Erna Solberg ikke gjenbruk FOTO NPK
HAR FÅTT GJENNOMSLAG: Mindretalssregjeringar lyttar til kva som går føre seg i Stortinget, seier Erna Solberg, som meiner opposisjonen har klart å presse på i fleire saker i året som har gått. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Har nytt mål for valkampen neste år

Erna Solberg vil ikkje bruke rolla som opposisjonsleiar til å piske opp misnøye.

30.12.2022

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Erna Solberg har sove meir på hotell enn i si eiga seng i haust. 120 reisedøgn er tilbakelagde. Ho er for lengst i gang med neste års valkamp.

Noko av reisetida kjem rett nok av utanlandsturar der ho har delteke som stortingsrepresentant. Men på få månader har ho rokke å besøkje 67 kommunar.

– Det planla vi medvite. Vi hadde tapt valet. Det var mellomvalår, og det var viktig å få partiet i gang igjen, seier Høgre-leiaren når ho tek eit tilbakeblikk på det politiske halvåret.

Ho vil vere ein lyttepost for kva som rører seg ute i landet. Snakke med alle. Partifellar, kafégjester, næringslivsfolk, frivillige. Mange er bekymra for straumrekninga, medan andre vil snakke om kva dei er stolte av i kommunen sin.

– Når det er valkamp, skal ein seie så mykje. No er det meir tid til å høyre etter, seier Solberg til NTB.

Nytt valkampmål

Ved førre kommune- og fylkestingsval sette Høgre som mål å vinne alle dei store byane. Halvparten av befolkninga skulle bu i ein høgrestyrt kommune. Resultatet vart skuffande.

Denne gongen har Høgre justert målet. No gjeld det å doble talet på ordførarar frå dagens – ganske beskjedne – 32. Om kommunane er små eller store, seier vedtaket i sentralstyret ingenting om. Men Solberg meiner det ser lyst ut både i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Bodø.

– Vi må flippe nokre store kommunar som har vore arbeidarpartistyrt. Vi tapte litt for mange i 2019, seier Solberg.

Eiga forteneste og ulykka til andre
Gjennom hausten har Høgre stabilisert seg på over 30 prosent på meiningsmålingane. Partiet får godt betalt for å sitje stille i båten i ei krisetid, har mange valforskarar og politiske kommentatorar meint.

– Når eit parti går fram, er det ofte litt eiga forteneste og litt ulykka til andre, tilføyer Solberg raust.

Sjølv om det blæs medvind no, er ho førebudd på at dagens rekordmålingar neppe vil halde fram til kommune- og fylkesvalet til hausten. Mange veljarar er usikre og har sett seg på gjerdet. Dei har det med å falle ned på parti dei tidlegare har stemt på, påpeikar Solberg.

– Så eg trur ikkje regjeringspartia kjem til å gjere det så dårleg som dei gjer no, seier ho.

Vil ikkje piske opp misnøye
Desemberkulda har lagt seg over landet, og for første gong har Høgre-leiaren på seg stillongs på kontoret – eit plagg ho elles berre bruker på fjellet. Stortinget har skrudd ned varmen. På spørsmål om kva som er årets viktigaste innanrikspolitiske sak, er ho ikkje i tvil: Privatøkonomien til folk.

Har ho nokon gode svar?

Situasjonen Noreg står i, ville ikkje vore så annleis om Høgre styrte når det gjeld det store biletet, medgir Solberg. Putin ville uansett invadert Ukraina, og straumprisane ville vore høge. Det ville vore inflasjon og rentehevingar. Ho smett raskt inn at Høgre sjølvsagt ville handtert ein del ting annleis, mellom anna straumstøtte til næringslivet.

Men ho synest det er viktig at rolla som opposisjonsleiar ikkje blir brukt til å spele opp misnøye.

– Vi bør ikkje bruke tid kvar gong vi står framfor ein mikrofon på å vere sure for noko som er vondt og vanskeleg, men der vi eigentleg ikkje har andre løysingar, seier ho.

Skulle gjerne hatt styringa
Likevel, det klør litt i fingrane etter å gå laus på dei mange utfordringane landet står overfor. I opposisjon får ho meir tid til å tenkje langsiktig, og det er perspektiv ho saknar i det politiske ordskiftet. Då ho var statsminister, var det stadig så mykje som dukka opp og tok dagen.

Dagens krise er annleis enn dei ho måtte ta seg av. Oljeprisfallet, flyktningtilstrøyminga og pandemien. Sjølv om handlingsrommet ikkje er det same, skulle ho gjerne lósa landet gjennom denne krisa òg.

– Det er ikkje slik at eg synest det er herleg å sleppe. Eg ville helst vore statsminister, eg innrømmer jo det, seier ho.

«Proppen på toppen»
Spørsmålet om partileiarvervet er vanskeleg å komme utanom, ho har trass alt sete sidan 2004. Erna Solberg har mange gonger vorte spurd kor lenge ho skal bli sitjande. Litt fantasilaust, noterer ho lett. Ho foldar armane over brystet, lener seg tilbake i stolen og tek sats for tolmodig å gjenta:

– Eg er framleis der at eg er leiar i Høgre, og eg vil framleis vere leiar i Høgre. Men eg vil ikkje vere «proppen på toppen» viss nokon melder seg og er veldig ivrig for å overta. Førebels er det ingen som gjer det, seier ho.

Når vil det vere eit godt tidspunkt for eit skifte? Vi får sjå, seier Solberg ordknapt. Snakkar ho med nestleiarane om dette? Med andre i krinsen rundt seg? Ja, seier ho. Kva tenkjer ho om at temaet støtt og stadig dukkar opp? Det er ikkje unaturleg, eg har jo sete lenge, seier ho.

Kva med framtida? Er det slik at Solberg ser for seg å vere i norsk politikk til ho går av med pensjon?

– Akkurat no ser det ut til at det er det eg kjem til å gjere, seier ho.

– Så håpar eg at den dagen eg sluttar, er det nokon som har behov for ei relativt godt oppegåande, kunnskapsrik dame til velforeininga eller noko anna, ei som forstår korleis systemet fungerer.

(©NPK)

Publisert: 30.12.2022 12:48

Sist oppdatert: 30.12.2022 12:40

Mer om