Agnes Gunderse Thomas Vekve foto marius 11
MED I TENKETANK: Møreforskingdirektør Agnes Gundersen og Thomas Vekve i Brunvoll er mellom deltakarane på Ikbens tenketank for toppleiarar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Knyter band på tvers av bransjar og regionen

Deltakarane i Ikubens tenketank for leiarar får meir enn fagleg påfyll.

Marius Rosbach
09.09.2022

Nyleg var deltakarane i Ikuben-programmet «Tenketank for toppleiarar» samla i Ulsteinvik. Kring 20 deltakarar er med på det fullteikna 4. kullet av programmet som skal ha fire samlingar.

Dei kjem frå vidt ulike bransjar, men alle er knytt til Nordvestlandet. Møreforsking-direktør Agnes Gundersen er med på si første samling og trekker fram det positive ved at deltakarane knyter band på tvers av sektorar.

– Eg opplever at det er veldig positivt å delta på ein slik tenketank, der ein trår litt ut av kvardagen og utveksler erfaringar, samtidig som vi får fagleg påfyll, fortel ho til NETT NO.

Fakta - NCE Ikuben

NCE iKuben er ein tverrfagleg industriklynge og nasjonalt kompetansesenter, som jobbar for berekraftig eksport og å styrke klyngebedriftenes konkurransekraft og innovasjonsevne i globale marknader.

Fokus er digitalisering, bærekraft og sirkulære forretningsmodellar.

Klynga har 55 deltakarbedrifter innan produksjon, teknologi, akademia, forsking og offentleg sektor eig klynga saman.

(kjelde: Ikuben.no)

Regionale dimensjonen «kjempeviktig»

At deltakarane i tillegg knyter band på tvers av regionen, er også positivt, meiner Møreforsking-direktøren.

– Det har ein stor verdi å knyte slike nettverk. Vi kunne ha delteke på kva som helst kurs ein anna plass, og truleg fått god lærdom ut av det. Men det gir ein ekstra dimensjon at det er bedrifter som vi samarbeider med, og som har dei same utfordringane – og moglegheitene – her regionalt. Det er kjempeviktig, legg Gundersen til.

Ved at deltakarane møtest i fleire samlingar, blir dei også kjent og meir trygge på å utfordre kvarandre.

– Eit godt kollegium
Thomas Vekve som er leiar for thursterdesign i Brunvoll, deltek også på programmet. Han samstemmer med Gundersen.

– Det er viktig med inspirerande foredragshaldarar, men det er også eit godt kollegium i tenketanken, der ein kan spele ball og sparre seg i mellom, seier han.

Det ikkje er snakk om tradisjonelle førelesningar, men ein dialog der deltakarane blir utfordra og må engasjere seg. Utvikling og innovasjon står sentralt. Digitalisering og bærekraft er viktige stikkord.

Vekve er ikkje i tvil om at han vil ha nytte av programmet.

– Dette er sentrale tema hos oss i Brunvoll. Vi har allereie jobba med dette ein del år og leverte vår første berekraftrapport i sommar. Samtidig er det noko vi trur mange vil måtte jobbe meir med framover, fortel han.

(saka held fram under)

Martha rehnberg tenketank for toppledere ikuben foto marius
DELTEK AKTIVT: Svenske Martha Rehnberg (t.h.) var leigd inn som foredragsholdar ved siste samlinga til tenketanken. Her er det Teft Lab-leiar Tove Margrethe Bjørkavåg som engasjerer seg. Foto: Marius Rosbach

Vil ha i gong prosessar i bedriftene
Kjersti Kleven har det faglege ansvaret for opplegget som denne gangen gjekk føre seg ved Skaparhuset.

– Vi vil hente gode ressursar som både kan løfte diskusjonane - og ikkje minst tankeprosessane i den enkelte bedrift etterpå - som er den viktigaste effekten av kurset, fortel ho.

Til den siste samlinga var svenske Martha Rehnberg henta inn for å snakke om nye forretningsmodellar – og ikkje minst berekraft og teknologi.

– Ho er ein fantastisk formidlar. Og så har ho ein unik kombinasjon ved å ha veldig god forståing for teknologiutviklinga, samtidig som ho er godt oppdatert på dei utfordringane vi står ovanfor når det kjem til berekraft, påepiker Kleven.

Publisert: 09.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om