Bjørnar Skjæran Bjørn Sævik Kings Bay Foto Marius Rosbach
ULIKE REGLAR: Fiskebåtreiar Bjørn Sævik (t.h.) kan ikkje forstå kvifor det er behov for ti gonger større avstand mellom vindmøller til havs, enn på land, og påpeika til statsråd Bjørnar Skjæran at reglane gjorde at det blei lagt beslag på store område.
Nytt

Ba om strengare reglar for seismikk

Fiskebåtreiar vil at fiskeriministeren set grenser for verksemda som forstyrrar fisket - og er kritisk til sameksistensen med vindkraft.

Marius Rosbach
08.08.2023

Måndag kom fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) til Herøy, mellom anna for å høyre fiskebåtreiar Bjørn Sævik fortelje om sine forventingar for den komande kvotemeldinga.

Med på vegen fekk statsråden også eit ønske om strengare rammer for seismikkverksemd, som reiaren opplever forstyrrar fiske i betydeleg grad.

– Eg meiner du bør gjere det til di fanesak å opprette ein kvotebank for seismikkverksemd, sa Sævik til statsråden.

– Okkuperer store område
Fiskebåtreiaren meiner det bør vere ei avgrensing på kor mange seismikkselskap som får gjere undersøkingar i kvart område, og kor langt tidsrom dei kan få skyte.

Til eksempel kan ein bestemme at berre eitt seismikkselskap får skyte i eit område, også må dei andre bruke deira data som eit slags bibliotek.

– Vi opplever at vi har seismikkoperatørar som okkuperer store område i Nordsjøen år etter år, fordi dei kjem med ein ny teknologi - og skal skyte på nytt, sa Sævik.

Han stiller spørsmål ved om det verkeleg er behov for meir av den kunnskapen seismikkverksemda gir for store delar av sokkelen.

Kritisk til sameksistens med vindkraft
Sævik var også skeptisk til sameksistensen mellom fiskeri og vindkraft til havs. Han ville mellom anna vite kvifor det var krav til avstand på ti nautiske mil mellom vindmøller til havs, medan turbinane kan plasserast langt tettare på land.

– Kvifor er det naudsynt å ha så lang avstand til sjøs, ville reiaren vite – og viste til at det skapte stadige utfordringar for fiskeflåten som må halde seg utanfor desse områda.

Fiskeriministeren måtte erkjenne at dette var utanfor hans kunnskapsområde, men eit spørsmål han ville forsøke å finne svar på.

Bjørnar Skjæran august 2023 Foto Marius Rosbach 11
OM BORD I KINGS BAY: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran var måndag på besøk i Herøy, der han mellom anna var om bord i fiskefartøyet Kings Bay. Reiarlaget har fleire gode økonomiske år bak seg. Foto: Marius Rosbach

Kritisk til kunnskapsnivået kring vindkraft
Fiskebåtreiaren var kritisk til kunnskapsnivået om korleis vindkraft påverkar fisken i havet. Sævik viste til at vibrasjonar skapte lydar som spreia seg over store avstandar. Kva følgjer dette får for livet i havet, er det forska lite på.

– Det kan både skremme fisk og tilkalle seg fisk, men det er ingen tvil om at det forandrar miljøet, la han til.

Skjæran påpeika at regjeringa har styrka Havforskningsinstituttet sitt arbeid på feltet, og har betra representasjonen til næringa i utvala som jobbar med å vurdere arealutnytting.

– Vi skal lytte til dei som har støvlane på, og finne gode løysingar, la statsråden til.

Blei råda av faren om å droppe fiskeri
Når det gjaldt den venta kvotemeldinga, bad Herøy-reiaren i første rekke fiskeriministeren om framleis stabile rammer for næringa, og påpeika at dei har jobba hardt for å få opp lønnsemda.

– Det er ikkje sjølvsagt, og det er mange små steg som har gjort det mogleg, sa Sævik.

Han fortalde at far hans hadde sagt: «Finn deg eit anna yrke», og difor utdanna han seg til ingeniør, før han drog på sjøen. Sjølv har han gitt andre råd til sin eigne søner – som er aktive i drifta.

– Eg håpar at du ikkje øydelegg det, slik at fiskeri framleis kan vere eit godt yrke i framtida, sa Remøy til.

Har mål om breitt forlik
Skjæran gjekk langt i å love framleis føreseielege vilkår – sjølv om det har teke lengre tid enn venta å kome i mål med ei endeleg kvotemelding til Stortinget.

Ap-statsråden la ikkje skjul på at det er tøffe forhandlingar med dei andre politiske partia, men målet er eit breitt forlik som står seg gjennom ulike regjeringsskifte.

Publisert: 08.08.2023 15:48

Sist oppdatert: 08.08.2023 23:06

Mer om