Ekornes Litauen 3
TØFFARE TIDER: Ekornes har kutta i bemanninga og permittert deler av arbeidsstokken etter møbelboomen under koronapandemien. I fjor gjekk selskapet så vidt i pluss i tredje og fjerde kvartal, men ikkje nok til å unngå minusresultat for året under eitt. Biletet er frå Ekornes sitt anlegg i Panevėžys i Litauen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Inntektene veks, lønsemda heng etter

10 av 13 børsnoterte selskap på Nordvestlandet auka inntektene i fjor. Men verdiane krympar for eigarane.

23.03.2024

Dei samla inntektene til dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet steig 18 prosent i fjor, til 17 milliardar kroner.

Størst inntektsvekst i kroner er det hos Hexagon Composites og Norva24.

Hexagon Composites med hovudkontor i Ålesund lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Norva24 med hovudkontor i Stryn er eit selskap for vedlikehald av infrastruktur under bakken, blant anna rør og avløpssystem.

Oppdrettsselskapet Salmon Evolution har relativt størst inntektsauke. Det landbaserte oppdrettsselskapet er på veg mot full utnytting av produksjonskapasiteten i første byggetrinn av anlegget i Indre Harøy i Romsdal.

Nest størst relativ inntektsvekst har Havila Kystruten, som først i fjerde kvartal i fjor hadde alle sine fire skip i full drift.

Størst relativ inntektsreduksjon hadde industri- og ingeniørselskapet Endûr. Konsernet omfattar mellom anna dotterselskapet Artec Aqua i Ålesund, som teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg.

Innføringa av grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa sette mange slike investeringar på vent, og det fekk Artec Aqua svi for i 2023.

Meir om børsselskapa frå nordvest:

Mest minus
Akkurat som i 2022, går dei fleste børsnoterte selskapa i minus (sjå tabell under).

Hexagon Composites reduserte i fjor eigarskapen sin i Hexagon Purus til under 50 prosent. Den operasjonen utløyste både ei oppskriving, og deretter ei nedskriving av verdiane, som gjer at 2022- og 2023-resultatet før og etter skatt, ikkje kan direkte samanliknast.

Sjølv om Hexagon Composites ikkje blir rekna med, gjekk dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet likevel i minus samla sett i fjor.

Det er Hexagon Purus, Havila Kystruten og Salmon Evolution som hadde dei største underskota.

Ekornes-nedgang
Blant selskapa som ikkje er børsnoterte, men har børsnoterte obligasjonslån, fall inntektene frå 2022 til 2023.

Det skuldast delvis ein reell inntektssvikt, hos Ekornes. Under koronapandemien var det boom for møbelbransjen, mellom anna fordi folk brukte pengar dei ellers ville brukt på feriereiser til å kjøpe nye møblar.

Då pandemien tok slutt tok også møbelboomen slutt, og marknaden vart ytterlegare forverra av rente- og kostnadsauke.

For elektrisitetsprodusenten Sogn og Fjordane Energi sin del er årsaka til inntektsnedgangen at selskapet har skilt ut nettselskapet sitt, og slått det saman med nettselskapet til Tussa og Tafjord, til nettselskapet Linja.

Milliardar borte
Samanlikna med utløpet av 2023 er verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet redusert med 3,3 milliardar kroner, til 22,6 milliardar kroner (justert for selskap som ikkje lenger står på NETT NO si liste, og medrekna børsverdien av Atlantic Sapphire, som enno ikkje har levert 2023-rekneskapen).

Held året fram som det har starta når det gjeld aksjekursutvikling, blir 2024 det fjerde året på rad der verdiane krympar for eigarane av dei børsnoterte selskapa i regionen.

Størst kursfall hittil i år har Hexagon Purus og Hexagon Composites. No er dei to selskapa verdsett til til saman 5,3 milliardar kroner på børsen. Ved utgangen av 2023 var verdien 8,9 milliardar meir.

Børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt Aksjekursutvikling hittil i år i prosent Børsverdi
2023 2022 2023 2022
Hexagon Composites* 5177 4303 -933 24 -36,08% 3722
Norva 24 Group 3152 2467 284 212 -13,22 4604
Sparebanken Møre 2195 1756 1380 1013 8,10 4489
Endúr 1979 2511 -33 14 15,53 1620
Hexagon Purus 1320 964 -691 -441 -47,67 1614
Havila Shipping 912 824 -81 -112 -0,74% 127
Havila Kystruten 764 332 -863 -675 -7,86 582
Hav Group 617 622 1 4 2,15 333
Hofseth Biocare 219 121 -103 -129 -14,89 881
Golden Energy Offshore Services 210 141 -9 -57 15,46 817
Romsdals Sparebank 208 188 87 75 -5,04 222
Salmon Evolution 168 48 -146 -33 -6,34 2620
Arctic Bioscience** 34 34 -46 -34 -6,48 249
SUM 16952 14309 -1151 -138
2023-tala for Atlantic Sapphire er ikkje klare enno -48,32 794
*Hexagon Composites-resultat etter skatt for 2023 blei på 1,1 milliard i pluss. Årsaka til skilnaden mellom resultat før og etter skatt er den regnskapsmessige effekten av Hexagon Composites reduserte eigarandelen i Hexagon Purus til under 50 prosent. Det gav både bokført inntektsauke og seinare nedskriving i fjor og gjer at resultat før og etter skatt for 2022 og 2023 ikkje kan samanliknast direkte. Resultatet før av- og nedskriving (ebitda) steig frå 348 millionar kroner i 2022 til 480 millionar i 2023.
**Resultat er etter skatt
Selskap på Nordvestlandet med børsnotere obligasjonslån
Tal i mill. kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt
2023 2022 2023 2022
Ekornes QM Holding 4219 4928 -144 165
Sogn og Fjordane Energi 2488 3634 960 1080
Sparebanken Sogn og Fjordane** 1667 1314 1108 779
Ørskog Sparebank 107 90 44 37
SUM 8481 9966 1968 2061
Tal for Tafjord Kraft er ikkje klare enno

Les om alle børsselskapa sine resultat:

Les også

Publisert: 23.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 31.05.2024 11:09

Mer om