Underskot etter aksjetap og investeringar
Hofseth-minus trass supervekst. – Vi får betalt i år, seier Roger Hofseth.
Hofseth International leverer eit 2022-rekneskap som viser solid drift og lønnsemd for konsernet som har vakse seg store på fiskeforedling og oppdrett.
Året enda likevel med eit underskott på 283 millionar kroner, mykje grunna verditap på Hofseth Biocare-aksjar.
Hofseth International driv med fiskeforedling og oppdrett og omfattar mellom anna foredlingsverksemd i Syvde, på Valderøya og i Ålesund, i tillegg til oppdrettselskapet Hofseth Aqua og salsselskap for eksport til Nord-Amerika, Asia og Europa.
Inntektene skaut i veret
Inntektene til konsernet skaut i veret i løpet av fjoråret – mykje takka vere auka prisar.
Ei omsetning på knappe 6,2 milliardar er ei auke på heile 1,5 milliardar samanlikna med året før – og ei dobling dei siste fem åra.
Det gjer selskapet størst i landets på vidareforedla fisk med eit volum på 51.000 tonn råvarer i 2022, ifølgje årsmeldinga.
All usikkerheita og at lakseprisen gjekk rett opp, gjorde at det tok tid for foredlingsverksemda å justere prisane ut i marknaden
Tok tid å hente inn prisauken
Driftsresultatet i fjor vart om lag halvert samanlikna med 2021, og enda på 102 millionar kroner.
Lønnsemda på foredla produkt vart svakare, grunna rask aukande prisar første halvår i 2022, og etterslep på prisauke ut til kundane, ifølgje årsmeldinga.
– Oppdrettsdelen av drifta gjekk veldig bra, men all usikkerheita og at lakseprisen gjekk rett opp, gjorde at det tok tid for foredlingsverksemda å justere prisane ut i marknaden, seier konsernsjef Roger Hofseth til NETT NO.
Leiinga skriv i årsmeldinga at prisauke på laks og aure i Nord-Amerika var ein drivar for veksten. Men også Australia, Asia og Europa utgjer ein betydeleg del av salet.
Utsiktene for verksemda globalt ser gode ut, konkluderer styret i årsmeldinga.
Les også
Rekordomsetning og -overskudd for Ålesund-selskap. Satser på ytterligere vekst.
Langt meir usikre tider framover, påpeiker Ocean Supreme-sjefen.
Både inntekter og kostnader øker markant. Nå spår Inger Marie Sperre tøffere tider.
Investeringane betalar seg i år
Konsernet har investert tungt dei siste åra, mellom anna ved å bygge opp postsmoltanlegg og nye prosesslinjer i Ålesund - der dei no har to fabrikkar som driv foredling.
– 2022 var slik sett ikkje noko normalår, og vi får betalt i år, seier Hofseth.
Han varslar eit heilt anna resultat for 2023.
– Første halvår i 2023 hadde vi eit driftsresultat på mellom 300 og 350 millionar, seier han.
Verditap på Hofseth Biocare-aksjar
Mykje av årsaka til underskotet i 2022 var eit bokført verditap på marknadsverdien for aksjane i Hofseth Biocare med 219 millionar kroner.
Basert på onsdagens marknadsverdi for selskapet på Oslo børs, er verdien no knappe ti millionar mindre, enn den balanseførte verdien på 193 millionar kroner i årsmeldinga.
Les også
Auke rente og finanskostnader bidrog óg til å trekke ned resultatet i Hofseth International-konsernet i fjor. Resultatet før skatt enda på minus 283 millionar kroner i fjor (sjå tabell under).
Hofseth International As (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 6.181,3 | 4.678,5 |
Driftsresultat | 102,8 | 213,4 |
Resultat før skatt | -285,6 | 69,7 |
Omstrukturerer som følgje av lakseskatten
I årsmeldinga peiker leiinga på at måten grunnrenteskatt på oppdrettsbransjen blei innført på, viser ein betydeleg politisk risiko for bransjen i Norge.
Styret påpeker at dei faktiske konsekvensane av lakseskatten i stor grad er uavklart, og at det trengst eit betydeleg arbeid for å avklare korleis dei skal handtere at dei ulike delane av verksemda vil skattast ulikt.
Konsernet er i gong med å omstrukturere verksemda, og vil skilje ut den sjøbaserte oppdrettsverksemda frå Hofseth Aqua-selskapet, skriv styret i årsmeldinga.
Hadde kring 650 personar i jobb
Til saman hadde konsernet 281 fast tilsette og 369 kontraktsarbeidarar i sving i løpet av fjoråret.
A-aksjane i selskapet - som gir stemmerett - er eigd 42,8 prosent av RH Industri og 15,7 prosent av RH Investments. Konsernsjef Roger Hofseth i Hofseth International eig dei to selskapa.
Japanske Yokohama Reito er nest største eigar med 14 prosent av A-aksjane.
Eigenkapitalen i konsernet ved utgangen av året var på litt over 1,9 milliardar og langsiktig gjeld på litt under 1,9 milliardar kroner.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Publisert: 03.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 02.08.2023 23:01