Petter leon fauske jan petter urke innfelt raudbergvika foto mmc first process 22
UTVIKLAR NYTT SYSTEM: MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske (t.v.) saman med leiar for energiavdelinga Jan Petter Urke. Bedrifta jobbar med å utvikle eit nytt energisystem. som kan vere aktuelt for Hofseth International sitt anlegg i Raudbergvika. Foto/illustrasjon: MMC First Process/Moldskred
Nytt

Får millionar til pilotprosjekt

MMC First Process håpar å få sju gonger meir energi frå eit smartare system for oppdrett. Hofseth står for testanlegget.

Marius Rosbach
11.03.2022

MMC First Process er tildelt heile tre millionar kroner i forskings- og utviklingsstøtte frå Innovasjon Norge. Pengane skal nyttast til eit forprosjekt om eit nytt og meir energieffektivt system for sjømatproduksjon. Målet er å gjere oppdrett mer klimanøytralt.

Prosjekter skjer i samarbeid med Hofseth International, og eitt av deira anlegg skal vere «caset» der utprøvinga blir gjort.

– Gjennom forprosjektet skal vi synleggjere gevinstane med det nye systemet, fortel Jan Petter Urke, som leiar energiavdelinga i MMC First Process, til NETT NO.

Smartare utnytting av varme og kulde
Forprosjektet skal vise kor mykje energi og kostnader ein kan spare, målt opp mot dagens energibruk og klimaavtrykk i sjømatproduksjonen. Teknisk energiutnytting er eit stikkord i prosjektet kalla Fremtidens Klimanøytrale Sjømatproduksjon.

«Hemmelegheita» er å nytte varme og kulde på ein smartare måte. Mykje av teknologien finst allereie, men blir kombinert på ein ny måte.

Systemet skal velje rett energikjelde
I systemet kan alt frå sol, vatn, vind og biokraft vere kjelde for energi. Systemet skal velje den rette kjelda. Ved å utnytte årstider eller tid på døgnet er målet å spare kostnader.

– Eg er ikkje kjent med at andre har gått så langt i utviklinga av å samordne og sette samn element som energibruk, energilagring, energiutnytting, gjenvinning – og kvar du hentar strauman frå – i eit så komplett system som vi skal gjere, fortel MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske i ei pressemelding.

Kan vere aktuelt for Raudbergvika

MMC First Process jobbar tett i lag med Hofseth International om prosjektet.

– Vi skal teste systemet på eitt av deira anlegg, fortel Urke.

Hofseth International har store planar om landbasert oppdrett i Raudbergvika i Storfjorden. Her kan eit slikt system vere høgaktuelt, men Urke påpeiker at det ikkje er inngått noko vidare avtale med Hofseth.

Hofseth-eigar Roger Hofseth har tidlegare fortald til NETT NO om ulike smarte energiløysingar dei har vurdert. Mellom anna kan dei utnytte temperaturen i dei tidlegare gruvehallane, eller bruke biogass til å lage hydrogen.

Publisert: 11.03.2022 12:52

Sist oppdatert: 11.03.2022 12:57

Mer om