Lokalt næringsliv har tent éin milliard
Har analysert ringverknadene av Nordøyvegen.
(NPK-NETT.NO): Møre og Romsdal fylkeskommune sine investeringar i Nordøyvegen har tent lokalt næringsliv godt. Over éin milliard kroner har gått inn i den lokale økonomien.
Ei evaluering viser at 1,16 milliardar kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune si investering i Nordøyvegen har gått inn i den lokale økonomien.
Dette er Nordøyvegen
- Nordøyvegen vil gi fastlandssamband for kring 2700 menneske på Harøya, Fjørtofta, Skuløya/Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya.
- Prosjektet erstattar to ferjesamband og ei hurtigbåtrute.
- Vegen består av tre tunnelar: Haramsfjordtunnelen på 3,5 kilometer, Nogvafjordtunnelen på 5,7 kilometer og Fjørtoftfjortunnelen på 3,6 kilometer.
- I tillegg er det tre bruer: Lepsøybrua på 800 meter, Laukebrua på 110 meter og Hamnaskjersundbrua på 200 meter.
- Drygt 2,7 kilometer av vegen går på sjøfylling og ein ny veg på Fjørtofta har ein 170 meter lang miljøtunnel.
Tala kjem fram i ei evaluering som er gjennomført av Concreto, skriv fylkeskommunen sine nettsider.
– Nordøyvegen er eit prosjekt med undersjøisk tunneldriving, masseflytting, vegbygging og plasstøypte betongkonstruksjonar. Vi har eit komplett næringsliv på Sunnmøre, der entreprenørar har god tilgang på kompetanse og tenester. Det er truleg den viktigaste grunnene til at det ligg store verdiar igjen lokalt etter bygginga, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.¨
Har auka bemanninga
Evalueringa viser òg at lokale underentreprenørane har opplevd vekst i byggjeperioden. NETT NO har omtala korleis lokale entreprenørar gjekk saman for å sikre seg større oppdrag.
Halvparten av dei har auka bemanninga med lokalt, fast tilsette. Kvar tredje har utvida maskinparken. Dei melder om utvida nettverk, samarbeid og auka kompetanse.
Det tydar på at underentreprenørane har gjort ein større del av innkjøp av varer og tenester i lokalt næringsliv.
Fleire enn 40 læringar tek fabrev
Ein anna ting prosjektleiaren er svært nøgd med, er fleire enn 40 lærlingar har teke, eller skal ta fagprøva gjennom prosjektet.
Bedriftene får mellom anna betalt 50 kroner meir per time som blir nytta med lærlingar.
– Vi prøver å vere med å bygge kompetanse i bransjen, for med den satsinga som skjer på samferdsel, så trengst det, påpeiker ho.
Publisert: 30.06.2022 10:08
Sist oppdatert: 30.06.2022 10:29