Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Tomislav Debeljak (t.h.) er mellom anna representert i retten ved Deloitte-advokatane Mari Elisabeth Wetlesen og Daniel Herde. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Dommaren må stille seg i Debeljak sine sko»

Oppførte den tidlegare Kleven-eigaren seg aktlaust og illojalt, eller spelte bankane han «sjakk matt»? Om kort tid kjem dommen.

Marius Rosbach
17.11.2023

Gjennom sju dagar har Hordaland tingrett fått høyre om dramaet kring Kleven Verft, etter at kroaten Tomislav Debeljak kom inn som eigar våren 2020.

Då saka blei avslutta i tingretten i Bergen torsdag, opplyste dommaren at han håpte å vere klar med dommen i løpet av fristen på to veker. Samtidig ga han uttrykk for at det kunne ta lengre tid.

Krev 136 millionar i erstatning
Verftshistoria enda med at tre verftsselskap gjekk konkurs og kring 430 tilsette blei råka. Allereie då konkursen var eit faktum meinte Debeljak at han var urettvist behandla. Det stod den tidlegare verftseigaren på, då han forklara seg i retten og bad om frifinning.

Konkursbuet stod også på sitt erstatningskrav på 136 millionar kroner i søksmålet dei har anlagt mot den tidlegare verftseigaren. Dei meiner at eigaren oppførte seg slik at bankane ikkje hadde noko anna val enn å seie opp låna med verftet – og dermed sende Kleven til skifteretten.

Ein rekke lokale selskap har krav i buet, og kan få dekka nokre av sine tap om søksmålet vinn fram.

Kristoffer Larsen Rognvik Jan Vablum tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKJER: Konkursbuet har vore representert ved advokatane Kristoffer Larsen Rognvik og Jan Vablum (t.v.). Dei var sjokkert over advokatrekninga frå motparten som kom torsdag. Foto Marius Rosbach

Håpar å ha dommen klar om to veker
Dei saksøkte sitt forsvar går ut på at om den kroatiske forretningsmannen skal vere erstatningspliktig, må han ikkje berre ha gjort det buet hevdar. Han må også forstått at dei handlingane ville føre til at bankane sa opp låna.

– Dommaren må stille seg i Debeljak sine sko og spørje seg om det var tilrekneleg med ein umiddelbar terminering av låneavtalen, sa advokat Daniel Herde i sin prosedyre torsdag.

Dei saksøkte stiller også spørsmål ved det juridiske grunnlaget for søksmålet – og meiner det ikkje er grunnlag for erstatning.

Sa opp avtaler etter kaotisk møte
Bankane sin oppseiing av låneavtalene var sentralt i dei saksøkte sitt avslutningsforedrag torsdag. Dei er kritiske til at bankane sa opp avtalane etter det som er blitt omtala som eit kaotisk møte den 23. juni 2020.

Advokat Karl Rosén viste til at alle dei involverte var samde om at møtet ikkje var vellukka.

- Likevel valte bankane å seie opp låna på bakgrunn av ein kort og munnleg sakshandsaming rett i etterkant av møtet, sa han.

Advokaten understreka at dei ikkje var ute etter å plassere skuld, men vise til at dei kunne handla annleis. Til eksempel kunne bankane frose kontoane til dei viste meir om saka. Det ville gitt den same effekten på kort sikt, meinte Rosén.

Karl Rosén - Daniel Herde foto Marius Rosbach 11
HORDALAND TINGRETT: Søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft blei avslutta torsdag. Her er advokatane Karl Rosén og Daniel Herde frå dei saksøkte sin side. Foto: Marius Rosbach

– Utvikla seg til eit forhøyr
Kva som skjedde på skjebnemøtet i Oslo tysdag 23. juni 2020, er omstridd. Medan bustyret meiner at Debeljak i møtet oppførte slik at bankane mista all tillit, peika Rosén i sitt avslutningsforedrag på Div Group-eigaren si oppleving.

Verftseigaren fortalde at han såg fram til å presentere konsernet og planane deira for Kleven, men at han blei avbrote fleire gonger. Møtet enda med at ein av bankadvokat slo neven i bordet og kalla Debeljak for ein løgnar.

– Eg trur det var planlagt eit forretningsmøte, men at det utvikla seg til eit forhøyr. Eg meiner han hamna på grillen frå byggelånsbanken (Sparebank 1 SMN, journ. anm.), framfor ein rekke andre som ikkje hadde noko med saka å gjere, sa Rosén i sin prosedyre.

Meiner bankane braut god forretningsskikk
Medan bankane sine advokatar har meint at Debeljk sin oppførsel var «absurd», hevda Rosén at det var bankane si tilnærming til den nye Kleven-eigaren som fortenar den omtalen.

– Her kan ikkje bankane seiast å ha følgt reglane for god forretningsskikk, sa han.

«Kardinalfeilen» ifølgje dei saksøkte var at det blei kalla inn eit møte med «alle stakeholders» til stades.

– Dei burde først bedt om eit direkte møte for å få klarheit i konsekvensane og situasjonen, meinte Rosén.

– Sett sjakk matt
Skjebnemøte blei gjennomført med kring 20 ulike deltakarar frå bankar, Div Group og GIEK, og er blitt omtala som ampert og konfronterande. Rosén gjorde eit poeng av at deltakarane skal ha samtykka til at teieplikta blei oppheva.

– Då blir Div Group sett sjakk matt – og eg er usikker på om deira sine folk overhovudet forstår kva som skjer, la Rosén til.

Han viste vidare til at retten har fått fortalt at språk kan ha vore feilkjelder til kommunikasjon mellom partane.

Meiner buet er lite objektive
Buet har hevda at Debeljak innførte betalingsstopp til leverandørar, at desse blei utsett for utpressing og at det kroatiske eigarselskapet, Div Group, ikkje betalte arbeidskapital slik avtalen var.

Debeljak og forsikringsselskapet sine advokatar har i retten lagt fram bevis for at ein rekke av desse påstandane ikkje stemmer. Dei meiner óg at buet – og rapporten frå burevisor, som søksmålet i stor grad bygger på – er lite objektive.

Advokat Rosén tok torsdag opp att omgrepet bekreftelsesfellen – som blei tema i bustyrar sin partsforklaring – og stilte spørsmål ved om det var «høgst reelt» til stades i saka.

Publisert: 17.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.11.2023 07:45

Mer om