar av lokale bedrifter rundt om i landet.
Eit anna motargument frå regjeringspartia har vore faren for at dei rike ikkje bidreg i spleiselaget. Ved å fjerne formuesskatten vil kring 25.000 personar bli nullskatteytarar, blir det hevda.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum – som sjølv bur på ein landbrukseigedom som ironisk nok er unnateke formuesskatt – har vore mellom regjeringas fremste våpendragarar i diskusjonen.
Nærare undersøkingar har vist at svært mange av dei som vil sleppe å betale skatten, er eldre kvinner med nedbetalte eigedomsverdiar. Det er neppe denne gruppa regjeringspartia er bekymra for at ikkje bidreg etter evne i det store spleiselaget. Likevel held regjeringa fram med sin argumentasjon.
Heller ikkje åtvaringar og rekneskapstal som viser at stadig fleire bedrifter tek rekordutbytter, og tappar bedriftene for musklar til å investere og drive nyskaping, verkar gjere inntrykk.
Det er ein ærleg sak å vere for omfordeling av rikdom, slik formuesskatten skal bidra til. Truleg er også dei fleste nordmenn samde om at «dei rike» skal bidra etter evne. Men problemet for både regjeringspartia og dei andre tilhengarane av formuesskatten, er at også «vanlege folk» kan sjå at argumenta for nettopp denne skatten slår sprekkar - og at det kan vere lurt å sjå på alternative løysingar.
Sjølv skatteaksjonistane Flakk og Hofseth er tydelege på at dei gjerne bidreg med skattepengane – men ikkje med den innretninga som formuesskatten har i dag.
Motstandarane av formuesskatten har dessutan fått ein solid ris bak spegelen. Ørstingen Lars Oscar Øvstegård har bestemt seg for å saksøke den norske staten. Med støtte frå jussprofessor Mads Andenæs meiner han formuesskatten både er urettvis og øydeleggande for norsk næringsliv – og førebur seg på rettssak.
Gründeren som driv med næringseigedom, har fortald at han i utgangspunktet ikkje hadde så stor trua på at dei ville nå fram – men at søksmålet i det minste ville skape merksemd om saka.
Og: I rettssalen er det ikkje mogleg å sno seg unna med bortforklaringar og selektive val av tal.
Publisert: 04.08.2024 05:00
Sist oppdatert: 17.08.2024 00:03