Husbygging bank innfelt hilde anita furland frostad elisabeth blomvik Marita Løvik Stadsnes foto Ogne Øyehaug 11
DEI FLESTE KLARAR SEG: Sjølv om mange opplever utfordringar i husbygginga, opplever bankane at få kundar må be om hjelp, fordi dei ikkje klarer å handtere utgiftene sine fortel Hilde Anita Furland Frostad i Ørskog Sparebank (innfelt t.v.), Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN (innfelt midten) og Elisabeth Blomvik. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Usikkerheit set husbyggarane på gjerdet

Bankane opplever at mange lånekundar får problem med å realisere husdraumen.

Marius Rosbach
12.04.2022

Som følgje av pandemien og krigen i Ukraina har kostnadsauke og tilgang på varer, skapt store utfordringar for dei som står på terskelen til å bygge hus.

Ein sjekk med bankar i regionen avslører at trenden dei først og fremst har merka den siste tida – er auka usikkerheit blant privatkundar som skal bygge hus. Mange er skeptiske til å ta på seg meir gjeld – samtidig som renta er venta å auke framover.

– Det har gitt utslag i mindre etterspurnad etter byggelån, og usikkerheita gjer at fleire vil utsette å bygge, fortel Hilde Anita Furland Frostad som leiar personmarknaden i Ørskog Sparebank.

– Ekstra usikre og nervøse
Tilbakemeldingane frå Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre er likelydande. Mange som allereie er i gong med byggeprosjekta sine, anar rett og slett ikkje kva kostnadene kjem på.

– Dei som er i byggefasen er ekstra usikre og nervøse. Éin ting er at dei ikkje veit kva konsekvensane av auka priser på materal blir. Men råvaremangel og endring i tidspunkt på leveringar, kan også påverke mellomfinansieringa til kundar som skal selje ein annan bustad, påpeiker regionbanksjef Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN.

Prisnedgang kan forverre situasjonen

Vidare er det eit spørsmål om korleis bustadmarknaden utviklar seg. Etter ei svært sterk periode, ventar fleire ein nedgang.

Om det slår til, kan det forverre situasjonen for ein husbyggar som må vente med å selje sin gamle bustad.

– Dei som er i byggeprosess har gjerne ein god dialog med banken, og vi som långiver vil allitd vere interessert i å sørge for ein trygg prosess, påpeiker Stadsnes.

Mangel på leveransar kan gjere at heile prosjekt stoppar opp. Nokre manglar peis, medan andre manglar ytterdører
Elisabeth Blomvik

Heile prosjekt kan stoppe opp
Elisabeth Blomvik som leiar personmarknaden i Sparebanken Møre fortel at situasjonen for dei som bygger hus i dag er ekstra vanskeleg å kunne forseie.

– Mangel på leveransar kan gjere at heile prosjekt stoppar opp. Nokre manglar peis, medan andre manglar ytterdører. Det er slike ting vi tidlegare tok for gitt at ein kan skaffe, understrekar Blomvik.

Samtidig opplever bedriftene som bygger husa stor mangel på arbeidskraft, legg ho til.

Husbyggjarane får naturleg nok auka kostnader på straum, drivstoff og mat i tillegg til eventuelle utfordringar med byggeprosjekta sine.

– Det er vanskeleg for dei som har pågåande prosjekt og opplever at budsjettet sprekk. Ein del som er i startfasen har kanskje tøyd strikken langt, og har ikkje så mykje å gå på, fortel Blomvik i Sparebanken Møre.

Dei fleste er godt stilt
Alle bankane NETT NO snakka med opplever likevel at få kundar må be om hjelp, fordi dei ikkje klarer å handtere utgiftene sine.

– Vi ser mindre søknader om avdragsfriheit, som vi innvilga mykje av ved starten av koronapandemien, seier Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN.

Bankane opplever framleis at dei fleste kundane har fått ein meir romsleg økonomi under pandemien, og vil klare å handtere vidare renteauker framover.

– Folk flest er veldig bra stilt økonomisk og mange har til eskempel betalt ned både forbrukslån og anna kredittgjeld dei siste to åra, påpeiker Hilde Anita Furland Frostad i Ørskog Sparebank.

Publisert: 12.04.2022 04:58

Sist oppdatert: 12.04.2022 15:57

Mer om