Tau tech fellesbilde arctic pearl foto marius 11
STORT LØFT: Det er mange aktørar som bidreg til å reailisere Tau Tech-satsinga. Her er mange av dei samle på akterdekket til Arctic Pearl. Frå venstre: Torstein Heggstad og Marte Rødset i Sparebanken Vest, Stig Gjethammer i Eksfin, Per Asle Fiskerstrand og Magne Standal frå Fiskerstrand Verft og fem av gründerane Jan Rogne, Bjørn Roppen, Øystein Tvedt, Sverre Olav Farstad og Bernt Rogne. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Gründerånda på Sunnmøre lever enno

Rekordmange nyetableringar i fjor. Heldigvis treng dei færraste bruke like store ressursar som Tau Tech for å kome i gong.

Marius Rosbach
22.01.2022

Viljen til å starte opp nye selskap på Nordvestlandet har vore jamt stigande, og trass koronapandemien var fjoråret ikkje noko unntak.

Tala over nyetablerte føretak peika vidare oppover i fjor. 1687 nye føretak blei registrert i dei 20 kommunane på Nordvestlandet i fjor (sjå lista under). Det er ei auke på nær åtte prosent frå førre rekordår 2020.

Nyetablerte føretak på Nordvestlandet

2021 2020
ÅLESUND 529 495
MOLDE 208 192
KINN 111 122
SULA 85 53
STAD 84 84
GLOPPEN 74 40
STRYN 69 47
VESTNES 65 40
ULSTEIN 61 46
ØRSTA 61 64
HERØY 60 92
VOLDA 50 54
GISKE 49 52
RAUMA 44 44
STRANDA 32 25
SYKKYLVEN 30 51
VANYLVEN 29 19
HAREID 19 16
FJORD 16 17
SANDE 11 12
SUM 1687 1565

Men ei av dei store utfordringane er å overleve dei første «gründeråra». NETT NO møtte fredag fleire av aktørane som har vore involverte for å stable Tau Tech-prosjektet på beina.

Selskapet som blei starta i 2016 har hatt lengre veg enn dei fleste til å starte verksemda. Denne veka blei det kjent at dei er sikra finansiering for å bygge om det tidlegare offshoreskipet til skjellsankaren Arctic Pearl.

– Klassifiserer til gagns
Stig Gjethammer i Eksfin (Eksportfinansiering Norge) har vore tett på satsinga til skjellsankarane. Det statlege selskapet garanterer for 114 av dei 161 millionane det kostar å få bygd om innhaustingsskipet.

– Vi er opptekne av at haustinga skal være «grøn», og dette meiner vi klassifiserer til gagns. At ein kjem i gong med ein meir berekraftig fangstmetode, har vi lagt stor vekt på i vår kredittvurdering av prosjektet, fortel han.

Tau Tech toppar også lista over bedriftene på Nordvestlandet som fekk mest støtte fra Innovasjon Norge i fjor med 18,5 millioner kroner.

Tau Tech Øystein tvedt bernt rogne sverre olav farstad foto marius 11
FISKERSTRAND: Øystein Tvedt (f.v.), Bernt Rogne og Sverre Olav Farstad utgjer den yngste generasjonen blant Tau Tech-gründarene. Skipet dei skal nytte til å sanke skjell, kom fredag til Fiskerstrand Verft. Foto: Marius Rosbach

Har bygd opp nytt regelverk
Gjethammer i Eksfin er imponert over «stayerevna» til gründerane og korleis dei har kombinert «ungt pågangsmot» med «vaksne nestorar».

– Dei er eit eksempel på at grunderånda på Sunnmøre lever enno. Det er enkelte som meiner den er vekke, men det er eg ikkje einig i, legg han til.

Han er spesielt imponert over kor mykje tid dei har brukt på arbeidet med regelverket.

– Dei har vore med å bygge opp eit nytt regelverk for dette fisket saman med Fiskeridirektoratet, påpeiker han.

