At møbelindustrien framleis har eit så sterkt fotfeste på Nordvestlandet, meiner historikar Eldar Høidal er imponerande i seg sjølv.
Som forfattar av fleire bøker om bransjen og engasjert i Møbelmuseet i Sykkylven, veit han meir om møbelindustrien på regionen enn dei fleste.
At bransjen har vore flinke til å omstille seg og kome opp med nye material og metodar, meiner han er dei viktigaste årsakene til at det framleis er møbelindustri her til lands.
Når vi ber han sjå framover er han også optimist, og trur norsk møbelindustri vil overleve i framtida. Men mykje avhenger også av kundane.
– Folk er meir opptekne av at ting er produsert i Norge, fordi dei veit at det både er kvalitet, at det er laga under skikkelege forhold og meir berekraftig enn mange andre plassar, seier Høidal.
– Eg meiner at håpet for norsk møbelindustri, er at folk er villige til å betale for kva det kostar, legg han til.

Stordal Møbel-sjefen trur på meir samarbeid
Nett No tok med Eldar Høidal ein tur til Stordal for å besøke Stordal Møbel, som er den siste møbelfabrikken som er att i bygda.
Der møter vi dagleg leiar og hovudeigar Ole Håvard Stavseng. Han meiner møbelindustrien på Sunnmøre bør samarbeide meir enn dei gjer i dag.
– Eg meiner det er meir å tene på det. Det er på ein måte der matematikken sviktar for mange. Eg meiner at jo, meir du delar, jo større blir verdien. Vi er så få igjen og om vi skal klare å bevare resten av den klynga som er her, så må vi tenke nytt, seier han.
Nett no fortalde fredag at Stordal Møbel i gong med ei omstilling der dei mellom anna vil kapre meir arbeid i utvalde nisjar i prosjektmarknaden i samarbeid med andre.

Begeistra Dagsrevyen-reportasje
I tillegg til dei kring 35 tilsette i Stordal Møbel utgjer møbelklynga framleis nokre få andre bedrifter. Men ingen andre lagar lenger møblar i bygda.
Sitwell var den siste produksjonsbedrifta som sette kroken på døra i sommar.
Eldar Høidal anslår at bygda hadde kring 500 arbeidarar då møbelindustrien var på høgda tidleg på 1990-talet. Den gong pendla folk til Stordal frå nabokommunane.
I boka «Møbeleventyret - møringane som møblerte landet» skriv Høidal om korleis Dagsrevyen begeistra rapporterer frå Stordal i 1988 der «inga hand er ledig».
I 1992 jobba seks av ti av stordalingar i industrien – og meir enn 90 prosent i møbelindustrien, heiter det vidare.

Trefte med populære folkemodellar
Det var eit eventyr for ei lita bygd som dei seinare åra har opplevd fråflytting. I dag er det færre enn 600 bebuarar i Stordal.
– Det var ein veldig ekspansiv periode for møbelindustrien i Stordal på 1970- og 80-talet. Då trefte dei med produkt som gjekk inn i det breie marknaden, spesielt med kvilestolar – der både Hove og Pedro hadde populære folkemodellar som gjekk i stort volum, fortel Høidal.
Då var det relativt rimelege produkt, og det meste gjekk til den norske marknaden. Den gong skilde Stordal Møbel seg ut med ein eksportdel på meir enn 60 prosent i periodar.

Lågare løner viktig i etableringsfasen
Lenge var det slik at lønnsnivået var lågare på Nordvestlandet, enn andre plassar i landet. Og lågast i regionen var gjerne Stordal.
– Det er ingen tvil om at det låge lønnsnivået var ei viktig føresetnad for etableringa av møbelindustrien, både i Stordal og på Sunnmøre elles, seier Høidal.
– Det vanskeleg å organisere arbeidarane på Sunnmøre. Difor blei det akseptert ein lågare tariff her, for å få dei med i fellesskapet, legg han til.
Han meiner noko av forklaringa rett og slett var mangel på kommunikasjon og lite anna alternativt arbeid. I mange år var det ferje og båt som gjaldt, inntil bygda blei knytt til omverda med vegtunnelar.
Samtidig var det nærast familiære band mellom eigarar og tilsette, med stor grad av fleksibilitet. Det gjorde at arbeidstida gjerne kunne bli tilpassa dei tilsette sine behov. Samtidig tolte dei å vente på løn – om eigarane var hamna i ei knipe.

Gir prispress skulda for nedturen
Kring tusenårsskiftet er nedturen i gong for Stordal som ei bygd med lokaleigd møbelindustri med mange arbeidsplassar.
Fleire fekk nye eigarar som ikkje var lokale - som Pedro som blei selt til bilforhandlarane i Møller-gruppen.
Høidal påpeiker at ei ulempe ved at det lokale eigarskapen forsvinn, er at det blei enklare å ta valet om å flagge ut – slik mange også gjorde.
Historikaren er ikkje i tvil om at prispress frå dei store butikkjedene har vore avgjerande for utviklinga med stadig færre norske møbelprodusentar.
– Bransjen har vore under eit stadig press om å levere produkta kjedene vil ha – til den prisen dei vil betale. Difor har fortenestemarginane i møbelbransjen vore låge, fortel han.
Tidlegare var møbelbutikkane gjerne frittståande, og valde sjølv kva dei ville selje. I dag er dei fleste kjedeeigd med likt varesortiment over heile landet.
– Det er også blitt større krav til utstyr og meir bruk av CNC-maskinar og kostbare dataløysingar, samtidig som lønene har gått opp, legg han til.

– Det er også eit verdival
Stordal Møbel-sjef Ole Håvard Stavseng er samd med Høidal i at prispresset frå kjedene må ta sin del av skulda for utviklinga.
– Vi forsøker å samarbeide med dei og fortelje kva vi har å tilby med norskproduserte møblar. Det er varig design og kvalitet, og med ei autentisk merkevare med over 90 års historie som avsendar. Det er óg møblar som er testa og laga for å vare. Det er eit viktig og vektig argument i eit berekraftsperspektiv, seier han.
Stordal Møbler har røter tilbake til 1932, då farfaren til Stavseng starta opp i Liabygda. Sidan flytta dei til Stordal. Det har aldri vore aktuelt å flagge ut produksjonen.
– I all hovudsak blir alt produsert her på Sunnmøre, seier han.
Han påpeiker at dyktige lokale forhandlarar er ein stor fordel når det gjeld logistikk og gode relasjonar. Men det ligg også meir bak.
– Det er også eit verdival fordi vi ser at det er viktig å bygge samfunn. Det å halde på kompetanse handlar også om å styrke det lokale idrettslaget eller kulturen. Det heng i hop, seier Stavseng.

Meir om møbelbransjen:
Publisert: 21.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 21.12.2024 00:48