Utbyttefest i Tafjord Kraft
TAFJORD: Der vert produsert for lite kraft i Norge. Snart er kraftoverskotet borte. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Hastar å produsere meir kraft

Etterspørselen aukar raskare enn produksjonen. Samstundes eksporterer Norge mykje straum.

17.02.2022

Om vi held fram dagens forbruk, og om alle planane om å etablere nye verksemder som treng mykje kraft blir realiserte, vil kraftoverskotet vi har i Noreg gradvis bli borte, melder NRK.

Ved utgangen av 2026 vil dagens kraftoverskot på 15 Twh bli redusert til 3 TWh. Sidan forbruket aukar mest i sør, vil Sør-Noreg ha kraftunderskot allereie i 2026. Det skriv Statnett i ein analyse som kom i desember.

– Havvind får vi ikkje produsert før på byrjinga av 2030 talet. Vindkraft på land er politisk død på mange måtar, og renovering av eksisterande vasskraftverk og produksjon av ny vasskraft kjem òg til å skape konflikt, seier Tore Strandskog, direktør for næringspolitikk i NHO-organisasjonen Nelfo.

Smått med planar
Konserndirektør Gunnar Løvås i Statnett seier det nesten ikkje er planar om ny kraftproduksjon dei neste fem åra. Dette vil òg påverke straumprisane.

– Meir effektiv bruk av energi er viktig, men dessverre er skalaen for liten til at det åleine kan stille opp med dei energimengdene vi ser at det vil vere behov for, seier Løvås.

Statssekretær Amund Vik (Ap) i Olje- og energidepartementet seier at etterspurnaden etter kraft aukar raskare enn produksjonen.

– Vi har behov for meir kraft frå vindkraft på land og til havs, vasskraft og energieffektivisering, seier Vik.

Kraftkablane til Europa blir hovudsakleg brukt til å eksportere kraft ut av Noreg. Slik vil det halde fram dei neste 20 åra, ifølgje NVE.

97 prosent av kraftflyten gjennom den nye kabelen til Storbritannia er eksport. Også kablane til Nederland og Tyskland fungerer i størst grad som eksportkablar. Det same vil vere tilfelle dei neste tiåra, ifølgje ein NVE-analyse, skriv Klassekampen.

Vi har behov for meir kraft frå vindkraft på land og til havs, vasskraft og energieffektivisering
Amund Vik

Stort sett eksport
Noreg har i dag 17 utanlandskablar. Dei aller fleste går til dei nordiske nabolanda våre. Men dei tre nyaste kablane, som koplar Noreg til Nederland, Tyskland og Storbritannia, skaper konflikt.

Nordned, som opna i 2008 og går til Nederland, har hatt 86,7 prosent eksport, og 13,3 prosent import gjennom levetida til kabelen.

Nordlink, opna i 2021, som går til Tyskland, har eksportert 79,3 prosent og importert 20,7 prosent.

North Sea Link, opna i 2021, som går til England, har eksportert 97,2 prosent og importert 2,8 prosent.

I rapporten « Langsiktig kraftmarkedsanalyse 2021–2040 » gjer NVE anslag for korleis kraftflyten vil vere i dei to nyaste kablane dei neste tiåra. Dei spår at det blir litt meir import, men at kablane i hovudsak vil bli brukt til eksport.

Publisert: 17.02.2022 14:21

Sist oppdatert: 17.02.2022 15:48

Mer om