(saka held fram under)

Stig gjethammer foto marius 111
HAR STØTTA: Stig Gjethammer er Eksfin (Eksportfinansiering Norge) sin einaste tilsette i Ålesund, og er tett på knopskytinga i næringslivet på Nordvestlandet

–Vist «stayerevne»
Torstein Heggstad leier Sparebanken Vest sitt Ålesund-kontor. Han har saman med rådgjevar Marte Rødset vore mellom dei som har hatt mest å gjere med Tau Tech-prosjektet.

– Gründerane har vist «stayerevne» gjennom seks-sju år. Drivkrafta, evnen og viljen til å få til noko, er rett og slett imponerande, fortel han.

Sparebanken Vest garanterer for 30 prosen av prisen for å bygge skipet.

Drivkrafta, evnen og viljen til å få til noko, er rett og slett imponerande
Torstein Heggstad

Heggstad fortel at Tau Tech «ticker av» i dei fleste boksane for kva banken vil å bidra til.

– Det er snakk om lokal verdiskaping, utstrekt brukt av lokale underleverandørar, og så kjem vi rett inn i sirkulærøkonomien der vi får gjenbruke tonnasje langs kysten, fortel han.

Har utvikla ny fangstmetode
Det har vore forbod mot å fiske etter haneskjell sidan 1990-talet fordi fangstmetoden har vore lite skånsam mot havbotnen.

Dette meiner Tau Tech dei har løyst med ein «støvsugar» som sankar skjell frå havbotnen – utan å øydelegge faunaen.

– Det er utruleg spennande at dei kan utnytte dei marine ressursane i havet på ein slik måte, seier banksjef Heggstad.

Marte Rødset i banken har bakgrunn frå offshorefinansiering, og hatt Tau Tech som sitt første fiskeriprosjekt.

– Omstillingsevnen i den maritime klynga er viktig. Korleis vi skal halde på den kompetansen vi har, og utnytte den lokalt er avgjerande. Her er Tau Tech eit godt eksempel på korleis det blir gjort.

(saka held fram under)

Marte rødset torstein heggstad sparebanken vest foto marius 11
«TIECKER AV»: Torstein Heggstad fortel at Tau Tech «ticker av» i dei fleste boksane for kva Sparebanken Vest vil å bidra til. Saman med Marte Rødset har han hatt mykje kontakt med Tau Tech-gründerane. Foto: Marius Rosbach

Lufta ideen for sonen
Jan Rogne er Tau Tech sin prosjektleiar for ombygginga som no skal gjerast ved Fiskerstrand Verft. Han er også den som hadde ideen til korleis innhaustinga av skjella kunne gjerast.

Han fortel at satsinga tok form etter at han fortalde sonen Bernt, i lag med Sverre Olav Farstad og Øystein Tvedt, om prosjektet.

– Vi sat i ei hytte på Bjorli då eg lufta først ideane for dei andre. I etterkant har dei gjort ein imponerande innsats både inn mot Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og bevilgande myndigheiter, fortel han.

I dag er Tvedt dagleg leiar i selskapet, Farstad har hand om det operative, medan sonen Bernt leier arbeidet med sal og marknad.

(saka held fram under)

Bjørn roppen jan rogne tau tech foto marius 11
GRÜNDERAR: Bjørn Roppen (t.v) og Jan Rogne er to av seks gründerar i Tau Tech. Rogne er prosjektleiar for ombygginga på Fiskerstrand og Roppen skal leia utviklingsavdelinga i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Nytta kontakter
Undervegs trengde Tau Tech-gründerane hjelp og kunnskap om subseaoperasjonar. Då var det naturleg for Jan Rogne å kontakte ein bekjent han hadde hatt kontakt med frå den maritime klynga.

– Bjørn Roppen kjem frå Ulmatec og har jobba innafor bransjen i heile sitt liv, fortel Rogne.

Roppen skal leie utviklingsavdelinga som Tau Tech startar opp i Ulsteinvik. I Ålesund blir det bygd opp eit reiarlagskontor som vil stå for det administrative kring dei rundt 50 sjøfolka som snart blir tilsett.

Sjølv har Jan Rogne solid erfaring frå fiskeri og offshore, og lang erfaring som inspektør og teknisk sjef i større reiarlag.

Publisert: 22.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 25.01.2022 09:41

Mer om